Rektor og styreleiar bløffa styret

Publisert - Sist oppdatert
 Hadde det blitt gitt riktige opplysningar, ville det blitt ein heilt annan diskusjon på fusjonsmøtet til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i juni, meiner styremedlem Oddmund Hoel. Foto: Ida Bergstrøn, På Høyden

 Hadde det blitt gitt riktige opplysningar, ville det blitt ein heilt annan diskusjon på fusjonsmøtet til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i juni, meiner styremedlem Oddmund Hoel. Foto: Ida Bergstrøn, På Høyden

Rektor og styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane blir skulda for bløff og feilinformasjon til styret i forkant av avstemminga om fusjonen som leidde til Høgskulen på Vestlandet i juni i år. Dei to avviser skuldingane.

(Saka er oppdatert med lenke til opptak av styremøtet torsdag 29.09.16) 

Førsteamanuensis og styremedlem, Oddmund Løkensgard Hoel, er opprørt etter torsdagens styremøte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der det blei ein oppheita debatt om rektor Rasmus Stokkes og styreleiar Trond Uelands informasjon og/eller feilinformasjon til høgskulestyret på det historiske fusjonsmøtet 9.juni i år.

Hoel meiner at både rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland ga uriktige opplysningar til styret under fusjonsmøtet i juni. Høgskulestyret vedtok den gongen, med ei stemmes overvekt, å seie ja til fusjon med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Les også: 3 x ja til fusjon i vest 

Samskipnaden ei av dei viktigaste sakene

 Det blei gitt uriktige opplysningar til styret i ei svært viktig sak, og det er graverande.

Oddmund Løkensgard Hoel
Førsteamanuensis og styremedlem ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Eg vil beklage at nokon
oppfatta det som at eg
feilinformerte.

Rasmus Stokke
Rektor, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Eg kan ikkje gå god for at vi har bløffa, og eg vil ikkje inn i den diskusjonen, det vil berre spore av.

Trond Ueland
Styreleiar, Høgskulen i Volda

For meg var det lettare å vippe saka over til ja til fusjon når løftet om samskipnaden kom frå rektor.

Jan Olav Fretland
Dosent og styremedlem, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Eg kjenner meg ikkje feil-informert.

Kari Kjenndalen
Eksternt styremedlem, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ei av dei viktigaste sakene i innspurten for fusjonsforhandlingane på Vestlandet i juni var fleire si frykt for eit dårlegare velferdstilbod til studentane dersom ein konsekvens av høgskulefusjonen også ville bety ein fusjon av dei tre samskipnadane.

Samskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF),  er ifølge Hoel, mykje mindre, har eit betre velferdsordningar for studentane og ein betre økonomi enn den 10 gongar så store Samskipnaden i Bergen. Samskipnaden i Sogn og Fjordane ville helst halde fram aleine og ikkje fusjonere med dei to andre.

Punktet om samskipnadsfusjon var så avgjerande for styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane at fusjonshøgskulane sine tre rektorar og styreleiarar heldt møte med statssekretær Bjørn Haugstad 8.juni, dagen før det avgjerande styremøte om fusjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen var at fleire frykta at spørsmålet om samskipnadsfusjon kunne velte fusjonen mellom dei tre høgskulane. 

Forsikring frå Stokke

Dagen etter møtet med Haugstad forsikra rektor Rasmus Stokke høgskulestyret om at «Det kjem heller ikkje til å bli gjort ein fusjon mellom samskipnadene før det ligg føre ein avtale som også SISOF kan godta».

Styreleiar Trond Ueland følgde opp forsikringa frå rektor med å seie at  «Eg går ikkje for dette (høgskulefusjon red.mrk) for ein kvar pris. Blant anna dette vi hadde på møtet med departementet om studentvelferda i går var avgjerande. Vi fekk full skår på det, vi får det inn i den kongelege resolusjonen», sa Ueland. Videopptak frå styremøtet 9.juni ligg ute på youtube og stadfester kva som ble sagt i møte. 

Sjå videopptak her: Styremøte Høgskulen i Sogn og Fjordane 9.juni 2016 (Tid: 03.04-03.06)

Tvangsfusjon av samskipnadane

Høgskulestyret vedtok 9.juni fusjon med dei to andre høgskulane på Vestlandet med minste moglege fleirtal. I etterkant blei ikkje dei tre samskipnadane samde om ei avtale gjennom forhandlingar. Samskipnaden i Sogn og Fjordane syntest ikkje at avtala var god nok for dei. Men 19.september i år avgjorde departementet likevel saka og fusjonerte dei tre samskipnadane med tvang.

Les også:

Hoel: Svært graverande

Under ei orienteringssak på høgskulestyret i går, torsdag 29.september, kom difor saka om samskipnadane opp igjen. Her kom det også fram at rektor Stokke ikkje hadde fått forsikringar frå departementet likevel om at det ikkje ville bli fusjon mellom samskipnadane dersom Samskipnaden i Sogn og Fjordane ikkje kunne godta avtalen. 

Oddmund Hoel, reagerer kraftig på dette og meiner at rektor Rasmus Stokke og styreleiar Ueland feilinformerte styret på dette punktet under det viktige fusjonsmøtet 9.juni i år. 

— Det blei gitt uriktige opplysningar til styret i ei svært viktig sak, og det er graverande. Rektor Rasmus Stokke bløffa styret. Hadde det blitt gitt riktige opplysningar, ville det blitt ein heilt annan diskusjon på fusjonsmøtet i juni, seier Hoel til Khrono etter torsdagens styremøte i Sogndal.

Se også: Opptak av styremøte ved HiSF torsdag 29.09.16. (Diskusjonen om fusjon startar 1:59:35 ut i opptaket)

Ingen normal organisasjon

— Kunne det ha endra utfallet i fusjonssaka, slik at Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde vald å seie nei til fusjon med Bergen og Stord/Haugesund?

— Dette med samskipnaden og studentvelferden var eit av dei aller viktigaste sakene som fusjonen mellom dei tre høgskulane hang på. Men vi kan ikkje i dag vite om utfallet ville blitt annleis og hadde vippa andre vegen, seier Hoel. 

— Men vil dette at du meiner de er feilinformerte få nokre konsekvensar? 

— I ein normal organisasjon hadde det vore heilt uholdbart for ein dagleg leiar å fortsette etter å ha gitt uriktige opplysningar til styret. Men vi er ingen normal organisasjon, vi sit på oppseiing, og alle skal gå av om tre månader, seier Hoel.

— Hadde du venta ei orsaking frå rektor og styreleiar? 

— Forventningane mine var låge og avgrensa seg til å få klarlagt kva som hadde skjedd, seier Oddmund Hoel til Khrono.

(Foto: Ida Bergstrøm, På Høyden)

Lettare for Fretland

Dosent, styremedlem og prinsippiell fusjonsmotstandar, Jan Olav Fretland, (bildet over) var han som avgjorde fusjonssaka i styret i Sogn og Fjordane i juni, ved å stemme for ein fusjon han var imot. Fretland er på ferie og deltok ikkje i gårsdagens styremøte ved høgskulen, men då Khrono ringer er han allereie infomert om at det har vore ein heftig debatt på torsdagens styremøte. 

— Ville du ha stemt annleis i fusjonssaka dersom du hadde visst at rektors løfte om samskipnadane ikkje stemde?

— Eg kan ikkje seie noko bastant om det her eg sit no. Men resultatet for samskipnaden var viktig, og for meg var det lettare å vippe saka over til ja til fusjon når det løftet om samskipnaden kom frå rektor, stadfester Fretland. 

Les også: Fusjonsmotstandar Fretland berga ja til fusjon på Vestlandet

Stokke: Oppfatta og tolka som bløff

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, stadfester også overfor Khrono at det var ein oppheita debatt på torsdagens styremøte.  

— Bløffa og feilinformerte du styret ditt 9.juni ,om løftet de hadde fått frå departementet om fusjon og samskipnaden? 

— Nokon har oppfatta og tolka det slik at eg kan ha gjort det. Vi hadde ein runde på dette i styremøte i dag, seier rektor Rasmus Stokke til Khrono. 

— På opptaket frå styremøte 9.juni seier du «Det kjem heller ikkje til å bli gjort ein fusjon mellom samskipnadene før det ligg føre ein avtale som også SISOF kan godta»?

— Det spørs korleis ein tolker ei enkelt setning. Utgangspunktet var at det var staket opp ein veg med god tid for å komme fram til ei avtale mellom samskipnadane der partane var likeverdige. Men så braut dei forhandlingane, og løfta saka opp til departementet. Og departementet vedtok ein fusjon mellom samskipnadane utan at det var ei avtale som SISOF kunne godta, seier Stokke. 

Stokke beklagar

(Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane)

— Men forstår du at nokon kunne tolke det du sa som feilinformasjon?

