Bilder tatt til Studiestart, Studiestart Master og SemesterStart Høsten 2010 etc.

Departementet instruerar universiteta til å gje innsyn

Innsyn. To av dei framste jussprofessorane i landet vender tommelen ned for forsøket frå universiteta på å hemmeleghalde rapportar om arbeidsmiljøet i sektoren. No instruerer Kunnskapsdepartementet universiteta til å gi innsyn.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Før jul skreiv På Høyden at Universitetet i Bergen (UiB), NTNU og fleire andre universitet ønskjer å halda resultata frå den såkalla ARK-underøsøkinga hemmelege. Dei fekk overtalt Kunnskapsdepartementet (KD), som ba Felles klagenemnd om å sjå på saka på nytt. No er to leiande jussprofessorar, Jan Fridtjof Bernt og Eivind Smith, negative til at saka skal opp til ny handsaming, skriv På Høyden.

Jan Fridthjof Bernt (til venstre) og Eivind Smith. Foto: Dag Hellesund/Stortinget

Med bakgrunn i mellom anna vurderingane til dei to jussprofessorane har Felles klagenemnd sendt eit brev til KD, der dei avviser å ta saka opp på nytt, slik departementet og universiteta ønska.

KD: Universiteta må respektera vedtaket

På Høyden har spurt departementet kva dei no vil gjere:

— KD har bedt universiteta om å følgje opp avgjerda til Felles klagenemnd og gi innsyn i dei opplysningar og dokument klagenemnda har komme til at skal vere offentlege, svarer ekspedisjonssjef Toril Johansson.

No er altså KD si rolle i saka å få universiteta til å gjera som Felles klagenemnd har vedteke.

I eit brev til NTNU og UiO skriv KD at det ikkje er grunnlag for å omgjere vedtaket til Felles klagenemnd, og at materialet uansett ikkje røper teiepliktige opplysningar, slik universiteta har hevda. KDskriv òg at universiteta må akseptere at dei andre argumenta deira ikkje har vore tunge nok, og at dei må respektere Felles klagenemnd:

«Departementet registrerer at universitetene mener at Ark ikke kan videreføres i sin nåværende form dersom det gis innsyn, og at innsyn generelt vil kunne være uheldig for det videre arbeidet med arbeidsmiljø. Klagenemnden har imidlertid vurdert disse argumentene, men ikke funnet dem tilstrekkelig tungtveiende. Rent generelt viser vi til at klagenemnden gjennom forskrift til universitets- og høyskoleloven er gitt kompetanse til å behandle klager over avslag på innsynsbegjæringer truffet av universitet og høyskoler. Departementet bør derfor som hovedregel være tilbakeholdent med å omgjøre nemndas vedtak der det ikke er ugyldig.»

Departementet avsluttar med å be universiteta om å gi innsyn slik nemnda har avgjort.

Vanskeleg å vere opne

Arbeidsmiljøundersøkinga ARK blir brukt av ein del universitet og høgskular, og skal vere eit verktøy for å gjere miljøet betre. Rapportane er generelle, og fortel til dømes kor mange tilsette som har hatt medarbeidarsamtale dei to siste åra, kor godt det sosiale klimaet er, eller i kor stor grad dei har tillit til sin næraste leiar.

Universiteta har hevda at det vanskeleggjer arbeidet deira med arbeidsmiljø om dette kjem ut, og ba i eit møte med Kunnskapsdepartementet 18. desember om at KD tok dette opp med felles klagenemnd, som departementet har delegert klagesakene til.

Etter møtet sende KD eit brev til Felles klagenemnd, der dei konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å gjere om vedtaket etter § 35 i forvaltningslova. Likevel ba dei klagenemnda om å sjå på saka på nytt.

Kan ikkje gjera om

På spørsmål frå På Høyden har jussprofessor Jan Fridthjof Bernt vurdert saka. Slik han ser det er det berre muleg å omgjere avgjerda dersom det er sendt ut varsel om at det er sendt varsel om dette seinast tre veker etter at klagenemnda fatta sitt vedtak. Det har ikkje skjedd, og avgjerda kan etter hans syn difor ikkje omgjerast.

Felles klagenemnd har bede jussprofessor Eivind Smith om å gjere ei objektiv vurdering av om nemnda har høve til å gjere som departementet ønsker, og ta opp saka til ny handsaming.

Smith er spesialist på forvaltningsrett og statsrett, og mellom anna forfattar av ei lærebok i forvaltningsrett.

Smith skriv i si vurdering at klagenemnda i utgangspunktet må respektere administrative føringar frå departementet. Men ettersom departementet berre oppmodar departementet om å gjere om avgjerda, er det altså ikkje aktuelt.

Dette er kostander ved eit ope samfunn som lovgivar har meint at vi må ta.

Jan Fridthjof Bernt

Jussprofessoren peiker òg på at innsatsen universiteta gjer for å hemmeleghalde rapportane om arbeidsmiljøet kan «fortone seg som et forsøk på omkamp etter at klagesaken strengt tatt var avsluttet. Sett utenfra kunne både det faktum at universitetene visstnok ikke har innrettet seg i samsvar med nemndas vedtak i klagesaken, og deres direkte henvendelse til departementet (med videre oppfølging overfor nemnda), endog fremtre som utidig.»

Smith poengterer òg at sjølv om departementet har mynde til å instruere klagenemnda, kan dei ikkje instruere henne til å bryte lova. Professoren slår òg fast at vedtaket om å gi ut rapportane ikkje er lovstridig, slik universiteta har hevda.

Han konkluderer difor med at Felles klagenemnd ikkje bør ta saka opp til ny vurdering, slik Kunnskapsdepartementet har bede om.

— Kostnaden ved eit ope samfunn

Jan Fridthjof Bernt har på eige initiativ òg vurdert om det er grunn til å unnta rapportane frå offentleg innsyn, basert på argumenta som Kunnskapsdepartementet bruker. Han meiner at det uansett ikkje er snakk om «personlige forhold», som det er teieplikt om. Det vil bare gjelde «forhold av privat karakter, som opplysninger om helseforhold, rusmiddelproblemer mm., og ikke opplysninger om hvordan vedkommende utfører sine oppgaver som tilsatt ved institusjonen, i alle fall ikke der det treffes avgjørelser eller utøves kontroll- eller lederansvar.»

Universiteta har òg hevda at rapportane kan gi eit galt inntrykk av arbeidsmiljøet og korleis det blir jobba med det, men jussprofessoren, som truleg er den mest brukte eksperten på offentleglova i Norge, avviser argumentet. Rett nok kan ein få utsett innsyn i saker der dokumenta som ligg føre «gir eit direkte misvisande bilete av saka». Men her er terskelen svært høg, skriv Bernt.

Bernt ser heller ikkje at universiteta kan halde dokumenta hemmelege av frykt for at offentleggjering vil gjere arbeidet med arbeidsmiljøet vesentleg vanskelegare, eller at undersøkinga må leggjast ned i si noverande form. Slike omsyn tek nemleg ikkje lova:

— Det er breie, pragmatiske vurderingar som ein ofte vil møte parallellar til på mange saksområde. Dei kan ikkje grunngi unntak frå innsyn etter lova. Dette er kostander ved eit ope samfunn som lovgivar har meint at vi må ta, skriv Bernt.

Fakta

Slik fekk På Høyden innsyn

På Høyden ba om innsyn i rapportar frå arbeidsmiljøundersøkinga ARK ved UiB sommaren 2017, men fekk avslag. Klage blei sendt i august 2017.

På Høyden har seinare bedt om innsyn i rapportar, direkte frå NTNU.

Forskerforum har parallelt bedt om innsyn i ARK-rapportar hos NTNU.

Institusjonane har nekta å gi innsyn i rapportar under institusjonsnivå, og hevda at det kan røpe personlege opplysningar dersom det er under kring 300 respondentar som har svart.

Både Forskerforum og På Høyden fekk medhald i klagene sine hos Felles klagenemnd, som mellom anna argumenterer med at dersom ein slik rapport allereie er presentert på arbeidsplassen må han vere tilstrekkeleg anonymisert til at personlege opplysningar ikkje kjem fram.

UiO har brukt advokatfirmaet Kluge til å lage ei juridisk vurdering av saka, som argumenterer for hemmeleghald.

På Høyden har så langt ikkje fått innsyn i mandatet til Kluge.

NTNU og dei andre universiteta klagde på avgjerda til Felles klagenemnd, men fekk ikkje medhald.

Universiteta tok deretter kontakt med Kunnskapsdepartementet, og ba om at departementet skulle gripe inn.

Departementet deretter Felles klagenemnd om å vurdere saka på nytt, men dette blei avslått.

Deretter sende KD ut instruks til universiteta om at dei må utlevere dokumenta.

Kilde: På Høyden

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS