film
NTNU-forskar nominert til Amanda
Førsteamanuensis Leiv Igor Devold sin første spelefilm er nominert til tre Amanda-prisar.
I mars kom filmen Norwegian Dream på norske kinoar. Filmen, som handlar om kjærleiken mellom to unge menn, ein norsk og ein polsk, er den første spelefilmen Leiv Igor Devold har regissert. No er filmen nominert til tre Amanda-prisar, melder Universitetsavisa: Klassane beste regi, beste mannlege skodespelar og beste manus.
— Heilt uverkeleg. Det er slik at ein må klypa seg i armen, seier Devold til Khrono.
— Det var uventa å verta nominert, og eg er ekstra audmjuk fordi filmen vert løfta fram i Pride-månaden. Eg er takksam for at juryen gjer det.
Har brukt forskingstid
Devold er førsteamanuensis ved Institutt for kunst og medievitskap ved NTNU. Han seier til Universitetsavisa at filmen er ein del av det kunstnariske utviklingsarbeidet han gjer som NTNU-tilsett.
— Fordi eg kan bruka forskingstid på filmutvikling og produksjon, har eg hatt høve til å utforska og gå djupare inn i arbeidet med skodespelarane med vekt på karakterbygging i alle delane av prosessen med filmen, sa Devold til UA.
I mars fekk filmen NTNU sin filmpris under filmfestivalen Kosmorama. I samanheng med at filmen var opningsfilm under festivalen sa Devold til NTNU sine eigne nettsider at han har fått moglegheit til å laga ein film som tek opp minoritetstematikk på den måten filmen hans no gjer nettopp fordi han er tilsett ved NTNU.
— Tryggleiken ei forskarstilling gir har gitt meg rom til større vurderingar og refleksjonar både før og etter filmen. Eg må ikkje springa av garde med neste filmsøknad, sa Devold.
Mange kommentarar
No er Devold i San Francisco for å visa filmen under festivalen Frameline. Frameline er verdas største festival for skeiv film.
— Filmen handlar om ein hovudperson som ikkje vert sett. Han er arbeidsinnvandrar, ei gruppe som ikkje får så mykje merksemd. I tillegg er han skeiv, seier Devold.
— Ein slags minoritet i ein minoritet, med andre ord?
— Ja. Teorien om interseksjonalitet vart først nytta på afroamerikanske kvinner og feminisme i USA. Men teorien kan òg nyttast for andre grupper, seier Devold.
Interseksjonalitet viser korleis sosiale kategorier som kjønn, rase, etnistiet, sosial klasse eller seksuell orientering kan påverka personar sine leve- og livsvilkår.
— I arbeidet med filmen har eg fått sjanse til å utforska dette. Eg har jobba særleg med karakterutvikling, og har òg nytta teoriar frå den russiske regissøren Konstantin Stanislavskij. Fordi eg er tilsett ved NTNU og har laga filmen som ein del av det kunstnariske utviklingsarbeidet har eg hatt høve til å bruka tid på dette, seier Devold.
Devold, som sjølv er halvt norsk og halvt polsk, har tidlegare sagt til NRK at han har fått både positive og negative tilbakemeldingar frå det polske miljøet etter at filmen vart sleppt på kino.
— Det har vore mange ganske grove kommentarar. Mykje homofiendtleg. Kommentarar både på meg og på filmen, sa Devold.
Sidan 2015 har det vore det førsteamanuensen kallar ei forvitring av demokratiske institusjonar i Polen. Det har også gått utover kvinner sine rettar, abortrettar og også skeive sine rettar.
— Bodskapen i filmen er at det skal vera trygt for alle å komma ut, uansett kven dei er.
Stor konkurranse
Devold var først tilsett på Lillehammer, ved noverande Høgskolen i Innlandet. Han likte seg godt der, men det var først då han gjorde noko heilt anna eit par år at han skjøna kor godt han likte akademia.
— Eg måtte ha eit familieråd, men tok med meg heile familien då eg fekk stilling på NTNU. Her var ønsket å tilsetja nokon som sjølv var aktive i bransjen. Eg ser at det er positivt både for meg og studentane, seier Devold.
Sjølv om han kan bruka forskingstid på å utvikla idear, må han likevel skaffa pengar til sjølve filmskapinga. Norwegian Dream kosta 10 millionar kroner å laga — det er lite i filmsamanheng.
Likevel er filmen altså nominert i fleire klassar under den norske filmfestivalen. Ifølgje TV2 vert det delt ut prisar i totalt 19 kategoriar, i tillegg til Æresamanda og Folket Amanda. La elva leve er filmen med flest nominasjonar, men òg krigsfilmane Krigsseilerne og Kampen om Narvik har fått fleire nominasjonar kvar.