Asbjørn Seim blir direktør for to divisjonar ved OsloMet i 2020, etter at Tore Hansen går av som ORV-direktør ved årsskiftet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Mellombels dobbeltdirektør på OsloMet

Direktør. Asbjørn Seim ved OsloMet skal ha to direktørjobbar ut 2020.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Asbjørn Seim, som i dag er direktør for Divisjon for digitalisering og infrastruktur (DI) ved OsloMet får ein divisjon til å passe på i tida framover. Når Tore Hansen sluttar i stillinga som direktør for «organisasjon og virksomhetsstyring (ORV) frå årsskiftet, vil Seim ta over ansvaret, melder OsloMet.

Dobbel direktørstilling må ikkje bety 200 prosent stilling, meiner Seim.

— Det finst måtar å gjere ting på, det krev litt planlegging, og mange må bidra, seier han til Khrono.

— OsloMet på ei spennande reise

ORV-direktøren har det øvste ansvaret for fagområda, HR (Human relations), kommunikasjon og økonomi ved universitetet.

Seim har bakgrunn som statsvitar og har jobba med digitalisering og endringsarbeid i departement og direktorat før han kom til OsloMet for tre år sidan.

— OsloMet er på ei veldig spennande reise, med tydeleg og omfattande utvikling og med ein klar endringsagenda. Dette i seg sjølv gjer jobben interessant. Og det å få bidra til å sjå verkemiddelapparatet enno meir i samanheng er spennande på den måten at det kan understøtte denne endringsagendaen. Eg ønskjer å bidra til dette planlagte utviklingsarbeidet og vere med og forsterke det, seier Seim.

Vil vurdere framtidig organisasjon

Rektor Curt Rice seier i ei pressemelding at universitetet er inn i «en helhetlig vurdering» av strukturen når det gjeld dei to ansvarsområda i fellesadministrasjonen.

— Eg vil ha med meg resultata frå dette arbeidet, før vi konkluderer på framtidig organisering av blant anna divisjonane, seier Rice.

Tore Hansen har vore i stillinga som ORV-direktør sidan mars 2017, og fungerte i stillinga frå januar 2016. Han var før den tid kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Abjørn Seim skal i første omgang fungere som direktør for begge divisjonar, DI og ORV, ut 2020, opplyser OsloMet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS