Akademisk fridom
Oxford fryktar for studentane — vil beskytte mot kinesisk tryggleikslov
Studentar blir bedne om å levere oppgåver anonymt. Universitetet i Oxford fryktar rettsforfølgjing under Kinas nye tryggleikslov for Hongkong.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er den britiske avisa The Guardian som melder dette.
Kravet om å anonymisere studentarbeid knytt til kinesiske forhold fører mellom anna til at gruppeundervisning heretter skal føregå ein til ein. Studentar som gjer opptak i forelesingar og deler dei med utanforståande risikerer disiplinærstraff.
Tryggleikslova som vart innført i Hongkong frå 1. juli opnar for at kinesiske styresmakter kan rettsforfølgje menneske utanfor Kina og Hongkongs grenser.
Den omstridde lova blir av kritikarane rekna som ein trussel mot ytringsfridom og akademisk fridom. Studentar var mellom dei første som vart arresterte under den nye lova. Sidan har fleire demokratiforkjemparar og mediefolk blitt arrestert med heimel i den ny lova.
Universitet i Oxford er særleg uroa for studentar med familie i eller med anna tilknyting til Hongkong eller Kina. Høgare utdanningsinstitusjonar i Storbritannia har meir 120.000 kinesiske studentar.
Fleire universitet skal ifølgje The Guardian møte kinesiske akademikarar denne månaden for å diskutere korleis dei skal forholde seg til tryggleikslova.
I USA har frå før Princeton-universitetet innført liknande tiltak som i Oxford for å beskytte studentane sine. I forelesingar som dreier seg om kinesisk politikk skal studentane bruke kodar i staden for namn på arbeida sine.
Førsteamanuensis i kinesisk politikk i Oxford, Patricia Thornton, seier til The Guardian at ho fryktar for sjølvsensur.
— Korleis kan vi beskytte den akademiske fridomen når Kina hevdar rett til å intervenere overalt? Eg har bestemt meg for å ikkje endre innhaldet i undervisninga mi. Men til liks med kollegane mine I USA er eg merksam på plikta eg har til å ta vare på studentane mine, mange av dei britiske statsborgarar. Mine studentar vil levere og presentere sine arbeid anonymt for gi de litt ekstra beskyttelse, seier ho til avisa.
Nylige artikler
La kameraene stå
Senterparti-topp vil ha 5000 færre studieplasser i Oslo
Må ta pauser fordi studentenes besvarelser er fylt med mørke: — Vondt
Den nye generasjonen kaster blikket innover. Det er der smerten og redselen sitter
Kjent skoleforsker beskyldt for plagiat. Svarer med søksmål
Mest leste artikler
Fugler, stjerner og anatomi. Dette er fagene studentene tror er ren plankekjøring
Etter tre års studier sliter studentene fortsatt med å lese. — Det er kjedelig
Åtte av åtte dekaner er kvinner. Rektor mener det er naturlig med debatt
Professor foreslår maks én artikkel per forsker i året
Ikke forberedt på studier