Veterinærhøgskulen skal seljast
Eigedomssal. Oslo kommune og Oslo universitetssjukehus er begge interesserte i å overta delar av Veterinærhøgskulen sine lokale på Adamstua i Oslo. Resten vil bli lagt ut for sal på den frie marknaden.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Etter at ingen statlege aktørar melde si interesse, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet no gitt Statsbygg i oppdrag om å selje eller leige ut dei gamle lokala til Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Veterinærinstiuttet på Adamstuen i Oslo.
Fleire aktørar, blant dei Høgskulen i Oslo og Akerhus (no OsloMet), såg i si tid på moglegheitene for å flytte inn i delar av eigedomsmassen på 59.000 kvadratmeter.
Vi er i forhandlingar med Oslo kommune no. Dei ynskjer å forhandle om å kjøpe heile bygningsmassen.
Jorleif Jørgenvåg
I forhandlingar med to interessentar
Det har lenge vore uvisst kva som skal skje med dei gamle lokala når Veterinærhøgskulen (NMBU) og Veterinærinstituttet flyttar til Campus Ås i 2020.
Kor store delar og om delar av eigedommen i det heile teke vert lagde ut for sal på den opne marknaden, er enno ikkje klart.
Statsbygg har fått i oppdrag om å først inngå forhandlingar med to interessentar.
Oslo universitetssjukehus (OUS) ynskjer å leige om lag 10.000 kvadratmeter av laboratorieareala. Dei vil først få høve til å inngå ein langsiktig leigeavtale - ein avtale som vil bli overteken av potensielle nye eigarar, opplyser prosjektleiar Jorleif Jørgenvaag i Statsbygg.
OUS er i dialog med Statsbygg om ein eventuell leigeavtale, stadfestar eigedomssjef Geir Teigstad ovanfor Aftenposten. Kva slags avdelingar det er aktuelt å flytte inn i lokala er ikkje klart.
— Men det er innanfor fagområdet innan klinikk for laboratoriemedisin, seier Teigstad til avisa.
Oslo kommune ynskjer heile eigedommen
Deretter vil Oslo kommune, som lenge har varsla si interesse, få høve til å kjøpe areal til kommunale behov.
— Vi er i forhandlingar med Oslo kommune no. Dei ynskjer å forhandle om å kjøpe heile eller delar av bygningsmassen, seier Jørgenvaag.
For dei delane av byggningsmassen som kommunen ikkje har tenkt å nytte som kommunale formålsbygg (barneskule, vidaregåande skule, barnehage og nærmiljøsenter/bibliotek), må Statsbygg vurdere om er meir økonomisk gunstig å selje til andre aktørar, ifølgje Jørgenvaag.
Statsbygg har som mål å avklare eit eventuelt kommunalt kjøp i løpet av 2019. Areala som ikkje vert selde til Oslo kommune vil bli lagde ut for sal i den opne marknaden.
Regjeringa har siste ordet i saka og skal til slutt godkjenne sala.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!