Pandemikommunikasjon

Openheit om usikkerheit i pandemien er ein suksess, hevdar professorar: — Folk har verkeleg sett verdien av forskarar

Norske styresmakter har vore opne om usikkerheita i kunnskap og tiltak gjennom pandemien. Det har vore ein sukessfaktor, viser forsking. Det er immunolog Anne Spurkland samd i.

Professor og immunolog Anne Spurkland meiner folk sin aksept og forståing for forsking under pandemien har auka.
Publisert

Ein vitskapeleg tilsett har ofte tre ansvar: vedkommande skal forske, undervise og formidle kunnskap.

Sistnemnde er det nokre få som har fått drilla seg i gjennom koronapandemien.

Korleis er det og har det vore for fagfolk å kommunisere forskingsfunn fortløpande, utan fagfellevurdering og med stor usikkerheit, til ei befolkning som i stort heller ikkje er trente til å ta i mot informasjon på den måten andre forskarar gjer?

— Folk har verkeleg sett verdien av forskarar

Khrono har snakka med immunolog og professor Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo, som har frekventert i spalter, på TV og radio gjennom pandemien.

— Eg synest det har vore morosamt eg. Folk sin aksept eller forståing for forsking har auka, folk har verkeleg sett verdien av forskarar. Etterkvart har folk starta å beherske dette teamet som gjer at dei har vore i stand til å diskutere og forstå kva som skjer, seier Spurkland. Ho legg til:

— Eg trur at fordi vi har kommunisert så opent så føler også folk at dei har fått meir kontroll på situasjonen. At dei har forstått ting betre.

Journalistane er mykje meir informerte no enn dei var i starten, slår Spurkland fast. Det merkar ho på førespurnadane ho får.

Som å vere i eit langvarig prosjektmøte

For kva er alternativet til å kommunisere med opne kort, spør Spurkland. Ho fortel at verken styresmakter eller forskarar ante kva som råka Noreg i starten av 2020.

— Vi hadde litt forsking frå SARS-pandemien i 2003, men det var lite som hadde skjedd på 17 år. Det var nokre erfaringar om koronavirus i dyrebestandar, men vi hadde ikkje grunnlag for å vere sikre, seier Spurkland.

Ho fortel at det har vore og er som å leve midt i eit stort forskingsprosjekt.

— Det er som eit langvarig prosjektmøte kor deltakarane diskuterer nye tolkingar og oppfatningar. Mi og andre fagpersonar si rolle i dette har vore å sjå på det same som Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet, men med eit anna blikk. Eg har kobla det eg har plukka opp andre stader, det eg har høyrt og lese frå FHI og styresmaktene, og kome med mitt perspektiv, seier Spurkland. Ho legg til:

— I starten av pandemien vart eg invitert til å skrive nokre tekster om covid-19 i eit nettmagasin. I tillegg har eg skrive nokre innlegg på eigen blogg. I den grad eg har vore bidragsytar elles, har det vore fordi media har søkt svar. Eg har vore passiv, men har svart på spørsmål frå media etter beste evne.

Står på skuldrane til det immunologiske fagmiljøet

Professor Spurkland har den siste tida vore ute og sagt at den ferskaste mutanten av koronaviruset, omikron, tenderer mot å gi oss forkjøling, og at sjølv om den truleg vil gi oss store utfordringar i vinter, kan nettopp denne varianten også vere vår veg ut av pandemien.

— Eg kjente jo sjølv at eg pusta letta ut etter at eg las dette. Kva tenker du om at folk lener seg på dine faglege utsegner og korleis er det å bere det ansvaret?

— Eg har ikkje tatt det så veldig innover meg, for eg er jo ikkje aleine. Eg operer ikkje i eit vakum. Eg er på eit vis eit talerøyr for eit kollegium og står på skuldrane til heile det immunologiske fagmiljøet. Ofte testar eg idear og diskuterer med kollegaer før eg skal svare i media. Eg har ikkje fått noko særleg kritikk, dei fleste synest at eg klarer meg bra, seier Spurkland.

Spurkland fortel at ho lenge har ønskt å vere ein forskar som formidlar til folket, og det er noko ho har jobba med i 10 år. Undervisning av studentar, bloggskriving og intervju i media i forkant av pandemien, har gitt mengdetrening som har gitt stor uttelling, fortel Spurkland.

I år vann ho både formidlingsprisen til Universitetet i Oslo og Forskingsrådet.

Men kanskje den viktigaste årsaka til at Spurkland kjenner seg trygg i formidlinga gjennom koronapandemien, er at ho i 2017 skreiv ei bok om immunforsvaret.

— Eg kjenner fagfeltet mitt svært godt, det hjelper altså, rett og slett. Eg klarer ikkje førestille meg korleis eg skulle klare å vere så tilstades i media om eg ikkje hadde skrive den boka. Eg hadde nok ikkje følt meg like botnsolid utan. Men så opplever eg heller ikkje at eg er kontroversiell i noko av det eg har uttalt meg om, seier Spurkland.

Meiner strategien har skapt meir tillit

I november var Anne Spurkland med i eit panel under årets Forskningskommunikasjonsdagar, saman med assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, kommunikasjonsdirektør i FHI Christina Rolfheim-Bye, og medieprofessor Øyvind Ihlen.

Der vart det mellom anna diskutert at til skilnad frå andre helsekriser, mellom anna svineinfluensaen som råka landet i 2009, så har ein denne gongen bevisst hatt ein kommunikasjonsstrategi kor ein har vore opne om usikkerheita.

— For meg som forskar er det jo ein ryggmargsrefleks, men også Folkehelseinstituttet og helsestyresmaktene har også kommunisert usikkerheita og ein har måtte handla på sviktande grunnlag, seier Spurkland og legg til:

— Så forunderleg det enn kan høyrast ut, så har denne kommunikasjonen sannsynlegvis ført til meir tillit og ikkje mindre tillit. Det er vurderinga og det trur vi alle har vore ein vellykka strategi.

Til samanlikning har til dømes Spania kommunisert til befolkninga gjennom pressemeldingar, der styresmaktene har kome med tiltak, utan å fortelje kva slags fagleg grunnlag dei kviler på, ifølge Spurkland.

— Suksessfaktor

Medieprofessor Ihlen leier eit forskingsprosjekt akkurat no om pandemikommunikasjonen. Dei førebelse forskingsfunna kan stadfeste det Spurkland seier: kommunikasjonsstrategien har vore vellykka.

— Openheit om usikkerheit er ein suksessfaktor. Men det kviler på at vi i Noreg har eit godt utgangspunkt: vi er eit høgtillitssamfunn og har hatt låge dødstal samanlikna med andre land. At vi har eit anna utgangspunkt enn andre er styresmaktene smerteleg klar over. Det er ikkje sikkert denne strategien hadde slått like godt ut i til dømes Romania, seier Ihlen.

Spørsmålet er heile vegen kor mykje usikkerheit folk taklar, fortel Ihlen.

— Ein del av befolkninga dreg i retning av at usikkerheita blir for overveldande, og har meir behov for klare svar og å få beskjed om kva dei skal gjere. Ein større del taklar usikkerheita godt og tenker snarare tvert om. At det hadde vore rart om forskarar og helsestyresmaktene skulle vere skråsikre i si sak. Den usikkerheita ein viser fram bygger tillit for denne delen av befolkninga, seier Ihlen.

Professor Øyvind Ihlen leier eit forskingsprosjekt som ser på pandemikommunikasjonen både i Noreg, Sverige og Danmark.

Svineinfluensaen har spelt ei rolle

Handteringa av svineinfluensaen i 2009 har hatt noko å seie for korleis styresmaktene har handtert koronapandemien, ifølge både Spurkland og Ihlen.

Den gongen kommuniserte ein ikkje på same måte usikkerheita, ein tok i større grad diskusjonane på bakrommet og presenterte konklusjonen, utan å fortelje korleis ein kom dit, fortel Spurkland.

— Den gongen vaksinerte ein ein haug menneske som følgje av kriseforståinga. Så har det i seinare tid vist seg at vaksina vart eit større problem enn pandemien, då den gav ei rekke nye tilfelle av narkolepsi. Det har definitivt vore ei utfordring og eit læringspunkt, seier Spurkland.

Dette viser også forskinga til medieprofessor Ihlen.

— Arbeidet med svineinfluensaen har påverka kommunikasjonsstrategien no, det har vi i vårt intervjumateriale. Dette bakteppet har gjort at ein har vore spesielt forsiktig med vaksinekommunikasjonen og at ein har vore opptatt av å understreke at det er usikkerheit, seier Ihlen.

Inne i ny kommunikasjonstest

Usikkerheitsstrategien har altså vist seg å bygge tillit i befolkninga. Det syner også Helsedirektoratet sine tillitsmålingar som dei får gjennomført kvar veke.

— Først såg ein eit dropp i februar 2020. Antageligvis fordi folk meinte styresmaktene var bakpå og at det ikkje skjedde noko. Då fall tilliten. Så gjorde det eit byks når Noreg stengte ned i mars, seier Ihlen og legg til:

— Så har tala vore forbausande stabile og høge fram til no nyleg. No ser ein ein signifikant nedgang i delen som meiner styresmaktene gjer ein god jobb. Det skuldast nok mange ting, som trøttheit og at dei opplever at styresmaktene har reagert for treigt.

Ihlen forklarer det heile med ein teori frå statsvitskapen: «rally around the flag»-teorien.

— I store kriser så sluttar ein opp om styresmaktene, det same gjeld media og opposisjonen. Ein vel å ikkje politisere saka. Men etterkvart sprekk den konsensusen og borgfreden, så blir opposisjonen og befolkninga meir kritiske, seier Ihlen.

— Er vi der no?

— Ja. Styresmaktene er no inne i ein ny kommunikasjonstest. Er det no slik at dei tiltaka som er innførte gjer at ein vil sjå eit byks i tillitsmålingane, eller er ein drit lei av det heile og synest styresmaktene er for treige og ikkje har dei rette instrumenta? Det blir svært spennande å sjå no framover, seier Ihlen.

Viktig med ein handlingskomponent

Ein ting er at usikkerheitsstrategien har bidrege til å skape tillit til styresmaktene og tiltaka dei innfører, ein anna er jo om strategien har bidrege til å skape frykt blant befolkninga.

I eit intervju med Dagsavisen i førre veke, meinte OsloMet-professor Kjell Sverre Pettersen at den stadige flaumen av endra og usikker informasjon frå helsestyresmaktene bidrog til å skape ein heil del angst.

Medieprofessor Ihlen seier at akkurat dette ikkje har vore ein sentral del av hans forskingsprosjekt. Likevel svarer han dette på spørsmålet om strategien kan ha bidrege til meir frykt:

— Redsle kan vere ein bra og ein dårleg ting. Det kan føre til at ein handlar og gjer det som må til for å beskytte seg. Det kan også føre til lamming. I alle lærebøker om korleis ein skal kommunisere i kriser, blir det lagt vekt på ein handlingskomponent. Altså kva kvar enkelt kan gjere. Om ein ikkje får til den koblinga så vil ein slite med kommunikasjonen og tilliten, seier Ihlen.

Trur det er siste gong ein stenger folk inne

Om vi skal lene oss på immunolog og professor Anne Spurkland igjen, så har vi kanskje ikkje grunn til å vere redde.

— Som immunolog trur eg at dette kan vere den siste gongen i denne pandemien vi stenger folk inne for å hindre viruset i å spreie seg. Ja, vi trur det framleis på sviktande grunnlag, men grunngjevinga har rot i immunologien. Immunforsvaret hos dei aller fleste starter å forstå på viruset no og resten kan handterast av helsevesenet på ein normal måte. Det er mi oppfatning, seier Spurkland.

Powered by Labrador CMS