Frank Reichert, rektor ved Universitetet i Agder er lereiar for den felles arbeidsgruppa mot seksuell trakassering ved universitet og høgskular. Onsdag inviterer han til seminar i regi av Universitets- og høgskolerådet. Statsråd Iselin Nybø skal også innleiie på seminaret. Foto: Petter Berntsen

Nybø: Det er framleis for mykje seksuell trakassering i akademia

Trakassering. Statsråd Iselin Nybø reagerar på avsløringar om trakassering ved NHH. NSO-leiar Mats Beldo, meiner det er «eit sjukdomsteikn» at det går så sakte med tiltak mot seksuell trakassering i sektoren. Denne veka møtest toppane til diskusjon om temaet.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei fersk undersøking gjort av Sentio for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Universitas viser at det framleis er mange studentar som blir utsette for seksuell trakassering ved landets høgskular og universitet. Fem prosent av dei som svarte på undersøkinga, eller nærare 13.500 studentar, seier dei har opplevd dette.

12 prosent av dei som seier dei har opplevd trakassering seier at det er frå ein foreleser eller rettleiar, 71 prosent frå medstudentar og 16 prosent begge delar.

Det som er avdekka ved NHH handlar om haldningar. Studentane som går der skal bli våre framtidige leiarar. Folk med slike haldningar som har kome fram her er ikkje eigna til å vere leiarar.

Iselin Nybø

I ei undersøking gjennomført ved fem ulike høgskular og universitet i 2017 av forskarar ved Universitetet i Agder, viser tala at åtte prosent av studentane har opplevd seksuell trakassering frå medstudentar, og ein prosent frå tilsette.

Nybø: Framleis for mykje

— Det er framleis altfor mykje seksuell trakassering ved landets universitet og høgskular. Eg føreset at leiinga ved institusjonane tek desse problema på største alvor, seier Iselin Nybø til Khrono.

Denne veka reiser ho til Finnmark for å høyre kva slags tiltak universiteta og høgskulane har sett i verk for å få bukt med problemet.

Det har gått seks månader sidan Universitets- og høgskolerådet (UHR) bestemte at dei skulle sette ned ei felles gruppe som skulle jobbe med tiltak mot seksuell trakassering i høgare utdanning. Og i desember i fjor blei det klart at rektor ved Universitetet i Agder (UiA), Frank Reichert, skal leie gruppa.

Denne veka treffast landets uh-toppar og UHR til møte i Kautokeino og seminar i Alta. På seminaret er temaet seksuell trakassering.

Beldo: Store forventningar til tiltak

Også studentleiar Mats J. Beldo skal vere med på møtet i heimtraktene sine i Finnmark.

— Eg har store forventningar om at det no kjem fram kva slags tiltak som er, eller bør bli, sette i verk mot seksuell trakassering. Det er på tide at vi får sjå ei tydeleg handtering av dette no, seier Beldo til Khrono.

Han synest det går sakte i sektoren.

Eit sjukdomsteikn, meiner Mats Beldo, om at det går sakte med tiltak mot seksuell trakassering ved universitet og høgskular. Foto: David Engmo

— Det går sakte, dette - og det synest eg er eit sjukdomsteikn. No er jo ikkje universitet og høgskular dei mest omstillingsdyktige som finst, men hvis det er så vanskeleg å handtere saker om seksuell trakassering og komme fram til tiltak, så får dei prioritera å sette på meir folk til jobben, sier Beldo.

— Trur du ikkje fleire sit og ventar på at Reichert-gruppa skal komme med innspel?

— Det kan virke som mange sit litt på gjerdet og ventar på det. Men dei enkelte institusjonane bør jo gjere noko hos seg sjølve, seier studentleiaren og legg til:

— Passivitet har aldri løst noko problem. Her er det nesten ikkje mogleg å gjere noko feil, for dei fleste universitet og høgskular har ikkje hatt nokre rutinar for handtering av seksuell trakassering, seier Beldo.

— Og så håper eg at nokon snart er tøffe nok til å statuere eit eksempel på at seksuell trakassering får konsekvensar i denne sektoren, seier han.

Over 125 saker

Khrono har gjennom det siste året skrevet fleire saker om seksuell trakassering. Ei kartlegging frå januar i år viste at det er meir enn 125 saker - pluss eit ukjent tal på saker med studentar - ved 21 universitet og høgskular.

Eg har store forvent-ningar om at det no kjem fram kva slags tiltak som er, eller bør bli, sette i verk mot seksuell trakassering. Det er på tide at vi får sjå ei tydeleg handtering av dette no

Mats J. Beldo

Professor ved Universitetet i Oslo, Trine Syvertsen, var ei av dei som sto fram og fortalte om opplevingar med tafsing og ubehagelege hendingar både som ung forskar og student.

Rektor Kathrine Skretting ved Høgskolen i Innlandet fortalte ope om ei varslingssak med student vs. tilsett som var ekstremt vanskeleg å handtera som leiar og som ikkje kom ut bra for nokon, ikkje studenten, ikkje dei tilsette og ikkje rektoren og høgskulen.

Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) har hatt fleire vanskelege saker det siste halve året. Der gjekk det så langt at Kunnskapsdepartementet i desember i fjor blei varsla om fleire saker, og tilrådde jamvel at høgskulen burde politianmelde ein av sine tilsette. Sakene er enno ikkje avslutta ved Kunsthøgskolen. KHiO-rektor Jørn Mortensen er ein av dei som sitt i den sentrale gruppa leia av Frank Reichert.

