Nokut-direktør Terje Mørland ser ikkje vekk i frå at Nokut i åra framover kan ta over ansvaret for enno fleire yrkesgodkjenningsordningar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Nokut får autorisasjonsansvar for lærarar utdanna i utlandet — stiller seg opne for å overta godkjenninga av fleire yrke

Autorisasjon. Ansvaret har lege på direktoratet sitt bord, men på nyåret får Nokut for første gong ansvaret for å gi yrkesgodkjenning til lærarar og pedagogiske leiarar med utdanning frå utlandet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå 1. januar 2020 tek Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) for første gong over ansvaret for å gi yrkesgodkjenning, eller det som ofte blir kalla autorisasjon, til folk med utdanning frå utlandet.

FAKTA

Godkjenning av lovregulerte yrke

Det er 166 lovregulerte yrke i Noreg i dag.

Om ein ønskjer å praktisere desse yrka, må ein få ei godkjenning eller ein autorisasjon.

Dette ansvaret er per i dag fordelt på 16 godkjenningsstyresmakter og 11 ansvarlege departement.

Det er yrkeskvalifikasjonsdirektivet (2005/36/EF), men også andre særdirektiv som regulerer desse yrka.

Nokut er assistansesenter i Noreg for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar for yrke som er regulerte.

I 2020 får Nokut for første gong ansvar for å godkjenne og autorisere lærarar, morsmålslærarar og pedagogiske leiarar i barnehagar.

Sjå oversikt over alle lovregulerte yrke og kva slags styresmakt som har godkjenningsansvar for dei ulike her.

Kjelde: Nokut

Det er yrka lærar, morsmålslærar og pedagogisk leiar i barnehage som Nokut no får ansvaret for å godkjenne og autorisere.

Nokut har i eit innspel til Kunnskapsdepartementet stilt seg ope for å ta over ansvaret for fleire mindre autorisasjonsordningar i tida framover.

Terje Mørland

Utdanningsdirektoratet har tidlegare hatt ansvaret, men all saksbehandling vert no overført til Nokut på nyåret.

— Nokut har mykje erfaring med godkjenning av utanlandsk utdanning generelt. No ser vi fram til å bruke kompetansen vår til å byrje å gi yrkesgodkjenningar, seier Nokut-direktør Terje Mørland.

Krava til godkjenning blir dei same sjølv om ansvaret no blir flytta til Nokut, opplyser Mørland.

Det er Kunnskapsdepartementet som har teke avgjerda. Og dette er ledd i ein heilskapleg gjennomgang av autorisasjonsordningane som regjeringa no er i gang med.

Lovregulerte yrke krev godkjenning

Dei fleste yrke krev inga spesiell godkjenning før ein kan byrje å jobbe i Noreg, men nokre yrke er det ein kallar lovregulerte. Då må ein ha ei godkjenning eller ein autorisasjon for å kunne praktisere yrket.

Lærar, morsmålslærar og pedagogisk leiar i barnehagar er slike lovregulerte yrker. Og har ein utdanning frå utlandet og ønskjer seg inn i desse stillingane, må ein ha godkjenning.

Det er som regel ulike direktorat og andre tilsynsstyresmakter som har ansvaret for å gi autorisasjon. Til dømes er Helsedirektoratet ansvarleg godkjenningsstyresmakt for helseyrke som psykolog og radiograf.

Er ope for å overta fleire ordningar

Dette er første gongen Nokut får autorisasjonsansvar. Men det kan tyde på at dette ikkje er dei einaste yrka Nokut vil få ansvar for å autorisere i åra framover.

— Nokut har i eit innspel til Kunnskapsdepartementet stilt seg ope for å ta over ansvaret for fleire mindre autorisasjonsordningar i tida framover, seier Mørland til Khrono.

I samband med regjeringa sin gjennomgang av autorisasjonsordningane, fekk Nokut i oppdrag om å kartlegge korleis alle dei 16 autorisasjonsstyresmaktene som per i dag har ansvar, behandlar søknadane.

I sin konkluderande rapport, kjem Nokut med fleire anbefalingar om korleis ein best bør organisere feltet.

— Vi seier tydleg at vi vurderer at det vil vere hensiktsmessig å samle fleire av dei små autorisasjonsordningane inn under ei godkjenningsstyresmakt. Dersom det er samfunnsmessig mest gunstig, stiller vi oss til disposisjon til å ta over fleire av ordningane, seier Mørland.

Enklare søknadsprosess

For dei som har utdanning frå utlandet og ynskjer å jobbe som lærar, morsmålslærar og pedagogiske leiar på barngehagar, lovar Nokut ein enklare og heildigital søknadsprosess.

Søkarar har tidlegare vore nøydde til å sende inn skjema og papir i posten. No vil alt skje digitalt, opplyser Nokut. Tidlegare har søkarar utanfor EØS-området først måtta få vurdert utdanningsdokumenta sine av Nokut, før dei har kunna søkt Utdanningsdirektoratet om yrkesgodkjenning. No vil alt skje innanfor same instansen.

— For søkarar blir dette enklare å forhalde seg til. Det er meir effektivt og søknader vil bli behandla raskare. Enkle, effektive og digitale godkjenningsprosessar er eit viktig satsingsområde for oss, seier Mørland.

Han opplyser vidare at søknader som allereie er inne hjå Utdanningsdirektoratet og som ikkje er ferdigbehandla, vil automatisk bli overførte til Nokut for vidare behandling.

Powered by Labrador CMS