tilsetting
Omstridd tilsettingssak skal avgjerast: Toppkandidat framleis ute
Massiv kritikk og internasjonal støttekampanje endrar ingenting. Torsdag får fakultetsstyret «oppdatert innstilling på bordet».
Det blei for lite tid til saksførebuing, meinte leiinga ved Humanistisk fakultet ved Universitetet i Bergen.
Saka som Khrono hadde omtalt, der den fagleg høgast rangerte kandidaten til ei førsteamanuensisstilling ikkje var teken med vidare i prosessen, vart trekt frå fakultetsstyret si saksliste til møtet deira i september.
No skal tilsettinga opp på eit ekstra fakultetsstyremøte 3. oktober.
Heller ikkje denne gongen er Eirik Hovden, den fagleg sett høgast rangerte kandidaten, tatt med: No er det som blir kalla for ei «oppdatert innstilling» klar. Trass i massiv kritikk frå fleire hald, endrar ikkje instituttleiarane som står bak innstillinga konklusjonen sin.
Nummer to vart innstilt
Hovden vart først vurdert som den best kvalifiserte søkaren av fagekspertane i den sakkunnige komiteen til ei førsteamanuensisstilling, men vart sidan ikkje tatt med i innstillinga etter intervjurunden, den siste delen av tilsettingsprosessen. I staden vart kandidaten som var rangert som nummer to av fagekspertane innstilt som den einaste aktuelle til jobben.
Det er den same personen som også i denne omgangen er innstilt som einaste aktuelle kandidat.
Som ledd i den utvida saksførebuinga, etter at saka vart trekt tilbake, bad fakultetsadministrasjonen instituttleiarane om å tydeleggjere innstillinga, og i større grad knytte vurderingane og grunngivingane til utlysingsteksten for stillinga.
Dei sentrale vurderingane som låg til
grunn for konklusjonen er hemmelege, og UiB har nekta innsyn.
Har sendt brev til styret
Eirik Hovden har i
forkant av det ekstraordinære møtet sendt brev til fakultetsstyret. Han grunngir brevet med alvoret i saka, «mitt behov for kontradiksjon», og at han berre
i liten grad har fått innsyn.
I brevet, som Khrono har sett, peikar han på fleire døme på det han meiner er manglar, feil og tendensiøse formuleringar i intervjurapporten og innstillinga, som er signert dei to instituttleiarane Martin Paulsen og Teemu Ryymin.
Hovden skriv at han i si tid som tilsett på UiB aldri har fått klager, verken på undervisning eller samarbeid, eller at personlege eigenskapar har stått i vegen for korleis han utfører arbeidet.
Hovden viser også til at han så seint som 20. juni 2024, ein månad etter jobbintervjuet, hadde ein medarbeidarsamtale med Martin Paulsen, «uten noe hint om at mine kvalifikasjoner skulle ha vært et problem for veien videre».
2. september skal han så ha blitt hasteinnkalla og orientert munnleg av Paulsen og Ryymin om at han ikkje var kvalifisert for stillinga.
Khrono har kontakta Ryymin og Paulsen. Ingen av dei ønsker å kommentere brevet.
«Saken det gjelder er en personalsak som er unntatt offentlighet. Jeg kan av den grunn ikke kommentere saken, det forstår du sikkert», skriv Ryymin i ein e-post.
Sterk kritikk
Det er blitt retta sterk kritikk frå fleire hald mot fakultetet og måten tilsettingsprosessen har føregått på.
Mellom anna sende medlem i den sakkunnige komiteen og professor ved Universitetet i Oslo, Jacob Høigilt, brev til fakultetsleiinga i Bergen. Der gav han uttrykk for at han var «sjokkert» over kor «uryddig» saka vart handtert av UiB. Til Khrono la han til at anbefalinga av Hovden på førsteplass var «veldig tydeleg».
Etter at saka vart kjent gjennom Khrono, signerte 40 internasjonale forskarar frå 17 land ei støtteerklæring for Hovden saman med eit kritisk brev som vart sendt til dekan Camilla Brautaset.
Brautaset har ikkje ønskt å kommentere saka eller svare på spørsmål.
Jussprofessor og ekspert i forvaltningsrett, Jan Fridthjof Bernt, uttalte i Khrono at Hovden-saka hadde blitt «ei prinsippsak, som dreier seg om rettstryggleiken til søkaren og tilliten til tilsettingsprosedyren og universitetet som institusjon».
Han argumenterte samstundes for at dei hemmelege vurderingane som vart lagt til grunn for å fjerne Hovden frå prosessen måtte fram i lyset, og at Hovden måtte få fullstendig partsinnsyn. Det har universitetet ikkje gitt.
Også Khrono har bede om innsyn i vurderinga og fått avslag. I avslaget frå UiB står det at universitetet «vurderer det som avgjørende å skjerme intervjukomiteens rom for vurderinger fra offentlig innsyn for å sikre skriftlighet og kvalitetssikring av prosessen».