Berre få dagar etter at gruppa var oppretta, i mars i år, kalte statsråd Nybø både UHR og gruppa inn til samtale om det krevjande temaet og #metoo-kampanjen. No skal ho følgje opp møtet.

— Dette er noko som det må bli jobba med kvar einaste dag ved våre universitet og høgskular. Det viktigaste vi gjer er å forebygge at trakassering skjer, seier Nybø.

Nybø reagerar på NHH-saker

Nybø reagerer også på forhold som har blitt avdekte når det gjeld dårleg studentmiljø og trakassering ved NHH (Noregs handelshøgskole). Fleire kvinnelege studentar, mellom anna redaktøren i studentavisa på NHH, har stått fram og fortalt om trakassering frå mannlege medstudentar, og mannlege studentar har opplevd det same.

Les også: Krangel om dårlig miljø, trakassering og «nikkedukker» ved NHH

Nybø understrekar at heldigvis er det slik at dei aller fleste studentane trivst på NHH og at leiinga der tar tak i dei utfordringane som er, men ho er likevel klar:

— Det som er avdekka ved NHH handlar om haldningar. Studentane som går der skal bli våre framtidige leiarar. Folk med slike haldningar som har kome fram her er ikkje eigna til å vere leiarar, meiner Nybø.

Iselin Nybø. Foto: David Engmo

— Leiinga ved universitet og høgskular, studentane og alle vi andre må snakke om og diskutere desse problemstillingane. Er det greit å oppføre seg slik? Eg seier nei - det er ikkje greit. Dette er ein debatt vi må ta sjølv om den kan vere både vond og vanskeleg, seier statsråden.

Statsråd Nybø viser til at landets høgare utdanningsinstitusjonar i desse dagar driv og førebur semesterstart og mottaking av nye studentar til hausten.

— Eg forventar at alle, også studentane, har snakka om seksuell trakassering og mobbing og at alle, også studentane, er godt førebudde, seier Iselin Nybø.

Blir aldri ferdig med tema

— Dette er eit tema vi aldri blir ferdige med og ein må heile vegen ha fokus på tema, seier ho. Og no er eg spent på kva gruppa som har jobba med dette, har kome fram til, seier ho.

— Men kan hende er tema litt over no, #metoo-kampanjen har stilna, og ein kan få inntrykk av at dei ulike institusjonane venter nettopp på konklusjonar og tiltak frå denne felles gruppa som er sett ned?

— Eg håper ikkje at alle venter på denne gruppa. Mitt inntrykk er at mange universitet og høgskular jobbar bra med tiltak sjølve også, seier Nybø.

— Ved Universitetet i Bergen er leiinga skeptisk til å sette i verk kartlegging om omfanget av seksuell trkassering og avventar svar og tiltak får Reichert-gruppa?

— Det er ingen grunn til å vente på ei kartlegging. Vi veit at seksuell trakassering skjer, og ein må ta tak i det her og no. Det er nokre klare tilfelle, med - eldre professor vs. yngre student for eksempel, men ein bør også følgje opp saker som handlar om trakassering studentar imellom. Det er også tilfelle mellom yngre og eldre blant dei vitskapeleg tilsette, og administrative og på tvers av desse gruppene. Dei skeive maktforholda i akademia gjer at det er godt lagt til rette for seksuell trakassering, seier Nybø, og avsluttar:

— Det er ingen grunn til at leiinga i uh-sektoren ikkje skal jobbe med seksuell trakassering sjølv om Khrono ikkje skriv om det kvar veke, seier statsråden.

Reichert: Tiltak og råd om eitt år

Det er komplekse spørsmål det handlar om her. Vi har fått eit mandat, og førebels er vi i utgreiings-fasen. Vi treng tid

Frank Reichert

Frank Reichert som leier gruppa som skal komme med tiltak og tilrådningar, seier at han ser fram til workshop i Alta denne veka. Men han vil enno ikkje komme med nokre råd eller tiltak.

Rektor ved UiA Frank Reichert ber om tid før han legg fram tiltak mot seksuell trakassering. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

— Kva tid vil gruppa legge fram sine tiltak og tilrådingar?

— Vi tenkjer oss at det vil bli på neste representantskapsmøte i Universitets- og høgskolerådet i mai 2019. Det er komplekse spørsmål det handlar om her. Vi har fått eit mandat og førebels er vi i utgreiingsfasen. Vi treng tid, seier Reichert.

— De vil heller ikkje komme med framlegg om ei kartlegging av omfanget av seksuell trakassering i akademia?

— Det er ikkje meiningsfullt å henge seg opp i prosenter. Det er null prosent seksuell trakassering i akademia som gjeld, seier Reichert.

— Men det kan virke som om fleire no venter på råd og tiltak frå gruppa di før dei gjer større ting lokalt på institusjonane?

— Mitt inntrykk er at mange gjer mykje, og at bevisstheten ved universitet og høgskular har blitt stor når det gjeld seksuell trakassering, seier Reichert.

Fakta

Arbeidsgruppe mot seksuell trakassering og mobbing i akademia

Universitets- og høgskolerådets (UHR) gruppe mot seksuell trakassering:

  • Frank Reichert, rektor UiA (leder)
  • Ingunn Ugland, sekretær,
  • Anita Sandberg, UiO
  • Rønnaug Mathiassen Retterås, Likestillingsombudet
  • Ida Ausgulen, NSO
  • Morten Kjerstad Larsen, Arbeidstilsynet
  • Jørn Mortensen, rektor KHiO
  • Øystein Gullvåg Holter, Kif-komiteen
  • Elsa Mari Almås, UiA
  • Mariann Helen Olsen, Forskerforbundet
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS