Departementet bør ikkje godkjenne OsloMet

Universitetsnamn. Den nye institusjonen bør få eit namn som viser den faglege innretninga ved det fyrste norske universitetet i sitt slag, skriv tidlegare direktør for NOVA, Magnus Rindal, om universitetsnamnet til HiOA.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Som tidlegare direktør for NOVA har eg interessert meg for kva namn HiOA ville velje når høgskolen blir universitet. Eg ser no at styret i møte 15.12.17 med knappast mogleg fleirtal har vedteke følgjande namn: OsloMet – Storbyuniversitetet på nynorsk og bokmål, OsloMet - Oslo Metropolitan University på engelsk.

Norske universitet har namn som anten viser til den geografiske plasseringa (Universitetet i Oslo osb.) eller til den faglege profilen (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet osb.). Det norske namnet styret ved HiOA har vedteke, ser ut til å høyre heime i den fyrste kategorien. Men som kjent har Oslo eit universitet frå før, og dersom det er noko som kan kallast storbyuniversitet, er det UiO. Dessutan har rektor ved UiO bede om at det nye universitetet ikkje har Oslo i namnet.

Universitetet for profesjons- og velferdsvitskap er eit brukande alternativ.

Magnus Rindal

Eg har høyrt rektor ved HiOA argumentere for at Metropolitan University viser kva fagleg innretning det nye universitetet har. Men eg trur ikkje at det er mange som utan vidare vil forstå denne sida ved namnet. Det er det norske namnet som skal signalisere særpreget ved institusjonen, og det vil vere OsloMet - Storbyuniversitetet. OsloMet er ei svært dårleg forkorting for eit norsk universitetsnamn, og storbyuniversitet seier ingenting om fagleg innretning. Også Språkrådet har sterke innvendingar mot dette namnet.

Etter mitt syn er det alt i alt så sterke innvendingar mot HiOAs framlegg til universitetsnamn at departementet ikkje bør godkjenne det.

Når HiOA no blir universitet, er det ei viktig hending i det norske akademiske livet. Det vil vere det fyrste norske universitetet som ikkje har utgangspunkt i dei akademiske tradisjonane frå dei gamle universiteta. Dei nye universiteta i Stavanger, Agder og Nordland hadde alle ei historie sterkt knytt til dei gamle distriktshøgskolane, som var påverka av universitetstradisjonane. HiOA har ingen gammal distriktshøgskole inne i seg, men er utvikla frå sentrale profesjonsutdanningar. Og den fyrste doktorgraden ved høgskolen var i profesjonsstudiar. HiOA har også ein sterk posisjon på feltet velferdsforsking.

Den nye institusjonen bør få eit namn som viser den faglege innretninga ved det fyrste norske universitetet i sitt slag. Noregs profesjons- og velferdsvitskaplege universitet (NPVU) ville vere eit slikt namn, strukturelt parallelt til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). No ser eg at departementet helst ikkje vil ha Noreg eller norsk i eit universitetsnamn, men vi har fleire eksempel på slike namn. Dersom departementet likevel seier nei til Noregs, er Universitetet for profesjons- og velferdsvitskap eit brukande alternativ.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS