Sjå til Tromsø. Og litt lenger.
Tre forskarar frå Høgskulen i Oslo og Akershus svarar visererektor i Tromsø: Vi er ikkje pessimistar, men realistar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Viserektor Sveinung Eikeland ved Universitet i Tromsø kjem med kritiske og interessante merknader til vår kronikk i Khrono. Slik vi les han, stiller han dels spørsmål til om våre analyser av regionale rekrutteringsmønster på Vestlandet også er dekkande for situasjonen i Finnmark og Troms, som han sjølv gjer greie for. Det enkle svaret er: Det veit vi ikkje. Etter det vi kjenner til har ingen andre høgare utdanningsinstitusjonar gjennomført slike omfattande analysar basert på registerdata, som høgskulane på Vestlandet og i Oslo og Akershus gav SPS i oppdrag å gjennomføre.
Det verkar likevel plausibelt at mønsteret er eit anna i Troms og Finnmark, ikkje berre fordi dei fysiske avstandane er heilt andre i desse fylka, eller at «den gamle strukturen ikkje gjorde jobben sin» i form av attraktivitet – som Eikeland framhevar. Når skilnaden mellom Nord-Noreg og resten av landet er så stor i andelen som tek høgare utdanning har det truleg også å gjere med situasjonen i vidaregåande skular. Fråfallet i vidaregåande opplæring i Finnmark har lege på 50 prosent, og det kan ein neppe laste Høgskulen i Finnmark for.
Både Eikeland og seinare også Hald, Aabø og Birkelund har i Khrono peika på positive utviklingstrekk i studenttal, auka kvalitet i utdanning og forsking etter fusjonane i 2009 og 2013. Det gjorde også Peter Arbo på konferansen vi arrangerte, og det er ikkje urimeleg å anta at dette kan tilskrivast trekk ved denne fusjonen og måten den har vore gjennomført på: Universitet i Tromsø har teke ei regional rolle som vi har sett mindre av frå enkelte av dei tre eldre universiteta, ei rolle langt på veg innskrive i institusjonen frå etableringsvedtaket i det symbolladde året 1968. Nyfusjonerte institusjonar har sikkert mange positive erfaringar dei kan lære av Tromsø. Så høyrer det med at fusjonane med UiT også innebar at høgskulane over natta fekk universitetsstatus, og at det kan ha hatt ein sjølvstendig positiv effekt både på rekruttering, og kopling av fagmiljø. Universitets- og fusjonseffekten er vanskeleg å isolere og vurdere.
Vi er likevel rimeleg trygge på at dei kritiske spørsmåla vi stiller om moglege negative verknader av fusjonane som ein bør vere merksam på på Vestlandet, også gjeld andre regionar. Problemet vi reiser er altså: Kva vil over tid skje med rekruttering til sentrale profesjonsutdanningar som er kjerna i velferdsstaten og –kommunane våre (sjukepleiarar, lærarar, sosialarbeidarar) og utdanningar som er sentrale for næringslivet (som ingeniør og økonomisk administrative utdanningar). Med det ønskjer vi ikkje så tvil om at fusjonane i mangt adresserer relevante problem, slik dei markant vart formulerte i Stjernø-utvalet. Særleg viktig i vår samanheng, er at utvalet retta særleg merksemd mot kvaliteten i dei korte profesjonsutdanningane: For mange små fagmiljø, lite FoU retta mot yrkesfelta til profesjonane, og etablering av små, relativt svake master- og doktorgradsmiljø.
