Studentane ser for lite nynorsk i kvardagen
Lovendring. Stortinget må endra lov om studentsamskipnader, slik at studentsamskipnadane vert underlagt mållova som nasjonale statsorgan, skriv Fredrik Hope og Åsmund Kvifte i Målungdommen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
For å vera trygg i språket ditt, må du sjå det i bruk gjennom heile livet.
Det er mange tusen nynorskbrukande studentar ved norske universitet og høgskular, og dei ser for lite nynorsk i kvardagen. Mange av dei byter difor til bokmål i studietida. Å få studentsamskipnadane til å fylgja mållova er eit tiltak som vil gjera nynorsk synlegare på høgskular og universitet, og som truleg vil gjera at fleire held på nynorsken.
Ei lita endring i studentsamskipnadslova vil føre til mykje meir nynorsk, og gjera det mykje lettare å vera nynorskstudent
Studentsamskipnadane er til for å gjera studiekvardagen enklare for studentane. Dei leiger ut bustader, driv treningssenter, og mykje meir. Dei er ofte godt synlege i studentlivet, og møter titusenvis av studentar kvar einaste dag. Det er tvungen medlemskap i studentsamskipnaden. Han tek semesteravgifta i medlemspengar, og får resten av finansieringa si frå det offentlege. Ved alle dei norske universiteta og høgskulane, er det studentar som skriv nynorsk og studentar som skriv bokmål. Skal studentsamskipnadane syna at dei er til for alle studentar, må dei sjå begge gruppene og bruka begge språka.
I dag skriv studentsamskipnadane nesten berre på bokmål. Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, vert det vanskelegare å halda på nynorsken. Det kan verka som eit signal om at språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde. Det signalet er det motsette av å signalisera respekt. Og respekt er grunnleggjande for å kunna tilby gode velferdstenester.
Heldigvis er det mogleg å retta opp i. Studentsamskipnadane er i dag unnatekne mållova, slik at dei fullt lovleg kan oversjå nynorskbrukarane. Det er eit uheldig unnatak, som korkje fører til billegare eller betre studentvelferd. Tvert om let det samskipnadane gløyma, og soleis usynleggjera, nynorskbrukarane på studiestadene.
Difor må Stortinget endra lov om studentsamskipnader, slik at studentsamskipnadane vert underlagt mållova som nasjonale statsorgan. Då lyt dei nytta både nynorsk og bokmål, og tilby viktige dokument på begge språka. Ei lita endring i studentsamskipnadslova vil føre til mykje meir nynorsk, og gjera det mykje lettare å vera nynorskstudent.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!