universitetet i bergen

Ønskjer eksterne styreleiarar som varig ordning

Prøverperioden med ekstern styreleiar på fakulteta er over. No ønskjer Universitetet i Bergen å gjera det til ei varig ordning. Sjå styremøtet direkte her.

Jannicke Hiland er ekstern styreleiar i fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Her saman med dekan Helge Dahle. No skal UiB-styret bestemma om ekstern styreleiar skal verta ei varig ordning.
Jannicke Hiland er ekstern styreleiar i fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Her saman med dekan Helge Dahle. No skal UiB-styret bestemma om ekstern styreleiar skal verta ei varig ordning.
Publisert

Våren 2017 fekk Det matematisk-naturvitskapelege og Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen innvilga ei ordning med å ha ekstern styreleiar i fakultetsstyra. Begge fakulteta har tilsett dekan.

Prøveordninga skulle evaluerast før neste valperiode. Det er no gjort, og i universitetsstyremøtet i dag vert styret bedne om å innføra eksterne styreleiarar som ei permanent ordning.

Styremøtet er digitalt, startar klokka 10, og du kan sjå det direkte her.

Ny sak i februar

I saksframstillinga heiter det at dersom styret vil ha eksterne styreleiarar, vil styret få ei ny sak i februar med naudsynte regelendringar og eit mandat for ekstern styreleiar. Det siste har fakultetsstyra, som har handsama saka, bede om.

Fakultet for kunst, musikk og design har òg tilsett dekan, og har nyleg vedteke at dei ønskjer ei ordning med ekstern styreleiar.

Mange kvinner

Av andre saker på dagsorden er orientering om pandemien, der det mellom anna handlar om tiltak for forsking. Styret er òg bedne om å vedta at det er greitt at det sit to kvinner som represtantar for dei vitskapeleg tilsette i fast stilling, fordi Petter Bjørstad fyller 70 i desember. Han var vara for Alf Erling Risa, som allereie har gått av med pensjon. Den tredje mannlege kandidaten, Per Einar Binder, har fått fritak.

Dette er sakslista:

S 121/20 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 122/20 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 29.10.2020
S 123/20 Fullmakts- og referatsakersaker og diverse referater mv
S 124/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 125/20 Økonomirapport per oktober 2020
S 126/20 Evaluering av organisasjonsstruktur og anbefaling til organisasjonsmodell for Universitetsmuseet
S 127/20 Helheltlig internkontroll
S 128/20 EUs nye utdanningsstrategi
S 129/20 Rapport om forsinket sensur for våren 2020
S 130/20 Studiekvalitetsmelding for 2019
S 131/20 Studieportefølje 2021
S 132/20 Opptaksrammer 2021
S 133/20 Forlengelse av midlertidig forskrift – Tillegg til grads- og studieforskriften
S 134/20 Internrevisjon - Ledelsessystemer og rutiner knyttet til mobbing og trakassering - oppfølging
S 135/20 Evaluering av prøveordninger med ekstern styreleder ved Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
S 136/20 Oppnevning av nominasjonskomite for valg til universitetsstyret 2021
S 137/20 Orientering om sammensetning av universitetsstyret våren 2021
S 138/20 Universitetets klimaregnskap 2019
S 139/20 Senterleder for SFU iEarth - Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor - Unntatt offentlighet
Orienteringer
Eventuelt

Powered by Labrador CMS