korona

No innfører NTNU digital korona-registrering

NTNU listeførte studentane fysisk - og fekk kritikk. No skal registreringa av kven som er på førelesing skje digitalt.

Tydeleg markering av kva sete ein ikkje kan sitja på ved NTNU. No skal studentane kunne nytta ein QR-kode for å registrera om dei har vore til stades i førelesingssalen.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NTNU måtte, på oppdrag frå Trondheim kommune, listeføra alle studentar deltok på aktivitetar på campus. Dette skjedde ved at ein førelesingar sendte ut ei fysisk liste som alle måtte skriva seg på.

Fleire tilsette reagerte på dette.

— Eg tenkjer mest på kontaktsmitten som kan oppstå, sa universitetslektor Ronny Kjelsberg, og peika på at alle måtte ta på same arket.

QR-kode

No har NTNU laga ei digital registreringsløysing. Det kjem fram i ei pressemelding frå NTNU-leiinga, som er sitert i Universitetsavisa.

Det nye innsjekkingssystemet nyttar QR-kodar for at studentane enkelt skal kunne registrera seg inn. Kvart rom vil ha ein eigen QR-kode, og etter å ha scanna denne vert studenten sendt vidare til eit innsjekkingsskjema der ein kan justera tid og eventuelt òg kan registera seteplass.

Registreringa vert sletta etter ti dagar.

— Me oppmodar alle som deltek i undervisning i NTNU sine areal til å registrera seg digitalt. Då kan me bidra i det viktige arbeidet med smittesporing ved eit eventuelt tilfelle av covid-19 på campus, seier rektor Anne Borg i pressemeldinga.

Noterer kor dei sit

NTNU har ikkje hatt smittetilfelle blant studentar, bortsett frå eit par tilfelle blant fadrar før studiestart. I Bergen har det vore mange smittetilfelle, både på Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og NHH.

Bedriftslege Stein Inge Stigen ved UiB fortalde under universitetsstyremøtet førre veke at alle stolar i store auditorium har fått eit nummer. Studentane vert bedne om å notera kor dei sit. Dette gjer at ein ikkje treng å senda alle i karantene dersom nokon som har vore til stades viser seg å vera smitta.

Powered by Labrador CMS