universitetet i bergen

Ønskjer seg teatersjef og eks-politikarar inn i styret

Teatersjef Solrunn Toft Iversen, tidlegare statsråd Monica Mæland og avtroppande stortingsrepresentant Audun Lysbakken er blant personane Universitetet i Bergen ønskjer seg inn i universitetsstyret frå hausten 2025.

Desse fire kan koma til å verta nye medlemmar av universitetsstyret ved UiB: Monica Mæland (øvst t.v.), Solrun Toft Iversen, Audun Lysbakken og Åse Wetås.
Publisert Sist oppdatert

Universitet og høgskular skulle innan 1. februar melda inn til Kunnskapsdepartementet kven dei ønskjer seg som eksterne medlemmer i styra sine.

Universitetet i Bergen (UiB) og UiT Noregs arktiske universitet fekk utsett frist, og no har UiB som siste institusjon sendt inn sine ønskje.

På lista står det tretten namn. Det er plass til fire eksterne styremedlemmer. I tillegg skal det veljast to varamedlemmer.

To faste, to vara

Fire av namna er kjende i styresamanheng.

Herlof Nilssen har sete i styret frå 2021. Han er mangeårig administrerande direktør i Helse Vest.

Shirin Öberg er professor ved Uppsala Universitet i Sverige. Også ho har sete som ekstern representant i UiB-styret sidan 2021.

Kamilla Sharma er i dag vara til styret. Ho er avdelingsdirektør for marknad og tenester i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Nkom.

Vincent Mrimba er kulturdirektør i Bergen kommune. Han har vore vara til styret dei siste fira åra, og er òg ønska som styremedlem for dei fire neste.

Herlof Nilssen og Sharin Öberg sit begge i styret i dag, og UiB ønskjer dei med ein periode til.

Forslagssjef og mediesjef

Dei ni andre sit ikkje i styret per i dag.

Solrunn Toft Iversen er teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen.

Frå kulturlivet kjem òg Kari Marstein, som er forlagssjef for norsk skjønnlitteratur i Gyldendal Norsk Forlag.

UiB ønskjer seg òg ein representant frå media. Helge O. Svela er mangeårig journalist i Bergens Tidende, no dagleg leiar i Medieklynga.

Næringsrådet — igjen

På lista står òg to som ein nok kjenner best som politikarar. Audun Lysbakken har sagt at han ikkje tek gjenval til Stortinget for SV. Monica Mæland har vore både byrådsleiar for Høgre i Bergen og, som Lysbakken, statsråd. No leiar ho Bergen næringsråd.

Den tidlegare leiaren i næringsrådet, Marit Warncke, har sete snart fire år i UiB sitt styre. Ho er no ordførar for Høgre i byen, og står ikkje på lista som er sendt til departementet. Det gjer heller ikkje Morten E. Iversen.

Ein annan tidlegare byrådsleiar i Bergen, Harald Schjeldrup, står òg på ønskelista. Etter at han gjekk ut av politikken har han mellom anna vore styreleiar i Sportsklubben Brann, og han er no administrerande direktør i bustadbyggelaget BOB.

Marit Warncke før ho vart ordførar. Ho kom inn i UiB-styret hausten 2021, og er ikkje føreslegen for ein ny periode.

Val i mai

UiB-styret ønskjer seg også Elisabeth Drægebø, styreleiar i Maritime Bergen, språkrådsdirektør Åse Wetås og Georg von Krogh, som er professor ved ETH Zürich.

Styret er sett saman av fire eksterne representantar, to interne frå gruppa vitskapeleg tilsette, ein frå gruppa vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, to studentar og ein representant frå dei teknisk og administrativt tilsette ved UiB. Rektor er styreleiar.

Ny rektor vert vald i perioden 24. — 27. mars. Deretter vert dei andre interne styremedlemmene valde den første veka i mai. Studentane skal velja sine representantar mellom 31. mars og 9. april.

Når dei eksterne medlemmene kjem på plass, er opp til Kunnskapsdepartementet å avgjera. For fire år sidan var reaksjonane sterke då det vart juni og semesterslutt og det framleis ikkje var avklart kven som skulle møta i styret frå august.

Powered by Labrador CMS