utveksling

Noreg slit med å få norske studentar til å reise på utveksling. — Regjeringa jobbar imot eigne mål 

Noreg er langt unna målet om at halvparten av studentane skal ha eit studieopphald i utlandet. Stadig færre studentar har råd, meiner Ansa.

Øyvind Bryhn Pettersen er leiar i ANSA. — Vi ønsker ei studiestøtte som er sterk nok til at det ikkje blir krise kvar gong kronekursen svingar, seier han.

— Det verkar som at regjeringa sit roleg i båten og venter på at dette skal skje av seg sjølv. Dersom det ikkje kjem ei reell satsing, er dette urealistisk, seier Øyvind Bryhn Pettersen, som er ny president i Ansa, samskipnaden for norsk utanlandsstudentar.

Som Khrono skreiv tidlegare denne veka, har ingen universitet eller høgskolar — med eitt unntak — nådd det nasjonale målet om at minst halvparten av studentane i Noreg skal ha minst eitt opphald i utlandet i løpet av studietid. 

Unntaket, som er er Noregs handelshøgskole (NHH), har til gjengjeld nådd målet med glans. Nær 60 prosent av dei uteksaminerte studentane frå NHH reiser ut i løpet av studia. Med det tronar NHH suverent på utvekslingstoppen og langt over gjennomsnittet som er på vel 15 prosent. 

Andre, derimot, lykkast ikkje like godt:

UiT Noregs arktiske universitet sende under 10 prosent av studentane på utveksling i 2023. Heilt på botnen av lista er Nord universitet med knappe 6 prosent.

— For stor gjeldsbyrde

Ansa-presidenten jublar for NHH, men trur det er små sjansar for at andre kjem etter, så lenge regjeringa ikkje løftar studiestøtta.

— Vi ønsker ei studiestøtte som er sterk nok til at det ikkje blir krise kvar gong kronekursen svingar. Då kan vi begynne å nærme oss måla vi har sett oss, seier han.

Kronekursen har som kjent falle kraftig i forhold til nivået for nokre år sidan. På same tid står måla om å nær tredoble talet på utvekslingsstudentar fast, mellom anna slått fast i mobilitetsmeldinga, vedteken av Stortinget i 2021.

Pettersen viser til at stipendandelen av skulepengestøtta for utanlandsstudentar er blitt redusert.

— Å få stipendandelen av skulepengestøtta opp til 70 prosent for alle er ei politisk hovudprioritering for oss. No er denne redusert til 40 prosent, og studentar kjem heime til Noreg med altfor stor gjeldsbyrde.

— Regjeringa jobbar imot eigne må, når dei kuttar stipenandelen og generelt ikkje følgjer opp tiltaka i mobilitetsmeldinga, legg han til. 

55.000 av uteksaminerte studentar i 2023 hadde eit kortare eller lengre studieopphald bak seg. 

— Særleg sårbar situasjon

Den ferske Ansa-presidenten kjem sjølv heim frå utlandet. Han har studert romfartsteknikk i Nederland i fem år, eit fag han måtte ut av landet for å ta. 

— Eg fekk utan tvil merke at det vart tøffare å klare seg i løpet av desse åra. Det er også dei tilbakemeldingane vi får frå andre. Slik det er no, er ikkje utveksling og studieopphald i utlandet eit reellt alternativ for alle. Vi vil at dette skal bli eit tilbod alle skal kunne få, uavhengig av kva ein har på sparekontoen, eller kor ressusterke foreldre ein har, seier Pettersen. 

Han legg til at studentar i utlandet er i ein særleg sårbar situasjon. 

— Det å overleve på eit minimum er krevjande. Med eit nasjonalt mål om å auke utvekslinga kraftig, er det ikkje for mykje å be om rammevilkår som gjer at det er mogleg å få det til å gå rundt, seier han. 

— Stor forståing

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Ivar B. Prestbakmo, seier at han har stor forståing for at økonomien til dei fleste har blitt trongare.

— Dei to siste studieåra har vi, saman med SV, derfor gjort eit historisk løft i studiestøtta, der vi har auka satsane til langt utover forventa prisvekst. Utanlandsstudentar er blant dei som har komme best ut av desse aukane, i tillegg til at dei får meir i støtte enn kva dei ville fått som student i Noreg. I internasjonal samanheng er dei norske utdanningsstøtteordningane å rekne som svært gode, hevdar han.

— Det Ansa ikkje må gløyme, er at det i fjor var rekordmange norske studentar som drog på utveksling - ein auke på 15 prosent frå 2022. Denne utviklinga skal vi jobbe for å halde fram, for vi veit kor mykje internasjonal erfaring kan bidra til fagleg og personleg utvikling, nye perspektiv og kulturforståing hos studentane våre, legg han til.

Statssekretæren peikar på at det finst mange moglegheiter for studentar til å unngå eller betrakteleg redusera skulepengane som krevst for utdanning i utlandet. Dette gjeld til dømes lærestader i fleire land i Europa, eller om ein tek utveksling gjennom etablerte avtalar.

— Gjennom Erasmus+ som er ei ordning Noreg bidreg vesentleg til, kan ein òg sleppe skulepengar totalt og få eit eige Erasmus-stipend. I tillegg har Lånekassa eit eige stipend til skulepengar for studentar som tek høgare utdanning ved særleg høgt rangerte lærestader.

Vidarefører mobiblitetsmeldinga

— Kva vil de gjere, konkret, for å sørge for å nå målet om 50 prosent utveksling?

— Vi har vidareført mobilitetsmeldinga, som skal bidra til ei kulturendring i universitets- og høgskulesektoren slik at internasjonal mobilitet blir ein integrert del av alle studieprogram. Dette forventar vi blir følgd opp av institusjonane, til dømes tiltaket om at alle universiteta og høgskolar på sikt innfører ei ordning der studenten sjølv aktivt må melda seg av utanlandsopphaldet.

Regjeringas Panoramastrategi er òg viktig, held statssekretæren fram. Den legg ein plan for korleis Noreg skal auka forskings- og høgare utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA.

— Regjeringa ønskjer spesielt at studentar vel studium i Panorama-landa, både på delstudium og heile grader. Frå hausten kan du få meir enn 42.000 kroner ekstra viss du vel studium i eit av desse landa, seier Ivar B. Prestbakmo.

Powered by Labrador CMS