Handlar festivalen om konsertar eller vitskap?
Studentmedverknad. Vi vil utfordre NTNU til å setje orda om forskingsnær undervising og studentar som får innblikk i vitskapen ut i handling, skriv studenttingsleder ved NTNU, Cecilie Bjørnsdotter Raustein, og ber om moglegheit til å delta på The Big Challenge-festivalen utan å måtte betale for konsertane.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
16.-19. juni skal NTNU arrangere sin internasjonale vitskapsfestival The Big Challenge. Festivalen skal vere for alle som er interessert i utfordringane vi kjem til å møte i framtida, og målet skal vere å dele kunnskap, og å inspirere den neste generasjonen.
Vårt ynskje er, og har heile tida vore, at det skal verta mogleg for studentar å kjøpe festivalpass utan konsertbillettar, til ein sterkt redusert pris.
Cecilie Bjørnsdotter Raustein
Dette er store og flotte ord, men handlingar talar som kjend høgare enn ord, og det å setje ein skyhøg pris på billettane gjer festivalen utilgjengeleg for mange studentar.
Kven er neste generasjon som skal forsøke å løyse framtidas utfordringar viss ikkje studentane?
No er det ikkje slik at NTNU ikkje er klar over at prisen dei har satt er for høg. Det har dei fått klar og tydeleg beskjed om, og dei skal ha ros for at dei har forsøkt å samarbeide. Litt.
Etter at vi har vore i dialog med dei har det nemleg vorte mogleg å kjøpe billettar for enkeltdagar, noko som gjer det billigare å delta om ein ikkje ynskjer å få med seg heile festivalen. Likevel kan ikkje desse prisane seiast å vere særleg studentvenlege.
Vårt ynskje er, og har heile tida vore, at det skal verta mogleg for studentar å kjøpe festivalpass utan konsertbillettar, til ein sterkt redusert pris. Slik vi ser det har NTNU med denne festivalen skapt seg ei fantastisk moglegheit til å invitere studentane inn i forskinga, som det alltid vert snakka høgt og fint om at ein ynskjer, men så har dei berre vald ikkje å utføre dette potensialet.
Vi står fast på vårt ynskje, og vi vil igjen utfordre NTNU til å gripe denne moglegheita. Vi vil utfordre NTNU til å setje orda om forskingsnær undervising og studentar som får innblikk i vitskapen ut i handling.
Vi vil utfordre NTNU til å faktisk gjere dette til ein festival for studentar flest. Det er tross alt vi studentar som må løyse framtidas utfordringar, og vi treng ikkje få med oss konsertane for å få det til.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!