Ny Khrono-journalist i Bergen

Ny jobb. Joar Hystad (32) styrkar Khrono-laget frå Bergens-kontoret.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Joar Hystad (32) er fast tilsett som journalist i Khrono. Han skal ha arbeidsstad i Bergen.

Joar Hystad (32) kjem i ny jobb på Khronos Bergens-kontor til hausten.
Joar Hystad (32) kjem i ny jobb på Khronos Bergens-kontor til hausten.

Hystad kjem frå jobb som digital deskjournalist i Askøyværingen og Vestnytt og før den tid som journalist i same aviser med politikk og samfunn som hovudfelt. Før dette jobba han i TV 2 Sporten.

— Det er ingen tvil om at Khrono er på full fart oppover. Å bidra til at denne oppturen skal halda fram, er noko eg gler meg til. I tillegg til å dekka det løpande nyheitsbilete, ser eg særleg fram til å få moglegheit til å dukka djupare inn i den viktige kunnskapssektoren, seier han.

— Joar Hystad vil styrke den nasjonale satsinga til Khrono frå Bergen. Eg ser fram til å få han med på laget, seier redaktør Tove Lie.

Hystad, som er journalistutdanna ved Høgskolen Kristiania i Bergen, tiltrer i løpet av hausten.

Tidlegare i vår og sommar har Khrono tilsett Ragnhild Bjørge, NRKs språksjef, som redaksjonssjef i Bergen. Ho begynner 12. august. Ragnhild Vartdal er tilsett som journalist ved Khronos Oslo-kontor og startar 1. september. Nyheitsredaktør i Dagsavisen, Espen Løkeland Stai, vil vere på plass på Khronos nyoppretta Brussel-kontor frå 1. oktober.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS