Går frå NRK til Khrono

Ny jobb. Ragnhild Bjørge startar i nyoppretta stilling som redaksjonssjef i Khrono, med arbeidsplass i Bergen, frå hausten.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ragnhild Bjørge (42) blir ny redaksjonssjef i Khrono, med arbeidsplass i Bergen. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

I dag er ho språksjef i NRK. Frå hausten flyttar ho over til 8. etasje i Tårn 1 på Media City Bergen og blir ny redaksjonssjef i Khrono.

Ragnhild Bjørge (42) har jobba i fleire år i Dagsnytt og dei siste åra som språksjef i NRK. Ho har ein master i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og ho har studert juss og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Bjørge vil gå inn i leiinga i Khrono og blir ein viktig person i den vidare satsinga på avisa.

— Eg er svært glad for at Ragnhild takka ja til jobben. Ho vil styrke Khrono-laget og blir sentral i den vidare utviklinga av avisa, seier ein nøgd redaktør Tove Lie.

— Khrono er på kort tid vorte den viktigaste kjelda til nyheitsstoff frå høgare utdanning, seier Bjørge sjølv, og fortsetter:

Khrono er på kort tid vorte den viktigaste kjelda til nyheitsstoff frå høgre utdanning.

Ragnhild Bjørge

— Det som skjer på dette feltet får følgjer for heile samfunnet. Difor treng Noreg ei avis som leverer god og kritisk journalistikk om dette. No gler eg meg til å vere med på å utvikla avisa vidare i lag med dei dyktige journalistane i redaksjonen.

Khrono har også nettopp lyst ut fire journaliststillingar. Og i løpet av hausten vil Khrono, som også gir ut nyhetsavisa På Høyden for Universitetet i Bergen, vere 13-14 tilsette med kontor i Oslo, Bergen og Brussel. I tillegg skal det byggast opp studentredaksjonar i både Bergen og Oslo.

Khrono har nyleg tilsett nyheitsredaktør i Dagsavisen, Espen Løkeland-Stai, som korrespondent i Brussel.







Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS