Studentar frå til dømes Kina, Malawi og andre land diskuterar med studentar frå USA, New Zealand og Noreg, fortel Can Banik ved Universitetet i Oslo.

6500 studentar har meldt seg på MOOC

Studentar viser stor interesse for Universitetet i Oslo sitt første internasjonale MOOC-kurs. Ved oppstart i midten av februar var det 6500 påmeldte.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kjendisprofessoren Francis Fukuyama frå Stanford-universitetet og tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland er to av førelesarane på det første MOOC (massive open online course) ved Universitetet i Oslo. 6500 studentar frå heile verda er påmelde, skriv Uniforum.

Han som held i taumane er forskingsleiar Dan Banikved ved Senter for utvikling og miljø. Han har vore drivkrafta bak prosjektet sidan han blei overtalt til å setja i gang eit slikt kurs av UiO–rektor Ole Petter Ottersen og Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) for eit par år sidan.

— Eg trur grunnen til at så mange har meldt seg på er at me ser på kva ulike tiltak i utviklingsland som verkar og som har bidratt til betre levekår og redusert fattigdom. Nettopp difor har me kalla kurset for «What Works?», seier Dan Banik (biletet over) til Uniforum.

Nøgd med oppslutnaden

Dei som deltar på kurset, kjem frå alle delar av verda.

Dan Banik

— Den første natta før me lanserte kurset den 23. februar, klarte eg ikkje å sova. Eg måtte heile tida gå bort og sjå kor mange som hadde meldt seg på. Når det no er over 6500, må eg seia meg svært nøgd, seier Dan Banik.

— Det aller mest gledelege er dei tydelege tilbakemeldingane, hovudsakleg gode, men også nokre få kritiske, dei gir oss, legg han til.

Dan Banik har også undersøkt nærmare kven desse studentane er. Det viser seg at dei absolutt ikkje er berre gjennomsnittsstudentar.

— I tillegg til studentar på ulike nivå frå forskjellige delar av verda, er det mange som arbeider for FN, i bistandsbyråkratiet, i frivillige organisasjonar eller er politikarar og offentleg tilsette, slår han fast.

— Dei som deltar på kurset, kjem frå alle delar av verda. Dermed blir det ikkje eit tradisjonelt vestleg perspektiv på det som skjer i landa som får bistand, seier Banik.

Hjelp og støtte frå Stanford

Dan Banik har i fleire år vore gjesteforskar ved Stanford-universitetet i California. Der har han fått både inspirasjon og hjelp til å laga Universitetet i Oslos første MOOC-kurs.

— Stanford-universitetet er ikkje berre eit av verdas aller beste universitet, men også verdsleiande på utvikling av MOOC-kurs, og eg har fått svært verdifull hjelp av dei til å koma i gang med UiOs første MOOC-kurs, fortel han.

Ein av grunnane til at Dan Banik sa ja til å setja saman dette MOOC-kurset, var høvet til å koma i kontakt med studentar og avgjerdstakarar frå ein endå større del av verda.

— Eg er opptatt av at deltakarane skal gjera seg kjende med gode forteljingar om nasjonale og internasjonale tiltak som verkar. Meininga er å formidla resultat frå forskinga vår og kvar veke gi alle tilgang til bonusmateriale om det temaet kurset handlar om. Det inkluderer korte blogginnlegg om dagsaktuelle tema, men også innlegg frå gjestar og skribentar. Då blir det også lettare å halda på interessa frå studentane, trur han.

— Stolt av at UiO er først ute

For å laga MOOC-kurset måtte han gjera eigne opptak med introduksjonar av forelesarane. Dei norske forskarane og Gro Harlem Brundtland har han sjølv intervjua i studioet til UniMedia i Forskningsparken. Opptaka med Francis Fukuyama, Steven Krasner, Larry Diamond og andre frå USA er blitt gjorde på Stanford-universitetet, der dei har både utstyr og folk til det.

— Utan hjelpa og støtta frå Stanford-universitet hadde eg aldri fått det til. Samtidig er eg stolt av at UiO er først ute i Noreg med eit internasjonalt MOOC-kurs. Sidan dette er nytt, blir eg personleg også svært engasjert, og eg klarer ikkje å lata vera å lesa nye kommentarar frå deltakarane, sjølv om dei kjem midt på natta, vedgår Dan Banik.

— Det mest spennande er kvar gong det blir ein debatt om politikk og demokrati. Då diskuterer studentar frå til dømes Kina, Malawi og andre land med studentar frå USA, New Zealand og Noreg, legg han til.

Eksisterer også som vanleg studietilbod

Desse ope tilgjengelege nettkursa eksisterer også som forelesingsrekkja SUM-4026 som Dan Banik leier ved Senter for utvikling og miljø.

— Dei er på rundt 25 studentar, og også dei kan ta kurset på nett og ta eksamen som gir studiepoeng. Men det er obligatorisk for dei å vera til stades kvar gong eg møter opp i byrjinga , i midten og på slutten av kurset. Dessutan har studentane eit seminarrom til disposisjon to gonger i veka, om dei ynskjer å snakka saman for å diskutera fag. Resten av tida kan dei ta kurset frå senga om dei vil det, fortel han.

— Trur du at dette blir framtidsmodellen for undervisning?

— Nei, det er eg ikkje overtydd om. Det vil heller bli eit supplement til dei tilboda som eksisterer. Den store fordelen med eit slikt kurs er at det gir Universitetet i Oslo god eksponering i utlandet.

— Vil du tilrå det til andre fagområde?

— Det er fint å få det til. No er det også viktig at UiO lagar ein plan for kva slag og kor mange MOOC-kurs det vil ha i framtida. Eg håpar mange fleire fagmiljø vil setja i gang med dette. For meg blir det spennande å sjå korleis det går, seier han.

Kostar 29 pund for diplom

Dan Banik er glad for støtta han har fått frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

— Han har gitt oppmuntring til oss under heile prosessen og sytte for at me fekk ekstra finansiering, då me trong det.

Det opne, nettbaserte kurset er ope fram til neste månad, nærare bestemt 6. april. Dei som vil kan få eit diplom som synleg bevis på at dei har deltatt på kurset. Men det kostar 29 pund hos nettprodusenten Future Learn å få det tilsendt i posten.

— Eg er ikkje begeistra for dette, og prisen kan bli for høg for mange. Men samtidig forstår eg at nettprodusenten må få dekt nokre av utgiftene sine, seier Dan Banik.

Alle som vil kan gå inn og sjå på MOOC-kurset What Works?.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS