Står klar døgnet rundt for å snakke om mobbing og sex-trakassering
Nasjonal undersøking. Eit eige støtteapparat er parat når 43.000 tilsette på universitet og høgskular skal svare på spørsmål om ubehagelege opplevingar i jobben.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag 20. mai får 43.000 personar på universitet og høgskular e-post med ei spørreundersøking om seksuell trakassering.
Alle blir bedne om å svare på spørsmål rundt mobbing og seksuell trakassering på eigen arbeidsplass. Undersøkinga varar frå 20. til 31. mai.
Dekkar over 90 prosent
Undersøkinga er heilt anonym, og ingen vil få noko oppfølging basert på kva dei svarer. Men dei einskilde blir oppmoda til å varsle dersom ein opplever kritikkverdige hendingar.
— I denne undersøkinga er det lagt svært stor vekt på anonymiteten. Personvernet har førsteprioritet, fortel Dag Nordbø ved Universitetet i Agder, som er prosjektleiar for undersøkinga.
26 av 33 medlemmer i UHR er med, det er ein overveldande respons. Eg trur vi sit med over 90 prosent av dei tilsette i sektoren.
Dag Nordbø
Initiativet til ei felles kartlegging vart tatt av Kunsthøgskolen i Oslo, Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder etter at styret i Universitets- og høgskulerådet (UHR) sa nei å gå inn for felles kartlegging, men oppfordra institusjonane til eigne kartleggingar.
— 26 av 33 medlemmer i UHR er med, det er ein overveldande respons. Eg trur vi sit med over 90 prosent av dei tilsette i sektoren, seier Nordbø.
Men Det teologiske menighetsfakultetet, VID Vitenskapelige høgskole, Norsk lærerakademi og Lovisenberg Diakonale Høgskole er blant dei som står utanfor.
Universitetet i Stavanger har allereie gjennomført ei eiga undersøking, som blei presentert i april. Da rapporterte 47 tilsette om at dei var seksuelt trakasserte i løpet av det siste året.
Krisepsykologar klare
Men i tilfelle spørsmåla skapar reaksjonar eller virvlar opp vanskelege minne, er det organisert ei teneste som skal gi folk psykologhjelp 24 timar å døgnet:
Heidi Wittrup Djup og kollegaene ved Klinikk for krisepsykologi skal ha telefonvakt både natt og dag dei neste fire vekene.
— I denne saka har vi ei telefonteneste, slik at dersom folk skulle få reaksjonar og treng å drøfte noko, så kan dei snakke med nokon utanforståande, fortel Heidi Wittrup Djup, som er dagleg leiar i Klinikk for krisepsykologi.
Blir vist vidare
Dei som deltek i undersøkinga vil få opp eit nummer dei kan ringje, når som helst.
— Vi veit ikkje kor mykje dette vil bli brukt. Folk har jo òg sine eigne kanalar i bedriftshelseteneste og andre fora. Men for nokon vil det kanskje vere greitt å kunne ta ein prat på telefon, og eg synest det er fint at dei som gjennomfører undersøkinga har tenkt grundig gjennom dette, seier Djup til Khrono.
Men ho ventar seg verken mange telefonar eller veldig sterke reaksjonar.
— Vi veit jo ikkje kva livssituasjon folk er i, og eit slikt tilbod håper vi at kan senke terskelen for at folk tar kontakt. Og vi orienterer gjerne om andre mulegheiter som finst, for vi skal ikkje gå inn i ei langvarig oppfølging, seier Djup.
Bør bli del av Ark
Arbeidsmiljøundersøkinga Ark, som fleire av landets universitet bruker, har ikkje ønska å stille spørsmål om mobbing og seksuell trakassering. Nordbø meiner det kan vere lurt å vurdere dette på nytt.
— Vi har ikkje drøfta dette i arbeidsgruppa, men for min eigen del synest eg at det ville vore fint om Ark-undersøkinga i framtida og kunne inkludere spørsmål om mobbing og seksuell trakassering, seier Nordbø.
Dei nasjonale resultata av undersøkinga er tidlegast klare i slutten av juni, og dei institusjonsvise tala er ikkje ferdige før i august. Det er difor usikkert når tala blir presenterte.
Kva tal ein skal vente seg anar ikkje prosjektleiaren.
— Men uansett om resultatet er ein låg eller høg prosent av trakassering, så utløyser det ei plikt til å jobbe med kultur og haldningar, seier han.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!