Internasjonalisering

Flest studentar reiser ut i verda frå Bergen. — Ville oppleve ein annan kultur

Noregs handelshøgskole (NHH) er suveren på utvekslingstoppen. Nord universitet er på botnen.

Andreas Zakariassen har utnytta NHHs tilbod om utveksling til fulle. Han har vore både i Sør-Afrika og Italia i løpet av studietida.
Publisert Oppdatert

Studentane på NHH er dei desidert ivrigaste i landet til å reise på utvekslingsopphald i utlandet. Det viser tal frå Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2024.

Fakta

Utvekslinggstudentar per institusjon

    Utvekslingsstudentar ved statlege høgskular og universitet i prosent  av uteksaminerte studentar  (antall uteksaminerte studentar i parentes).
    2023-tal

  1. Noregs handelshøgskole: 55,8 (1191)
  2. Universitetet i Bergen: 23,3 (3584)
  3. Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo: 22,7 (122)

  4. Universitetet i Oslo: 20,6 (4746)

  5. Noregs idrettshøgskole: 20,2 (282)

  6. NMBU: 19,7 (1346)
  7. Høgskulen i Volda: 18,4 (543)
  8. NTNU: 16,8 (8420)
  9. Universitetet i Agder: 16,3 (2627)
  10. Noregs musikkhøgskole: 15,3 (157)
  11. Høgskulen på Vestlandet: 13,7 (3308)
  12. OsloMet: 13,6 (4105)
  13. Universitetet i Stavanger: 12,7 (2455)
  14. Samisk høgskole:12,5 (8)
  15. UiT Noregs arktiske universitet: 9,7 (3068)
  16. Kunsthøgskolen i Oslo: 9,2 (206)

  17. Universitetet i Søraust-Noreg: 8,9 (3099)

  18. Høgskolen i Innlandet: 7,7 (2558)
  19. Høgskolen i Molde:6,3 (495)
  20. Høgskolen i Østfold: 5,9 (1200)
  21. Nord universitet: 5,7 (2082)

Kjelde: Tilstandsrapporten 2024

I 2023 hadde 56 prosent av dei uteksaminerte studentane ved høgskulen eit studieopphald i utlandet bak seg. NHH er dermed den einaste høgare utdanningsinstitusjonen i Noreg som alt har innfridd — og det med god margin — det langsiktige nasjonale målet om at halvparten av studentane skal på utveksling minst ein gong i løpet av studietida.

Gjennomsnittleg andel uteksaminerte studentar som har vore på utveksling frå dei statlege utdanningsinstitusjonane er 15,6 prosent.

Samla sett var 2023 eit rekordår for studentutveksling frå Noreg. Då drog over 8000 studentar ut, ein auke på om lag 900, eller 13 prosent, frå 2022.

Samstundes kom 10.500 studentar til Noreg, 3 prosent fleire enn i 2022.

Utvekslinga fall generelt kraftig under pandemien, men har sidan tatt seg opp igjen

Frå Sandviken til verda

1191 av studentane som gjekk ut med vitnemål frå økonomiutdanninga i Sandviken i Bergen i 2023 hadde studert i ein kortare eller lengre periode i utlandet.

Blant dei private høgskolane er det ein annan lærestad i Bergen, eit par busstopp frå NHH, som er på topp. Av alle studentar med eksamen frå Bergen Arkitektshøgskole (BAS) hadde 36 prosent vore på utveksling i 2023.

Både for BAS og NHH har tala vore stabile over tid. I 2019, året før pandemien braut laus, hadde seks av ti uteksaminerte NHH-studentar vore på utveksling.

Universitetet i Bergen høyrer også til blant dei med mest utveksling. Nær ein fjerdedel av uteksaminerte studentar i 2023 hadde vore på utveksling derifrå, ifølgje statistikken.

Høgskulen på Vestlandet, som har sin største campus i Bergen, ligg derimot under gjennomsnittet med ein prosentdel på 13,7.

Sjå tala frå alle dei statlege utdanningsinstitusjonane i eigen faktaboks.

— Oppleve noko heilt annleis

Andreas Sandrup Zakariassen har nettopp hatt sin første dag på jobb i Finansdepartementet, etter at han var ferdig utdanna siviløkonom i vår. 

Han har vore på to utvekslingsopphald i løpet av studietida, først til Cape Town i Sør-Afrika, dernest til Bologna i Italia. 

