eksamen

NHH tapte i Høgsterett — nekta student å gå opp til eksamen

Studenten hevda Noregs handelshøgskoles (NHH) vedtak var ugyldige. No må saka vurderast på nytt.

NHH, eksteriør
NHH-studenten tok sjølv høgskulen heilt til Høgsterett, utan advokat, då han vart nekta å ta eksamen. No kan vedtaket bli kjent mellombels ugyldig.
Publisert Oppdatert

NHHs vedtak om å nekte ein student retten til å ta eksamen, er ikkje avgjort. Det er klart etter at Høgsterett har vurdert saka. 

Der har studenten fått medhald i at tingretten no må vurdere om NHHs vedtak er mellombels ugyldig.

I praksis vil dette kunne opne for at studenten kan gjennomføre eksamen, så lenge dei rettslege sidene ved saka ventar på å bli endeleg vurderte.

Studenten — som har ført saka til Høgsterett på eiga hand, utan advokat — blir også tilkjend sakskostnader på nær 30.000 kroner.

Forkasta i lagmannsretten

Studenten på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon planla å ta eksamen i emna «Internasjonal handel og velferdsteori» og «Databehandling for økonomer» hausten 2023 og våren 2024. NHH vedtok derimot at han ikkje fekk ta eksamen. Grunnen var at han ikkje hadde gjennomført «obligatoriske aktivitetskrav».

Det godtok ikkje studenten, som kravde vedtaka kjent mellombels ugyldige (gjennom mellombels åtgjerd/«midlertidig forføyning»).

Etter at Hordaland tingrett først avviste saka, anka studenten til Gulating lagmannsrett. Lagmannsretten forkasta anken og la sakskostnader på cirka 8000 kroner på studenten.

Studenten slo seg ikkje til ro med det.

Samrøystes i Høgsterett

No har ankeutvalet i Høgsterett samrøystes slått fast at tingretten må vurdere studentens krav om å få kjent NHHs vedtak kjent mellombels ugyldige.

Lagmannsrettens avviste anken frå studenten med å vise til tvisteloven (paragraf 1-3). Konklusjonen i Lagmannsretten var at «det ikke kan gis dom for det som «reelt sett» er (…) hovedkrav, nemlig et krav om å få gå opp til eksamen».

Ifølgje Høgsterett er det ikkje tilfelle: «Selv om (…) utvilsomt ønsker å oppnå å få avlegge eksamen, er hovedkravet her et krav om at vedtakene er ugyldige. Dette er «rettskrav», jf. tvisteloven § 1—3 første ledd. Konsekvensen er at forføyningssaken ikke kan avvises med den begrunnelse at det hovedkravet XX vil sikre, ikke er et rettskrav», heiter det i avgjerda frå 14. mai.

Khrono har ikkje lukkast i å kome i kontakt med verken studenten eller regjeringsadvokat Fredrik Sejersted for kommentar. Heller ikkje rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, har førebels svart Khrono. 



Powered by Labrador CMS