Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet møter motstand mot forslag til administrativ organisering på høgskulen. Saka skal opp i styret i torsdag 8.mars. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet møter motstand mot forslag til administrativ organisering på høgskulen. Saka skal opp i styret i torsdag 8.mars. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Sterk uro rundt organisering på Vestlandet

Organisering. Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet møter motstand frå alle kantar i sitt forslag til ny administrativ organisering på den fusjonerte høgskulen. Saka skal opp i styret torsdag.

Publisert   Sist oppdatert
Fakta

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1.januar 2017 etter at høgskolene i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen ble slått sammen og har 16.000 studenter.

Navn på engelsk: Western Norway University of Applied Sciences (HVL)

Ansatt rektor er Berit Rokne.

Høgskolen har fem ulike studiesteder:

  • Bergen
  • Førde
  • Haugesund
  • Sogndal
  • Stord

Skolen har som mål om å bli universitet innen 2023.

Høgskulen på Vestlandet har nynorsk som arbeidsspråk.

Kilde: hvl.no

Det har kome mange høyringssvar og nesten like mange meiningar på forslag til administrativ organisering på Høgskulen på Vestlandet. Styremøte finn stad både onsdag kveld og torsdag. I sakspapira er det brukt nesten 300 sider på saka. 268 sider med høyringssvar og 29 sider med saksframlegg.

Rektor Berit Rokne sitt forslag til organisering følgjer prinsippa i den faglege organiseringa ved høgskulen, men kritikarane frykter at konsekvensane er sentralisering og ein topptung fellesadministrasjon. Nokon er også kritiske til sjølve prosessen.

Organisasjonane kritiske

Dei tilsette sine organisasjonar meiner dei ikkje er blitt høyrde nok i saka, og skal ha sendt eit brev om saka.

Hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved høgskulen, Gjert Anders Askevold, stadfester overfor Khrono at fagforeiningane samla har sendt brev til styret.

— Vi meiner at saka i styret er for einsidig lagt fram og at våre innspel ikkje er blitt høyrde, seier han til Khrono.

Han meiner også at det ikkje har vore reelle forhandlingar med dei tilsette om saka og at saka om administrativ organisering er dårleg opplyst.

Gjert Anders Askevold, hovudtillitsvald, Forskarforbundet, HVL
Gjert Anders Askevold, hovudtillitsvald, Forskarforbundet, HVL

— Forslaget som blir lagt fram for styret vil gi eit spisst hierarki, vi ville hatt ein breiare og meir demokratisk modell, seier Askevold, og legg til:

— Fyndordet til Høgskulen på Vestlandet er «tett på», men her er vi redde for at dei blir for langt unna, seier Askevold.

Khrono har snakka med fleire tilsette, som ikkje ønskjer å uttale seg, og fleire av dei er redde for ei topptung leiing med hovudsete i Bergen, og for lite administrativ kraft både på fakultet og dei ulike studiestadene.

Andre forstår kva som er tanken bak organiseringa, at den skal følgje fag og ikkje geografi, og at det kan hende er ein god modell når ein skal bygge ein heilt ny høgskule som på sikt skal bli universitet. Men ein konsekvens av dette kan bli at det blir lite administrative ressursar på dei ulike studiestadene, eller nærregionar, som dei kallar det på HVL.

Leiinga i utakt

Rådgivar Arnstein Menes, skriv i eit innlegg i Khrono at «for eit styre, som heilt tydeleg har hatt både styringsvilje og styringsevne, må det vere eit paradoks at leiinga ved høgskulen på fleire område går i utakt med organisasjonen elles. Ved fleire høve har styret ved HVL påpeikt svakheiter ved saksutgreiingane som har vore framlagt i tidlegare saker.( ...) Kjenner eg høgskulestyret rett vil dei ikkje vere nøgde med det dei har fått framlagt».

Les også: Høgskulen på Vestlandet i utakt

Høgskulen på Vestlandet hadde seminar onsdag, og starta styremøtet onsdag kveld. Det har ikkje lukkast Khrono i å få ein kommentar til saka frå rektor Berit Rokne.

Direktestraumen fins her.

Krevjande prosess

I eit intervju i Khrono ved nyttår sa ho at arbeidet med den administrative organiseringa har tatt lenger tid enn planlagt.

Fyndordet til Høgskulen på Vestlandet er «tett på», men her er vi redde for at dei blir for langt unna.
Gjert Anders Askevold
Hovudtillitsvald Forskarforb. HVL

— Men den kjem på plass våren 2018. Det vil bli ein krevjande prosess, sa ho den gongen og står no midt oppi det.

— I første omgang handler det om å rigge dei folka vi har, og finne ut kva som skal være fellesadministrasjon og kva som skal ligge på fakultet og eventuelt institutt.

— Eg tenker heile tida at vi skal gjere ting på ein smart måte. Kan hende blir oppgaver både digitalisert og robotisert bort etterkvart, sa ho den gongen.

I fusjonsplattformen står det klart at ingen skal miste jobben og ingen skal måtte flytte som følge av fusjonen.

— Så får vi sjå på sikt om det krever færre folk eller om vi tilsett fleire, sa Rokne til spørsmål om det låg ein effektiviseringsplan bak adminsitrativ organisering.

Effektivisering og avbyråkratisering

Ifølge saksdokumenta skal organiseringa «bidra til tydelege styringslinjer, avklare roller og prosesseigarskap, og samsvar mellom ansvar og mynde. Løysingane skal bidra til effektivisering og avbyråkratisering av verksemda, i tråd med gjeldande krav frå styresmaktene. I prosjektet skal ein søkje å kome fram til ei optimal disponering av høgskulen sine administrative ressursar, og skildre naudsynte satsingsområde med tanke på høgskulen sin universitetsambisjon.»

Personalleiing skal følgje fusjonsprinsipp om ikkje meir enn 20-30 tilsette per leiar. Som regel skal ein spare ressursar, eller ikkje bruke meir ressursar til leiing enn samanslåtte eining gjorde før fusjonen, heiter det.

«Leiarstillingar i den formelle leiarstrukturen skal som hovudregel ikkje knytast opp mot campus i stillingsutlysningar. Samstundes skal ein ta omsyn til nærregionane og/eller campus sitt behov for leiing på ulike nivå. Administrasjonsfaglege koordineringsfunksjonar vert oppretta etter behov».