Ragnhild Vartdal er for tida produsent for aktualitetsprogrammet Desse dagar på NRK P2. 1.september er ho på plass i Khronos osloredaksjon. Foto: Privat

Vartdal ny journalist i Khrono

Ny jobb. Ragnhild Vartdal (27) er tilsett som journalist i Khrono.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ho kjem frå jobb som produsent for aktualitetsprogrammet «Desse dagar» i NRK P2 og har tidlegare jobba både i NRK Dagsnytt, Alltid nyheter, nrk.no samt NRK i Møre og Romsdal.

Ho har også vore aktiv tillitsvald på fleire ulike høgare utdanningsinstitusjonar i fleire land. Sist semester har ho også hatt undervisningsoppdrag for Høgskolen i Innlandet der ho tidlegare har ein bachelor i internasjonale studier. I tillegg har ho ein master i Global politisk økonomi frå Universitetet i Stockholm.

— Eg gler meg til å vere med å dekke og løfte fram saker frå ein viktig sektor i samfunnet. Khrono er ein nyheitsformidlar i utvikling og eg ser fram til å vere ein del av laget i tida framover, seier Ragnhild Vartdal.

— Ragnhild har ein strålande «Khrono-profil»: Eit sterkt samfunnsengasjement, erfaring som både aktiv studenttillitsvald og frå undervisning i høgare utdanning, samt journalistisk og fleirdmedial erfaring frå NRK på område der Khrono treng å bli sterkare. Eg gler meg til å få henne på plass i redaksjonen i Oslo frå 1. september, seier redaktør Tove Lie.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS