sommerselfie med nye rektorer

Ønskjer meinings­utvekslingar velkommen dei neste åra

— Det blir heilt sikkert intenst og krevjande, eg har djup respekt for ansvaret eg tar over og alt eg har å lære, seier påtroppande rektor ved NMH Astrid Kvalbein.

Astrid Kvalbein har tilbragt store deler av sin ferie på Sunnmøre.
Astrid Kvalbein har tilbragt store deler av sin ferie på Sunnmøre.
Publisert Oppdatert

11 statlige universitet og høgskular har fått ny rektor i løpet av 2021. Astrid Kvalbein er ein av dei. Ho startar i stillinga som vald rektor ved Noregs musikkhøgskole 1. august.

— Kva gjer du i sommar?

Ferierer med familien – fleire generasjonar vaksne og barn, søsken, søskenbarn og tremenningar – mest på familiehytta på Sunnmøre. Eg må alltid hit. Prøver å lese, strikke og lade opp mellom diverse aktivitetar. Glad for tur og utandørs liv når vêret er i godt lune.

Fakta

Astrid Kvalbein, rektor ved NMH fra 1. august

Astrid Kvalbein, rektor ved NMH fra 1. august

Alder: 49

Kor er du frå: Sofiemyr i Nordre Follo

Kva for utdanning har du, og frå kor?:

Hovudfag musikkpedagogikk og ph.d. i oppføringspraksis frå NMH, grunnfag nordisk og kristendom.

Leiarerfaring frå tidligare:

Prosjektleiar NMHs historieprosjekt (2017-2023), fram mot 50-årsjubileet i 2023

— Ditt beste barndomsminne?

— Å vere på den same hytta med storfamilien – med leik, badeliv og turar i fjell og til fjords.

Fakta

Nye rektorer, eller rektorer i nye åremål, i løpet av 2021

  • Margareth Hagen, Universitetet i Bergen, rykket opp som rektor 7. januar, ble valgt 25. mars, offisielt i gang med nytt rektorat fra 1. august.
  • Astrid Kvalbein, Norges musikkhøgskole, fra 1. august
  • Dag Rune Olsen, UiT Norges arktiske universitet, fra 1. august
  • Gunnar Yttri, Høgskulen på Vestlandet, fra 1. januar
  • Peer-Jacob Svenkerud, Høgskolen i Innlandet, fra 1. mai
  • Lars Tore Ronglan, Norges idrettshøgskole, fra 1. august
  • Svein Stølen, Universitetet i Oslo, fra 1. august
  • Øystein Thøgersen, Norges handelshøgskole, fra 1. august
  • Curt Rice, NMBU, fra 1. august
  • Nina Waaler, fungerende OsloMet, fra 1. august
  • Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, Høgskolen i Østfold, fra valgt til ansatt, fra 1. august

— Om du skal anbefale ei bok, kva for ei blir det?

— I sommar les eg ei lang, vondvakker, lang bok av Richard Powers, The Time of Our Singing. Den er til å bli klokare av, på 1900-talshistorie sett frå perspektivet til svarte og farga i USA. For meg er boka særleg spennande fordi hovudpersonane driv med klassisk musikk (og litt jazz). Sidene er faktisk fulle av song og musikalske referansar som kling med medan eg les, midt i alt det smertefulle som òg skjer. Elles har eg brukt delar av ferien på å ferdigstille manuset til ei bok om komponisten, kritikaren og grunnleggjaren av foreininga Ny Musikk, Pauline Hall (1890-1969), som eg tok doktorgrad på.

— Kva er den viktigaste utfordringa for universitet og høgskolar i dag?

— I første runde: å kome godt i gjenge igjen på tampen av og etter koronapandemien. Eg håpar vi både kan glede oss over færre restriksjonar og ta med den lærdomen dei siste månadene også har gitt. På litt lenger sikt og alltid, trur eg, skal vi streve med å leve godt i spennet mellom å forvalte historiske verdiar og tradisjonar og meir kortsiktige krav til nytte, aktualitet og arbeidslivsrelevans. Det siste er ikkje minst tydeleg for musikkutdanningane: vi utviklar kunnskapar – og kunstuttrykk – som vi ikkje nødvendigvis kan definere målet med eller nytteverdien av i det dei blir til. Vi må rette oss mot framtida, men i mange tilfelle kan berre tida vise kva som er berekraftig. Vi veit nok om visse typar berekraft, til at vi sjølvsagt må greie å stille om til grønare drift, og jobbe systematisk med å rekruttere og utvikle institusjonane våre i retning større mangfald.

— Kva er det viktigaste ditt universitet eller din høgskole kjem til å oppnå under leiarskapen din dei næraste fire åra?

— Vi gjekk til val på slagordet «betre saman» og ein ambisjon er at dei tilsette på NMH skal seie at vi har utvikla ein sterkare kultur for å dele, diskutere og samhandle, som studentane òg vil merkje og ha glede av. Med mykje ein-til-einundervisning og markante kunstnarprofilar i staben har vi, og skal vi ha, stort rom for individualitet. Men vi ønskjer oss eit endå sterkare felles eigarskap til verdiane vi står for og visjonane for vegen vidare. Det kan innebere heftige meiningsutvekslingar, men det får vi tole.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Samtidig ønskjer vi å ta vare på og styrkje det rike og viktige arbeidet avtroppande rektorat har gjort, ikkje minst innan internasjonal utveksling og samarbeid.

— Kva er forventningane dine til det å vere rektor?

— Det blir heilt sikkert intenst og krevjande, eg har djup respekt for ansvaret eg tar over og alt eg har å lære. Men eg gler meg! Eg har eit fantastisk rektorlag og menneskelege, administrative og faglege ressursar på alle kantar. Og så får eg jo lov til å jobbe med og for musikk – i utdanning og kulturliv, helse- og kunstnarisk arbeid på høgste nivå. Det er og blir eit privilegium.

Powered by Labrador CMS