Høgskulen på Vestlandet i utakt

Publisert - Sist oppdatert
Opning av Høgskulen på Vestlandet (HVL) 10. januar 2017, campus Sogndal. Høgskulebygget ligg på campus Fosshaugane, sentralt i Sogndal. Foto: HVL

Opning av Høgskulen på Vestlandet (HVL) 10. januar 2017, campus Sogndal. Høgskulebygget ligg på campus Fosshaugane, sentralt i Sogndal. Foto: HVL

HVL. For eit styre, som heilt tydeleg har hatt både styringsvilje og styringsevne, må det vere eit paradoks at leiinga ved høgskulen på fleire område går i utakt med organisasjonen elles, skriv rådgjevar Arnstein Menes.

Administrativ organisering ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert bestemt i styremøte 8. mars. God og tydeleg leiing, effektiv administrasjon og digitale løysingar er dei nasjonale føringane.

Kjenner eg høgskulestyret rett vil dei ikkje vere nøgde med det dei har fått framlagt.
Arnstein Menes
Rådgjevar, HVL

Fusjonsplattforma til HVL fortel oss at administrative funksjonar skal tilpassast aktivitet og kompetansebehov i nærregionane og på den einskilde studiestad. Tilsette skal ha nærleik til fagleg leiing og personalleiing. Korleis løyser vi denne kombinasjonen av fjern og nær leiing i den nye høgskulen?

For eit styre, som heilt tydeleg har hatt både styringsvilje og styringsevne, må det vere eit paradoks at leiinga ved høgskulen på fleire område går i utakt med organisasjonen elles.

Ved fleire høve har styret ved HVL påpeikt svakheiter ved saksutgreiingane som har vore framlagt i tidlegare saker. Ei saksutgreiing skal vurdere fordeler og ulemper ved ulike modellar, og ei einsidig framstilling som berre omtalar eit alternativ er etter mi meining eit dårleg grunnlag for å ta avgjersler.

Eg registrerer med undring at denne feilen ser ut til å vere gjort nok ein gong. Kjenner eg høgskulestyret rett vil dei ikkje vere nøgde med det dei har fått framlagt. Lukke til alle saman.​