Klaus Mohn, Stavanger: Utdanning er det kraftigaste våpenet vi kan bruka til å oppnå endring i verda.
Studestart. Nelson Mandela lærte oss at det går an å forandre verda. Og den trua kan kome godt med no til dags. Og utdanning er ein viktig faktor for å få til endring.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kjære ordførar, studentar, kollegar og vener av Universitetet i Stavanger (UiS).
Velkomen til eit nytt studieår til dykk alle!
Utdanning er det kraftigaste våpenet vi kan bruka til å oppnå endring i verda.
Det sa Nelson Mandela i 2003. Frigjeringsleiaren som sat i fengsel i 27 år for deretter å bli president. Han brukte livet sitt på å avskaffe apartheid i Sør-Afrika og gjekk i bresjen for ein politikk for forsoning og samarbeid. Idealet til Mandela var eit multietnisk demokrati med likskap og rettvise for alle.
Mandela lærte oss at det går an å forandre verda. Og den trua kan kome godt med no til dags. Og utdanning er ein viktig faktor for å få til endring.
Universiteta må sørge for at me aldri sluttar å tenke oss om.
Klaus Mohn
Rett nok er det mykje som går framover, og mange har fått det vesentleg betre dei siste tiåra. Men dei gode tidene har gagna rike meir enn fattige. Større forskjellar har gitt næring til populisme og ekstreme politiske haldningar, og dermed auka risikoen for politisk uro, opprør og omvelting. Ytringsfridom er ikkje lenger noko sjølvsagt. Demokratiske prinsipp er under angrep fleira stader i verda.
Massiv materiell framgang har i tillegg lagt eit høgt press mot naturen, og late etter seg den største utfordringa i vår tid. Verda er på veg mot 3–4 graders oppvarming. Utsleppa av CO2 held ufortrødent fram, medan både me og politikarane våre i store trekk vender blikket vekk.
At FNs berekraftsmål har erobra agendaen for politikk, næringsliv og akademia er eit lyspunkt. Når me skal forme utdanning og forsking for framtida, er det i dag ingen veg utanom berekraftig utvikling. Vi må tilpassa utdanningstilbod og forskingsaktivitetar deretter.
Inspirert av den tyske filosofen Hannah Arendt, meiner den amerikanske filosofiprofessoren Elizabeth Minnich at det er overveldande viktig å stimulere studentane til å gruble, ikkje berre over det de lærer, men og over dykkar eigne tankesett og åtferd. Utdanning skal vere noko meir enn opplæring. Det skal òg vere danning.
Universiteta må sørge for at me aldri sluttar å tenke oss om. Slik eg ser det, må universitet og studentar stå som hinder mot at kritikk dovnar bort, at tankekrafta svinn og at samfunnet blir avstumpa og noment. «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente», som det heiter i samfunnsoppdraget for Universitetet i Stavanger. Dette håpar eg at de vil tenke på i tida som kjem.
Ei spesiell helsing går til de som er heilt nye studentar. Kanskje har du nett flytta heimefrå. Kanskje er du heilt ny i byen. Kanskje kriblar det ekstra i magen no om dagen. Det er ikkje så rart. Mykje er ukjent og du er sikkert spent på kva du har framom deg.
Ja, eg veit korleis du har det. Det var her eg kom sjølv som sylfersk student, rett frå vidaregåande – ein gong i førre hundreår. Eg var 19 år og skulle studere engelsk. Eg var fullstendig i villreie korleis eg skulle vere student. Verst av alt var kanskje at eg ikkje visste kva eg skulle ta meg til når det ikkje var førelesing. Eg dreiv rundt eit par veker. Sat mykje i kantina. Prata med folk. Drog tidleg heim, eller fant på noko tull med venar. Men etter ei tid kom eg til at det ikkje var slik det kunne være. Så fant eg ei pensumbok og to (det er ikkje så nøye kva bok det er), beit meg fast i pulten og tvang meg sjølv inn i meir faste rutinar. Og sjå no! Kjede og greier!
De kan ta det med ro. Uvissa går over for dykk og – om ikkje altfor lenge. Og når den tida kjem har du gløymt all uroa, for då «eiger» du det å vere student.
I mellomtida vil det hjelpe om du set deg føre å gjere det du gjer på skikkeleg vis. Slik tenker eg som rektor, og slik vil eg gjerne at både studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger skal tenke. Gjer ein innsats, ikkje slurv, men tenk at du alltid skal få ut det beste du kan, og gjerne litt til.
For å lykkast med dette er det viktig at ein har det bra med det ein held på med. At ein kan roe seg og samle seg om det ein er her for å utrette. At ein kjenner på tilhørigheit og trivsel. Eit godt læringsmiljø er like viktig for studentane som arbeidsmiljøet er for våre tilsette. Men dei sosiale kvalitetane ved tilværet som student kjem heller ikkje av seg sjølv.
Difor vil eg oppfordre dykk til å engasjere dykk blant medstudentar, i organisasjonar og ikkje minst overfor verda rundt universitetet. Saman kan vi alle bidra positivt til å skape ein god arbeidsdag og eit godt arbeidsmiljø for oss sjølve. Aktiv deltaking vil styrke samhaldet, betre studiemiljøet, legge til rette for betre samarbeid, og difor og gje betre resultat – for dykk som enkeltstudentar og for oss som universitet.
Sjølv skal eg og leiinga gå i bresjen for å lytte til fagmiljøa og studentmiljøet, sørge for involvering og medverknad. Vi har allereie tatt eit viktig steg i så måte ved å opne opp for at studentleiaren her på UiS får fast møterett på rektormøtet frå og med i haust. Dette vil forhåpentleg gi endå betre dialog mellom studentane og leiinga.
Metoo-bølja råka også oss. Dette ser eg på med stort alvor. La det ikkje være tvil: Toleransegrensa er null. Retningslinjene er på plass, og som rektor er det eg som har det overordna ansvaret for arbeidsmiljøet. Men eg treng hjelp. Frå medarbeidarar og kollegaer, men i høgste grad og frå dykk som er studentar her. De må bidra til å skape eit sosialt miljø der alle forstår kva som er akseptert og kva som ikkje er akseptert. Og om noko galt skulle skje, så må de seie frå, til instituttleiinga, til studentombodet, eller via varslingstenesta på heimesidene våre. Berre slik kan de hjelpe oss med å ta skikkeleg tak i slike saker.
Utan eit framifrå arbeidsmiljø kan me ikkje lykkast i å bygge eit framifrå universitet. Difor ser eg arbeidsmiljøet som ein del av innsatsen for å betre kvaliteten i alle ledd her ved universitetet. Me i leiinga kjem til å vektlegge arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette og studentar som skal gje trygge rammer for fagleg og sosial utvikling. Det fremmer læring og skapar fagleg kreativitet og dugleik. Eg vil at alle tilsette skal gle seg til å dra på jobb og kjenne seg stolte over arbeidet dei gjer. Slik skal vi også trekke til oss dyktige studentar, dei beste lærekreftene og dei beste forskarane. Det skal være stas å kome til Universitetet i Stavanger, og det skal være stas å være her.
I now take this opportunity to welcome all the international students to the University of Stavanger. This year we have 480 new international students from 82 countries.
My hope is that you can help the University of Stavanger in becoming an international meeting point, perhaps like a good book café, where people of different origin, discipline and tradition can come together, for conversation and critical reflection – where new ground can be gained for knowledge and insight, for the benefit of society at large.
Før eg går inn for landing vil eg nytte høvet til å takke våre gode samarbeidspartnarar og politikarar i regionen for velvilje og godt samarbeid. Me veks av å spele på lag med dykk.
Vidare vil eg takke Fadderfestivalen som legg så godt til rette for at studentane skal bli kjende med kvarandre denne første veka. Eg vil oppmoda alle dei nye studentane til å gripe høvet og engasjere dykk.
Ei siste oppmoding til alle studentane som sit her i dag er å vere nyfikne, engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing. Bruk tida de måtte ha til overs til refleksjon og søk mot meining. Og ikkje mist trua på at det går an å forandre noko til det betre. Verda kan bli betre. Om nokre få år er verda i dykkar hender.
Lukke til med det nye studieåret. Takk for at de høyrde på.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!