UiB skeptisk til eiga kartlegging om seksuell trakassering
Trakassering. Både i 1996 og i 2007 ba likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen om at seksuell trakassering skulle kartleggast. No er håpet at det kan skje i 2018, sjølv om leiinga er skeptisk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Likestillingskomiteen ønsker med dette brevet å be om at det gjennomføres en kartlegging av seksuell trakassering blant ansatte ved Universitetet i Bergen i løpet av 2018».
Det skriv likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen sin leiar Hege H. Bye i eit brev til universitetsdirektøren sitt kontor, Det skriv På Høyden.
Det siste halvåret har seksuell trakassering og #metoo vore på agendaen òg i universitets- og høgskulesektoren. Det har kome fram historier om seksuell trakassering òg ved UiB. Men kor stort problemet er, det veit ein ikkje.
Vil nytta spørjeskjema
— Me veit ikkje om det er ein eller ti prosent av dei tilsette ved UiB som opplever seksuell trakassering, seier Hege H. Bye til På Høyden.
Me veit ikkje om det er ein eller ti prosent av dei tilsette ved UiB som opplever seksuell trakassering
Hege H. Bye
Ho seier at likestillingskomiteen ser for seg eit spørjeskjema som går ut til alle tilsette. Her vil ein kunne svara på om ein har opplevd seksuell trakassering og kva grad av trakassering ein har vorte utsett for. Ein skal sjølvsagt svara anonymt.
— Men samstundes er det mogleg at ein må ha med noko informasjon om dei som svarar, som til dømes stillingskategori eller ved kva eining dei er tilsett. Slik kan ein avdekka om nokre grupper av tilsette er meir utsette for trakassering enn andre, og om det er nokre fakultet eller einingar som har større problem enn andre, seier Bye.
I brevet skriv komiteen at seksuell trakassering er ikkje berre ei arbeidsmiljøutfordring, men òg ei likestillingsutfordring. Kvinner er meir utsett for seksuell trakassering enn menn.
— Det er rimeleg å tenkja seg at seksuell trakassering er problematisk. Men me veit ikkje noko om omfanget. For den som vert utsett for det spelar det inga rolle kor mange andre som opplever dette. Men for institusjonen er det viktig å vita noko om omfanget. Det handlar om kva system og struktur ein har for å handtera problemet, seier Bye.
Ho understrekar at HR-avdelinga allereie etter hennar syn gjer mykje bra, og at ei kartlegging ikkje er ein kritikk av det arbeidet som vert gjort.
— Det kan henda at ei kartlegging viser at dei systema ein har i dag fungerer godt.
— Kva med studentane?
— Dei svarar på spørsmål om mellom anna seksuell trakassering i den store helse- og trivselsundersøkinga for studentar (SHoT), seier Bye til På Høyden.
Skeptisk leiing
Det er sannsynleg at nokre av dei kartleg-gingane som er gjort vil vera represen-tative for oss òg.
Kjell Bernstrøm
I 1996 vart ei arbeidsgruppe sett ned at det dåverande kollegiet, altså universitetsstyret, for å sjå på seksuell trakassering. Gruppa tilrådde mellom anna ei kartlegging. Det same skjedde i 2007, men inga kartlegging vart gjennomført.
Saka er no til handsaming ved universitetsdirektøren sitt kontor. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier at saka vert diskutert i dialog med rektoratet, men at den generelle haldninga er skepsis.
— Det er gjennomført andre kartleggingar, mellom anna i Agder, som gir klare indikasjonar. I tillegg har UHR sett ned eit utval. Kva meir nytte vil me kunne få ut av ei eiga kartlegging, spør Bernstrøm.
— Det er sannsynleg at nokre av dei kartleggingane som er gjort vil vera representativt for oss òg, legg han til.
Bernstrøm seier han meiner at det er viktigare å setja i verk tiltak mot all type trakassering.
— Ei slik kartlegging vil kunne visa om nokre miljø har eit større trakasseringsproblem enn andre?
— No har me arbeid mot trakassering inne i leiarutdanninga vår, og det er arrangert ulike workshops. Me har sett i gang mange ulike tiltak der. Spørsmålet me stiller oss er om ei kartlegging vil tilføra oss ny informasjon, seier Bernstrøm.
Han seier at konklusjon vil verta fatta før sommarferien.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!