Leiar for Studentorganisasjonen i Innlandet, Gaute Myhren Kornberg.

Kva seier karakterar til arbeidslivet?

Nytt år. Leiar for Studentorganisasjonen i Innlandet, Gaute Myhren Kornberg, ynskjer seg studentombod og ein gjennomgang av det norske karaktersystemet, for 2018.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå rektor ynskjer vi oss eit studentombod. Studentane treng betre råd og informasjon rundt deira rettar.

Vi har merka ein pågang av studentar som har kontakta oss om utfordringar som dei har blant anna om eksamen. Vi i Studentorganisasjonen har dessverre ikkje god nok kompetanse til å hjelpa i juridiske problemstillingar.

Karakterar blir hovudsakleg brukt for kvalifikasjon til vidare studier, men kva fortell dei arbeidslivet?

Gaute Myhren Kornberg

Dette kan eit studentombud hjelpa til med, og må sjølvsagt tilpassas våre lokale behov.

Frå statsråden så ynskjer eg at vedkommande startar ein gjennomgang av det norske karaktersystemet. Bakgrunnen for dette er at karakterar hovudsakleg blir brukt for kvalifikasjon til vidare studier, men kva fortell dei arbeidslivet?

Det må gjerast enklare for arbeidslivet å forstå om ein «A» eigentleg er ein «A». Eg viser til den tidlegare debatten: «En A er ikke bare en A».

Eg ynskjer også ei god og fredeleg jul til både statsråd og vår rektor. Eg takkar for det arbeidet de gjær, og ser fram til eit spennande nytt år.




Fakta

Studentledernes ønsker for 2018

Khrono har invitert landets studentledere til å trekke fram viktige saker og ønsker for studentene i forkant av 2018.

Les alle innleggene, etter hvert som de publiseres, her:

Studentledernes ønsker.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS