Nesten alle skriv doktorgrad på engelsk, og nesten alle av dei som skriv på norsk skriv bokmål, viser ny rapport. Foto: Tor Farstad

Nesten ingen skriv nynorsk master og doktorgrad

Språk. Knapt ti prosent skriv doktorgradsavhandlinga på norsk, og under ein prosent skriv ho på nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kjem fram i den ferske rapporten «Språk i Noreg – kultur og infrastruktur» frå Språkrådets framtidsutval.

Rapporten konkluderer med at mange av måla i stortingsmeldinga om norsk språk som kom i 2007, «Mål og meining.Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk», ikkje er nådd. Tvert om er norsk under press på dei fleste samfunnsområde – ikkje minst gjeld det akademia, skriv På Høyden.

Det finnes få tegn på at institusjonene gjør et aktivt arbeid for å røkte det norske fagspråket.

Språkrådets framtidsutval

Universiteta bryr seg ikkje

På Høyden har tidlegare skrive om korleis engelsk er blitt stadig meir dominerande som publiseringsspråk for norske forskarar. Også på doktorgradsnivå er no engelsk totalt dominerande. 90,8 prosent av avhandlingane vert skrivne på engelsk og 8,5 prosent på norsk.

Blant mindretalet som skriv doktorgradsavhandlinga på norsk, vel ein av ti framleis nynorsk. Samstundes viser tala, som framtidsutvalet har henta frå NIFU, at nynorsk er nær utradert som fagspråk blant master- og doktorgradsstudentar totalt sett. På doktorgradsnivå er 0,9 prosent på nynorsk, på master 2 prosent.

Ifølgje rapporten er det lite som tyder på at leiarane ved universitet og høgskular bryr seg: «(…) det finnes få tegn på at institusjonene gjør et aktivt arbeid for å røkte det norske fagspråket».

Universitet og høgskular har eit lovpålagt ansvar for å sikre norsk språk i institusjonane. Kunnskapsdepartementet har slått fast at universitet og høgskular må utforme eigne språkstrategiar for å få dette til. Ei kartlegging Språkrådet gjorde våren 2018 viser at berre 14 av 20 institusjonar har ein slik strategi.

Meir undervisning og pensum på engelsk

Den nye rapporten frå Språkrådet peikar på at engelsk tar stadig større plass, ikkje berre som publiseringsspråk.

  • Talet på masteroppgåver på norsk har gått kraftig ned siste 20 åra – engelsk tar over.
  • Det samla studietilbodet på engelsk aukar.
  • Stadig meir av undervisninga skjer på engelsk, spesielt på masternivå.
  • Engelsk vinn terreng i læremiddel og pensum.

Dette skjer samstundes som arbeidsmarknaden primært etterspør norskkompetanse. Ifølgje NHOs kompetansebarometer 2018 er kompetanse i munnleg kommunikasjon på norsk viktig for 82 prosent av bedriftene. Skriftleg norsk er av «stor betydning» eller «viss betydning» for 78 prosent av bedriftene.

Fagspråket nedpriorert

Utvalet som Språkrådet har engasjert for å undersøke den norske språksituasjonen er sett saman av representantar frå akademia, media, næringsliv og fagrørsle. I tillegg til å slå fast at norsk er på vikande front på ei rad samfunnsområde, er dei også kritiske til kva slags engelsk som kjem i bruk:

«Vi har tydelig inntrykk av at de fleste institusjonene mangler systematisk opplæring i engelsk fagspråk, både for ansatte og studenter. Samtidig nedprioriteres det norske fagspråket. I verste fall kan dette føre til en situasjon der studentene ikke har et fullgodt og fungerende fagspråk på verken engelsk eller norsk», skriv dei i rapporten.

Når det gjeld nynorsk, er konklusjonen at det står skralt til: «Hvert år er det flere titalls studenter som ønsker nynorsk eksamen, som ikke får oppfylt sine språklige rettigheter».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS