3 x ja til fusjon i vest

PublisertTirsdag, 7. juni 2016 - 0:56-OppdatertTirsdag, 7. juni 2016 - 0:56
Foto: Tor Farstad
Struktur. Leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen tilrår fusjon. Neste veke kan Høgskulen på Vestlandet bli ein realitet.

Torsdag 9. juni skal det vere parallelle styremøter ved Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen i Bergen (HiB). Her skal styra ta stilling til fusjonsplattforma som forhandlingsutvalet har kome til semje om.

Sakspapira er klare. Her står det at leiinga ved alle dei tre høgskulane tilrår fusjon.

Seier også styra ja til fusjon, betyr dette at høgskulelandskapet på Vestlandet blir gjennomgåande endra: Dei tre einingane vil forsvinne 1. januar 2017,  og bli erstatta av den langstrakte Høgskulen på Vestlandet.

Lang prosess

—  Dette har vore ein lang prosess med strukturmelding, eksterne og interne utgreiingar, analysar og forhandlingar. Når eg no ber styret om å seie endeleg ja til ein fusjonsavtale, er det fordi eg er overtydd om at dette er til det beste for ei framtidig høgskuleutdanning, både i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, seier rektor Rasmus Stokke i ei pressemelding.

Namn, avdelingsstruktur, lokalisering av leiing og styrerepresentasjon er nokre av emna som har skapt  usemje og uvisse i forhandlingsutvalet.

I plattforma som styra skal stemme over torsdag, er følgjande løysingar presenterte: 

  • Den nye institusjonen vil få namnet Høgskulen på Vestlandet. Dette skjer etter særleg ønskjer frå Høgskolen i Bergen. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var Vestlandshøgskulen det prefererte alternativet.
  • Den langsiktige ambisjonen er å bli universitet.
  • Hovudmålforma skal vere nynorsk.
  •  Høgskulen på Vestlandet skal arbeide for balanse med omsyn til kjønn og geografi i rekruttering til leiar- og nestleiarstillingane.
  •  Disiplinfaga, altså dei tradisjonelle universitetsfaga, skal få ei særleg vurdering når den nye høgskulen skal organiserast. Om dei skal få ei eiga avdeling, eller innpassast i ein av dei andre avdelingane, er ikkje kjent.
  • Ingen studiestader skal bli lagt ned. Ingen skal miste jobben eller gå ned i løn som følgje av fusjonsprosessen.
  • Høgskulen på Vestlandet skal ha normalmodellen for leiing etter universitets- og høgskulelova. Det inneber tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektor skal ha arbeidsplass i Bergen.
  • Dei største profesjonsutdaningane skal bli tilbydd i dei tre nærregionane. Det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadane.
  • Normtal kan bli eit verkemiddel for å oppnå balanse mellom faglege og administrative årsverk.
  • Intern rekruttering skal vere hovudregelen ved tilsetjing av leiarar i den første funksjonsperioden.
  • Det vil bli søkt Kunnskapsdepartementet om SAKS-midlar for å gjennomføre og implementere fusjonen. I tillegg til ordinære SAKS-midlar vil det bli søkt Kunnskapsdepartementet om midlar til prosjekt som er særeigne for denne fusjonen.

Eitt felles interimstyre

Etter planen skal eit interimstyre ta over frå og med hausten 2016. Det vert etablert ein prosjektorganisasjon på tvers av dei tre institusjonane som vil stå for førebuing av saker til interimstyret.

Det er lagt opp til at det interimsstyret som vert valt og oppnemnt tidleg hausten 2016, går over til eit fast institusjonsstyre frå 1.1.2017.

Styret skal heile perioden ha 13 medlemmer.

Talet på studentrepresentantar har vore omstridd. I utkastet til fusjonsplattform var det lagt til grunn at studentane skulle ha to representantar i interimstyret. 

Usemje om studentane

Ifølgje universitets- og høgskulelova skal studentane ha minst 20 prosent representasjon i alle styre og utval. KD kunne ha gitt dispensasjon for eit lågare tal i interimsperioden og fram til fusjonstidspunktet 1. januar 2017. Ettersom utgangspunktet er at interimstyret skal halde fram som styre også etter fusjonsdato 1. januar, er talet på studentrepresentantar auka frå to til tre.

Denne auka går på kostnad av representasjonen til dei teknisk-administrativt tilsette, som ikkje får to, men éin representant. Organisasjonane som organiserer teknisk-administrativt personale er kritiske til at den relative representasjon for denne gruppa i styret blir lågare.

To valde representantar frå Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane vil delta i styremøta fram til 31. juli 2019.

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fakta

Dette er fusjonen på Vestlandet

Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram eifusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samla Vestlandshøgskule.

Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.

Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.

12. mai blei fusjonsplattforma behandla av styra ved dei tre institusjonane

På styremøtet  9. juni, skal styra seie ja eller nei til fusjon.

Seier alle tre ja, blir ein kongeleg resolusjon om å slå saman dei tre høgskulane godkjent i statsråd dagen etter, og fusjonen er eit faktum.

Institusjonen skal ha få avdelingar.

Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Kvalitet. Erfaringene fra Lunds universitet viser at et meritteringssystem for fremragende lærere fungerer, skriver Roy Andersson, Thomas Olsson og Torgny Roxå ved Lunds Tekniska Högskola. 
Meninger · Sensur.  Jeg vil oppfordre alle kolleger som blir spurt om å sitte i klagekommisjoner ved andre institusjoner om å takke nei, skriver førsteamanuensis Arve Hjelseth ved NTNU
Meninger · Kutt. Faren er at studieplasser på ordningen med kompletterende utdanning blir stående tomme, etter at Stortinget kuttet i budsjettet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT), skriver prorektor ved HiOA, Nina Waaler.  

Karriere

Campus

Samfunn