Fusjonsmotstandar Fretland berga ja til fusjon på Vestlandet
Fusjonskritikar og tidlegare rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland, avgjorde storfusjonen mellom høgskulane på Vestlandet. No er han budd på kjeft.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det blei ein spennande dag på Vestlandet torsdag, og ein skjebnedag for det som no skal bli Høgskulen på Vestlandet - og etter kvart eit nytt profesjonsuniversitet i vest.
I tur og orden sa dei ja til fusjon: Først Høgskolen Stord/Haugesund sitt styre, rundt kl 12.00 var det klart at også styret ved Høgskolen i Bergen ønska fusjon, men det var framleis usikkert kva resultat det ville bli hos den tredje fusjonspartnaren, Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Møtt av demonstrantar
Då styremedlemmane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kom til møtet blei dei møtt av demonstrerande studentar med plakatar som oppmoda styret til å seie nei til fusjon med dei to andre høgskulane.
— Vi klarer oss fint aleine, sa Knut Almås Anfinnset, student og påtroppande leiar av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til På Høyden.
Eg veit at eg kjem til å få mykje kjeft for at eg stemte ja til fusjon, men den skal eg klare å ta.
Jan Olav Fretland
Under det dramatisk styremøtemøte var det lenge uklart om nei-sida eller ja-sida ville få flest stemmer.
Fleire i styret hadde på førehand signalisert kva dei ville stemme. Kva styremedlem Jan Olav Fretland ville kome til å stemme i møtet, var lenge usikkert. Han ville vere den som avgjorde valet, ettersom nei-sida og ja-sida talte like mange personar, det sto 5-5.
5-5 og internt fraksjonsmøte
I eit innlegg signaliserte Fretland at han helte mot eit ja, men ønska tid med dei interne styremedlemmane samt studentrepresentantane.
Etter ein pause kunne Fretland melde at han ville gje si tilslutning til fusjonen. Slik vart storfusjonen på Vestlandet sikra, med knappast mogleg fleirtal 6-5, av ein prinsipiell motstandar av fusjon, førsteamanuensis Jan Olav Fretland.
— Kva var det som gjorde at du var så lenge i tvil om kva du skulle stemme?
— Eg er ikkje einig i politikken til den sittande regjeringa om at det er eit viktig mål å oppnå store einingar i universitets- og høgskulesktoren. Eg synest ikkje at fusjonsideen er god, og meiner at alliansemodellar og samarbeid burde vore lov å prøva ut, seier Fretland til Khrono, som han meiner har vore «hofforganet for ein fusjon på Vestlandet».
Uroa for lærarutdanninga
— Så då er du den prinsipielle fusjonskritikaren som berga den store høgskulefusjonen på Vestlandet. Kva gjorde at du sa ja til slutt?
— Krava til masterutdanningar er at dei må vere store for å vere sikre på at dei blir akkrediterte og eg var uroleg for lærarutdanninga vår om kor sterkt ho ville stå aleine, seier Fretland og legg til:
— Men eg ba om pause og eit særmøte mellom studentrepresentantane og styrerepresentantane for dei tilsette for å diskutere saka. Der sa eg at dersom alle dei interne sa at det var eit ønskje om å stemme i blokk, så ville eg gjere det og stemme nei, fortel Fretland. Men han seier også at det kom fram i det interne fraksjonsmøtet at nei-stemninga ikkje var så klar som det kunne sjå ut til.
— Det viste seg at tvilen var større blant dei seks interne representantane enn det kunne sjå ut om i møtet. Heller enn 5-1 blant dei interne representantane så var det 4-2. Og då den interne sitsen såg slik ut bestemde eg meg for å seie ja, seier Fretland.
Fretland er budd på kjeft
Dei fem som stemte mot var Inger Auestad, Åse Neraas, Magnus Brøste, Oddmund Hoel og Trine Ludvigsen Rygg.
— Eg er letta og glad. Eg var budd på at det kunne kome til å bli fleirtal mot fusjon, sa dagens rektor, Rasmus Stokke, til På Høyden etter møtet.
— Eg meiner sjølvsagt at det er veldig uheldig at styret er så splitta som det er, og veit at eg kjem til å få mykje kjeft for at eg stemte ja til fusjon, men den skal eg klare å ta, seier Fretland som har merkt presset frå kollegaer og studentar. Han har fått mange oppmodingar, dei fleste har handla om å stemme nei i det avgjerande styremøtet.
Jan Olav Fretland var rektor ved den første Høgskulen i Sogn og Fjordane, etter fusjonar og strukturendringar i 1994. Han gjekk av som rektor i 2000, og no er han førsteamanuensis i norsk og forskar mellom anna på nynorsk språkbruk. Han har skrive ei rad lærebøker knytt til nynorsk generelt og god offentleg nynorsk spesielt.
Lovord til Søgnen i Bergen
Han kjem med lovord til rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, når det gjeld fusjonsplattforma og forhandlingane.
— Søgnen er far for denne fusjonen. Han har gjort ein god jobb og gitt oss gjennomslag for mange av dei krava vi har kome med undervegs i prosessen, seier Fretland.
— Så no er alle vener og vel forlikte?
— Det vil eg ikkje tru. Vi merkar allereie korleis dekanen på lærarutdanninga i Bergen uttalar seg når det gjeld oppbygging og organisering av den framtidige læarutdanninga. Men når vi no har rigga til eit felles prosjekt så vil det bli den vanlege kampen om ressursar og den skal vi klare, seier Fretland.
Ønsker kvinnelege rektorsøkarar
Høgskulestyret vedtok også utlysningstekst for stillinga som ny rektor ved den fusjonerte Høgskulen på Vestlandet, som formelt skal slå seg saman frå 1.januar 2017.
— Etter erfaringane frå Høgskolen i Sørøst-Norge så la styret vårt vekt på at vi må oppmode kvinner til å søke stillinga, seier Jan Olav Fretland til Khrono, avisa han meiner har vore sjølve «hofforganet for fusjon på Vestlandet».
— Mange fellestrekk
— Vi fusjonerer fordi vi har mange fellestrekk og gode føresetnader, men også fordi vi har styrker og særtrekk som samla sett vil gje eit endå betre tilbod til landsdelen, seier dei tre styreleiarane Trond Ueland (HiSF), Liv Reidun Grimstvedt (HSH) og Ole-Gunnar Søgnen (HiB), i ei pressemelding.
Høgskulen på Vestlandet skal bli både fagleg sterk og innovativ, og bli blant dei beste innan store profesjonsutdanningar som lærar-, helse- og ingeniørutdanning. Den nye høgskulen har ein klar ambisjon om å bli eit landsdelsuniversitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil, og vil prege utviklinga av Vestlandsregionen, heiter det i meldinga.
Nynorsk hovudmålform
I pressemeldinga skriv dei at Høgskulen på Vestlandet skal ta utgangspunkt i, og byggje vidare på, hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Difor vert nynorsk hovudmålforma for den nye institusjonen. Rektor får hovudarbeidsplass i Bergen, og prorektorane skal ha sete i og ansvar for sin nærregion.
Høgskulen på Vestlandet skal ha felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing, og slik sikre at ein arbeider på tvers av fag og geografi.
Høgskulen vil få fem studiestader frå Sogndal og Førde i nord til Stord og Haugesund i sør.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!