No er spørsmåla, for nyfusjonerte einingar, om og eventuelt korleis dei nyttar den nye organisasjonen for å styrke slike utdanningar, inklusive eit breitt tilbod på campusar over heile landet. Eikeland peikar med rette på at dette må sjaåst i ei breiare regionalpolitisk ramme, som gjev von om regionsspesifikke strategiar som svarer på dei problema vi har reist. Vi har i denne samanhengen vore meir opptekne av potensielle snublesteinar både i rammevilkåra og institusjonsstrategiar: Rammevilkår som tilleggspremierer eksternfinansierte forsking prega av store program, vil lett medføre favorisering av dei med eit konkurranse- og utviklingsfortrinn over nyare og mindre utvikla forskingsfelt. I dette biletet er NFR si etablering av Profesjonsutlysinga til erstatning for dei tradisjonelle Strategiske høgskuleprogramma eit framsteg, men det er eit kompensatorisk tiltak. Institusjonsstrategiane vil lett avspegle KD og NFRs incentiv ved å etablere Matteus-prinsipp for forskinga: «For den som har, skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråtatt sjølv det han har».
Og her er universitetsstrategiar innafor det særnorske akkrediteringsregimet fort eit tveegga sverd. Skal ein tilpasse seg dette regimet er kortvarige vinstar i form av publisering og eksternfinansiering å føretrekke framfor det langsiktige arbeidet med å styrke forsking som understøttar sjølve kjerneverksemda. Tilsvarande problemstillingar gjeld fordeling av forskingsressursar når etablerte universitet tek over høgskular. Kva status og posisjon vil sjukepleie- og sosialarbeidarutdanning ha etter at NTNU har fusjonert fusjonerer med høgskulane i Gjøvik, Ålesund og Trondheim?
Og kva bør vere departementet si rolle i dette? Dei er opptekne av å styrke realfaga og tekniske fag, som jo er avgjerande. I hovuddokumentet i Tilstandsrapporten for høgre utdanning i 2017, er det berre ein figur over forskingsaktiviteten ved dei ulike universitet og høgskular, og den omfattar berre matematiske, naturfaglege og tekniske fag. Det må også vere sentralt å følgje med på om det binære universitets- og høgskulesystemet blir reprodusert og forsterka innafor dei nyfusjonerte institusjonane, med korte profesjonsutdanningar som salderingspost.
For fag- og utdanningstilbodet ved mindre nyfusjonerte høgskular i distrikta, er dette truleg ei dobbel utfordring. Vi har eit studentetterspørselsdrive finansieringssystem, der nye generasjonar sine meir eller mindre gjennomtenkte studieinteresser lett trumfar behovet for kvalifisert arbeidskraft i nøkkelyrke (men sjølvsagt også basalkunnskapane og verdiane eit utdanningssystem må ivareta, som «smale» språkfag). Då kan mindre campusar i distrikta fort bli salderingspostar om dublettar av utdanningar (som t.d. sjukepleieutdanning i Haugesund, i Bergen og i Førde i den nye Vestlandshøgskulen) skal vegast mot kvarandre.
Når vi reiser desse spørsmåla er det ikkje for å teikne eit optimistisk bilete av no-situasjonen. Vi tar sikkert litt feil om situasjonen i dag. På Vestlandet har eit regionalt utdanningstilbod vore viktig for å gje kvalifisert arbeidskraft spreidd over regionen. Det kan vere litt annleis i Troms og Finnmark. Vi kjenner ikkje framtida. SPS vil ha gode data for å analysere denne utviklinga, til dømes kva som har skjedd om fem –ti år. Men kva vi då analyser effektane av, handlar om korleis fusjonane no vert gjennomført, og rammevilkåra for dei fusjonerte institusjonane. Der kan både nasjonale styresmakter og institusjonane sjølve utvikle strategiar som svekker dei mekanismane vi har peika på. Vi er ikkje «pessimistar». Vi ønskjer å teikne eit realistisk bilete av utfordringar som må løysast. Då bør ein sikkert sjå til erfaringane frå Tromsø, men truleg også til dei problemstillingane vi har reist.
Les også: Følg debatten om fusjoner her
Se også:
- Eksperimentet med fusjoner
- Regional forvitring eller – fornying?
- Fusjon virker: Det har blitt bedre kvalitet i sektoren
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!