— Det å møte nye menneske og kulturar har vore ein motivasjon for meg. Eg ønskte å utfordre meg sjølv og oppleve noko nytt, noko som var heilt annleis enn Noreg, seier han — og det har han gjort til fulle, særleg undre opphaldet i ved Universitetet i Cape Town.

Han erfarer at terskelen for å reise ut er låg på NHH, også praktisk.

— Informasjonen er tydeleg, og det er lett å innpasse fag. Inntrykket mitt er at det gjer logistikken enklare enn det kanskje er andre stader, seier han.

Få reiser frå nord

Blant dei som har færrast utvekslingsstudentar, er UIT Noregs arktiske universitet.

Med knappe 10 prosent andel av studentane på utveksling, hamnar institusjonen nedst på lista blant dei gamle breiddeuniversiteta. Både Universitetet i Oslo (20,6 prosent) og NTNU (16,8) ligg langt over.

Rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, er langt frå fornøgd med tala — som altså viser at UiT ligg milevis unna det langsiktige målet om at 50 prosent skal på utveksling — og også det kortsiktige målet om at 20 prosent skal ut.

Heime best? UiT slit med å nå opp til ambisjonane om å sende fleire studentar på utvekslingsopphald i utlandet.

Olsen trur ikkje studentane nordpå er meir heimekjære enn andre, sjølv om dei som kjem frå sør i Noreg allereie har reist langt.

— Vi har behov for ein ny strategi for utveksling av studentar. Vi må tenke nytt, seier han.

Olsen skuldar delvis på at internasjonale samarbeidsavtalar universitetet har hatt i den arktiske og nordlege hemisfæren har fått ein knekk etter at alt samarbeid med Russland braut saman. No er UiT i gang med å sjå i andre retningar med sikte på å etablere nye samarbeid.

— Det som er sikkert, er at kvar forelesarar og forskarar sine samarbeid betyr mykje for studentane si interesse for å reise ut. Så det er ikkje berre institusjonelle rammeavtalar som er viktige, seier han. 

Aller færrast studentar reiser frå Nord universitet. Der var under 6 prosent av dei uteksaminerte studentane i 2023 på utveksling.

NHHs suksessformel

Som forklaring på utvekslingssuksessen trekker rektor Øystein Thøgersen fram at NHH lenge har sett på internasjonal erfaring som sentralt i utdanningsløpet. NHH har nærare 200 utvekslingsavtalar med internasjonale handelshøgskolar i 50 land. Avtalane er både med velkjende institusjonar i Europa og Nord-Amerika og meir ukjende i Asia og Sør-Amerika.

Øystein Thøgersen
Rektor på NHH, Øystein Thøgersen, vil jobbe for at alle studentar tar eit kortare eller lengre studieopphald i utlandet.

— Samstundes tilpassar vi studieprogrammet slik at ei reise på utveksling ikkje går på kostnad av eller legg hinder i vegen for studieprogresjonen. Vi informerer også studentane godt om kva moglegheiter dei har for utveksling. I tillegg har vi svært flinke tilsette som jobbar med utvekslingsavtalane, seier Thøgersen.

Han meiner NHH framover bør setje seg endå høgare mål for utveksling i åra framover.

— Min visjon er at alle NHH-studentane, og spesielt på master, reiser på ei semesterlang utveksling eller alternativt på ei form for kortare internasjonalt studieopplegg integrert i studieprogrammet.

Vil ha alle på utveksling

Thøgersen meiner NHH framover bør setje seg endå høgare mål for utveksling i åra framover.

— Min visjon er at alle NHH-studentane, og spesielt på master, reiser på ei semesterlang utveksling eller alternativt på ei form for kortare internasjonalt studieopplegg integrert i studieprogrammet.

Tidlegare NHH-student Andreas Zakariassen trur det er viktig at det på studiestaden er ein kultur for å reise ut. Det kan også gjere det å reise ut i verda mindre skummelt, for dei som kjenner på det.

— Det er naturleg å føle på det, men mi erfaring er at uroa vart bytta ut med forventning og glede første dag. Eg anbefaler det sterkt!

Endringslogg 31. juli kl. 9.39: Endring gjort i forklaringstekst i faktaboksen. Tala i parentes viser talet på uteksaminerte studentar, ikkje talet på utvekslingsstudentar.

Powered by Labrador CMS