kLima

Noreg er 16. største nasjon på klimaforsking

Klimaforskinga har hatt ein formidabel vekst siste ti åra, målt etter talet på publiserte artiklar.

Sterke tradisjonar i meteorologifaget og evne til samarbeid på tvers av fag er ei viktig forklaring på at klimaforskinga står sterkt i Noreg i dag, meiner Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning og professor i oseanografi ved Geofysisk institutt ved UiB. Her om bord i "Statsraad Lehmkuhl" til kai i Bergen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det går fram av tal i Indikatorrapporten, ei årleg oversikt over det norske forskings- og innovasjonssystemet, som nyleg vart lagt fram av Forskingsrådet.

Oversikta viser at Noreg er den 16. største klimaforskingsnasjonen i verda, om ein legg talet på vitskapelege publikasjonar til grunn. Når det gjeld forsking generelt, er Noreg på 29. plass.

I tidsrommet frå 2010 til 2019 har talet på årlege publikasjonar auka frå 278 til 707. Veksten i Noreg er på nivå med den generelle veksten i talet på publikasjonar internasjonalt.

På sitattoppen

Norske klimaforskarar er blant dei som blir mest siterte i verda, ifølgje den relative siteringsindeksen presentert i oversikta.

Noreg plasserer seg på 6. plass over landa der artiklane frå klimaforskarane blir mest siterte. Det er framom store forskingsnasjonar som Storbritannia, Frankrike og USA. Austerrike er på topp, med Sveits og Nederland hakk i hel.

Samstundes er dei fleste artiklane frå norske klimaforskarar skrivne saman med forskarar frå fleire andre land, og tala viser at det internasjonale samarbeidet er blitt meir omfattande dei siste åra.

I løpet av dei siste ti åra har norske forskarar vore bidragsytarar i 100 artiklar publisert i det som bli rekna som dei høgast rangerte vitskapelege tidsskrifta: Nature, Science og PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States).

Oversikta i Indikatorrapporten har også ei rangert oversikt over omfanget av klimaforskinga ved norske forskingsinstitusjonar, målt etter talet på publikasjonar i 2018-19. Ikkje overraskande gjer dei største forskingsuniversiteta mest. Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Bergen (som husar Bjerknessenteret for klimaforskning) står kvar for mellom 10 og 12 prosent av publiseringa.

I instituttsektoren er Norce på publikasjonstoppen. Konkurrenten Sintef, eit av Europas største uavhengige forskingsinstitutt, har under halvparten så mange publikasjonar på klima i dette tidsrommet.

Strategi- og kommunikasjonsdirektør, Vincent Fleischer, i Sintef, seier dette har ei enkel forklaring.

— Det enkle svaret er at vi i hovudsak ikkje driv klimaforsking. Vi forskar derimot på løysingar som forbetrar klima, som karbonfangst, hydrogen, batterier og digitalisering i industrielle prosesser. Vi forskar no også på klimapositive løysingar, det vil seie løysingar der vi tek Co2 ut av atmosfæren.

— Flink til å samle kreftene

— Kvifor er Noreg så aktiv i klimaforskinga?

— Eg trur det skuldast historikk. Noreg har i over hundre år hatt sterke fagmiljø knytt til hav og meteorologi, som har vore dyktige til å samle kreftene, seier direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning og professor i oseanografi ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, Tore Furevik.

Dei meteorologiske fagmiljøa har vore dyktige til å samarbeide med oseanografi og -geografi-miljøa, meiner han.

— I tillegg har det vore ei satsing frå Forskingsrådet over ein lengre periode.

Fureveik peikar i tillegg på at den norske befolkninga generelt er oppteken av vêr og klima, og at også det kan vere ei forklaring på at klimaforskinga blir satsa på her i landet.

Powered by Labrador CMS