— Eg ser at eg under orienteringa til styret kunne teke meir forbehold om at forhandlingane mellom samskipnadane sjølvsagt kunne strande, og at eg kunne løfta opp det poenget, seier Stokke. 

— Men bløffa du styret? 

— Nei.

— Er det noko du vil beklage i denne saken?

— Eg vil beklage at nokon oppfatta det som at eg feilinformerte, seier rektoren. 

— Er du bekymra for studentvelferden i Sogn og Fjordane no? 

— Samskipnadane blei slått saman utan avtale i botnen. Høgskulen har strengt tatt ikkje noko med kva Samskipnaden gjer, men dei er særdeles viktige, og vi har fått inn i kongeleg resolusjon at studentvelferden ikkje skal bli dårlegare. Høgskulen kjem til å følgje nøye med på korleis studentvelferden blir sikra på dei regionale studiestadane, seier rektor Rasmus Stokke til Khrono. 

Styreleiar tenkjer framover

Trond Ueland (bildet under) er ekstern leiar av styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og stadfester at det gjekk ei kule varmt på styremøtet i går, torsdag. 

— Men dette reflekterer berre litt temperatur som vi er vande med å ha i styret. Eg tenkjer at vi får sette dette på kontoen på at det har vore tøffe tak gjennom heile fusjonsprosessen. Dette må vi tåle, det har vore mange heite debattar, seier Ueland til Khrono. 

Også han stadfester at spørsmålet om studentvelferd og ein eventuell fusjon med samskipnadane var eit viktig spørsmål under fusjonsdiskusjonane i høgskulestyret før sommaren. 

Les også: Fusjonsvennlig styreleder i vest

(Foto: Førde kommune)

— Dette spørsmålet var så avgjernade for oss at vi fekk eit eige møte med statssekretær og rektorar styreleiarar dagen før fusjonsstyremøtet 9.juni. Og der gjekk vi så langt som det var muleg å gå, det var viktig at samskipnaden fekk ei avtale dei kunne godta. Eg brukte alt eg hadde av nettverk og vi fekk spørsmålet om velferden på plass, sjølv om nettopp dette ligg utanfor vårt styreansvar. Samskipnaden står på egne bein, seier Ueland,. 

— Men no blir du og rektor skulda for å ha feilinformert og bløffa styret i møte 9.juni?

— Eg kan ikkje gå god for at vi har bløffa, og eg vil ikkje inn i den diskusjonen, det vil berre spore av. Eg ser at vi kan tolke dette forskjellig, og det blir brukt sterke ord her. For meg var det studentvelferden som var viktig, og intensjonen har vore viktig, vil følgde opp det vårt eige styre og studentane meinte var svært viktig, men vi kan ikkje forskottere forhandlingar, seier Ueland, og meiner at det er viktig å tenkje framover no.

Kjenndalen ikkje feilinformert

Kari Kjenndalen (bildet under) som er eksternt styremedlem ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kjenner seg ikkje feilinformert av rektor og styreleiar. Ho skal også mellombels fungere som styreleiar i den fusjonerte Høgskulen på Vestlandet frå årsskiftet og fram til Arvid Hallén skal tiltre som leiar 1.mars 2017. 

(Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm)

— Eg kjenner meg ikkje feilinformert, seier ho til Khrono, og legg til: 

—  Kunnskapsdepartementet var villige til å bidra til ei løysing som sikra best muleg studentvelferd på alle studiestader. Det er følgd opp gjennom kongelig resolusjon, møter og brev. Samskipnaden og høgskulen er to sjølvstendige organisasjoner med kvar sine styre. No går dei inn i ein ny organisasjon med utvida oppgåver frå brukarar og departement. Eg rekner med at de leverer i tråd med det mandatet dei har, seier Kjenndalen. 

Fakta

Her er den nye Høgskulen på Vestlandet

Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som no er grunnlaget for forhandlingar om ein  samla høgskule på Vestlandet.

12. mai behandla styra ved dei tre institusjonane fusjonsplattforma.

På styremøtet 9. juni, sa alle institusjonane ja til fusjonen.

Fusjonen trer i kraft 1.januar 2017.

Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.

Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.

Institusjonen skal ha få avdelingar.

Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar og ikkje etter geografi.

Høgskulen på Vestlandet vil få fem ulike studiestadar.

Avskjed. Professor Nils Rune Langeland har klaget inn vedtaket om avskjedigelse fra Universitetet i Stavanger. Nå skal UiS vurdere klagen og behandle saken på nytt, før de eventuelt sender den videre til Kunnskapsdepartementet på nyåret.