Ni koronasmitta ved Fysisk institutt ved UiO

Publisert

Ni av dei no 11 studentane som er stadfesta koronasmitta ved Blindern Studenterhjem, studerer ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Dei 11 skal ha blitt smitta etter ein fotballkveld og seinare ein fest i studentbustaden.

— Vi har stengt eit arbeidsareal der studentane har opphalde seg, og undervisninga i dag har vore digital, sa fungerande avdelingsdirektør for HMS og beredskap, Johan Løberg Tofte, til Uniforum måndag.

Rundt 120 personar er framleis i karantene ved Blindern Studenterhjem, opplyste bydelsoverlegen i Nordre Aker til NRK måndag. Styrleiaren i studentbustaden, Nanette Fuglesang, fortel at smittesituasjonen no er stabil.

Universitetet i Oslo fekk i veke 41 beskjed om at minst ni studentar og ein tilsett var smitta med covid-19.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS