høgskulen på vestlandet

No er Gunnar Yttri rektor i vest

Ein bunadskledd Gunnar Yttri overtok rektorkjedet ved Høgskulen på Vestlandet 7. januar.

-Det å få ei slik mottaking, ein eigen seremoni, set eg umåteleg stor pris på, sa nyerektoren Gunnar Yttri.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Talar, kjende artistar og eiga innsetjingsfanfare. Det var så mykje stas som det plar vera når ein utdanningsinstitusjon får ein ny rektor. Men dei aller, aller fleste måtte følgja innsetjinga av Gunnar Yttri som ny rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) via skjermen. Seremonien starta ved at den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes spelte vestlandsk musikk på høgskulen sitt flygel - eit flygel han sjølv plukka ut i 2014. Men salen var tom.

— Eg skulle likt at alle hadde vore samla i same sal i dag, sa styreleiar Arvid Hallén.

— Eit rektorskifte er ei viktig hending og må markerast skikkeleg, sa han vidare, og takka avtroppande rektor Berit Rokne for jobben ho har gjort dei første fire åra av høgskulen sitt «liv».

Rokne: Edelstein

— Det er med stoltheit og glede eg gir deg dette kjedet. HVL er ein edelstein på Vestlandet og for Vestlandet, men han på polerast og slipast for å skina og vera uknuseleg, sa Rokne i si helsing til etterfølgjaren.

Berit Rokne og Gunnar Yttri hadde kledd seg i bunad for høvet. Dei fleste måtte følgja med på seremonien via ein skjerm.

Ho kom frå stillinga som professor ved Universitetet i Bergen (UiB) til rektorstillinga ved HVL. Ved UiB var ho prorektor i fire år, og ho har altså leia HVL dei fire første åra etter at dei gamle høgskulane i Bergen,Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund slo seg saman.

Det ungdommelege

Då Khrono trefte Yttri i Sogndal i november i fjor, la han vekt på dei fem studiestadane. Han er òg oppteken av å gi studentane ei så god studietid som mogleg, og ser mot utlandet når han fortel om planane om å gjera HVL om til eit universitet.

Nokre av dei same tankane delte han under innsetjinga, etter å ha hengt rektorkjedet utanpå bunaden.

— Kunnskap veks når han vert delt. HVL vil vera ein skilnad både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, sa Yttri.

Med glimt i auga sa han at det er ein fireåring ein har med å gjera.

— Men det ungdommelege kan vera ei god kraft, sa den nye rektoren, og peika på både unge institusjonar og dei unge menneska som kjem dit.

Frå Sogndal

Yttri er førsteamanuensis i historie, og har hatt arbeidsstaden sin i Sogndal. No skal han etter planen ha hovudarbeidsstad i Bergen. I løpet av våren skal det tilsetjast prorektorar og dekanar, som vil ha åremålsperiode frå august.

Powered by Labrador CMS