styremøte
No kan det verta esport på Vestlandet
Esport som ein del av idrettsutdanninga er blant sakene som skal drøftast når Høgskulen på Vestlandet har styremøte torsdag.
Skal det verta esport og gaming i idrettsutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet? Når styret torsdag er samla til studieårets første styremøte, er det eitt av tema. Institutt for idrett, kosthald og naturfag skal presentera sine tankar kring dette.
Møtet ser du direkte her frå klokka 10.
Styret skal elles få orientering om opptak og studiestart, og dei skal få ei oppsummering av etatsstyringsmøtet høgskulen har hatt med Kunnskapsdepartementet. Her er konklusjonen at mykje er bra, men at departementet forventar betring eller framleis framgong på nokre felt: Talet på vitskapelege publiseringar av høgt nivå, meir utteljing frå Forskingsrådet, nedgang i talet på mellombelse stillingar.
Heile sakslista finn du her.
Nyeste artikler
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Tid for forskning
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år