2019 er det andre året kor fleire universitet har krav om R2-fordjupning i matematikk for å komme inn på ei rekke realfagsprogram. Det har ført til færre søkarar på ein del studium. Foto: HiOA
2019 er det andre året kor fleire universitet har krav om R2-fordjupning i matematikk for å komme inn på ei rekke realfagsprogram. Det har ført til færre søkarar på ein del studium. Foto: HiOA

Fryktar for rekrutteringa etter strengare mattekrav på realfag

Opptak. Kravet om full fordjupning i matematikk dersom ein vil studere realfag har ført til rekrutteringssvikt.

Publisert   Sist oppdatert

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen kan i verste fall ha ein av fire studieplassar for nye studentar ståande tomme til våren. Det nye kravet om realfagsmatematikk får skulda.

Det har vore ein nedgang på grunn av R2-kravet, og det er bekymringsfullt.
Petter Bjørstad
Styremedlem Universitetet i Bergen

Ved Universitetet i Bergen (UiB) kan ein ifølgje eigne prognosar ha 220 tomme studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet i vårsemesteret. I så fall vil 26 prosent av dei 843 studieplassane stå tomme, kom det fram i førre universitetsstyremøte.

Fakta

Skjerpa opptakskrav i matematikk

I 2018 starta ei fireårig forsøksordning med skjerpa opptakskrav i matematikk. For å komme inn på realfag har ein del universitet innført krav om fordjupning i matematikk frå andre og tredje året på vidaregåande (R1+R2), i tillegg til eit anna realfag frå andre og tredje året.

I tillegg til faga under har ingeniørfag vanlegvis R2-krav.

NTNU

  • Bachelor i matematiske fag
  • Årsstudiet i matematiske fag
  • Bachelor i kjemi
  • Bachelor i fysikk
  • Universitetet i Bergen (UiB)
  • Bachelor i matematikk
  • Bachelor i matematikk for teknologi og industri
  • Bachelor i kjemi5
  • Bachelor i fysikk
  • Bachelor i statistikk
  • Bachelor i bioinformatikk
  • Bachelor i geovitenskap
  • Bachelorgrad i miljø- og ressursfag (naturvitenskapelig retning)
  • Bachelor i meteorologi og oseanografi
  • Bachelor i petroleumsteknologi
  • Årsstudiet i naturvitenskapelige fag
  • Bachelor i datavitenskap
  • Bachelor i datateknologi
  • Bachelor i datasikkerhet
  • Bachelor i nanoteknologi
  • Integrert master i aktuarfag
  • Lektorutdanning i naturvitenskap eller matematikk
  • Bachelor i biologi
  • Bachelor i molekylærbiologi
  • Profesjonsstudium i fiskehelse

Universitetet i Oslo (UiO)

  • Bachelor i matematikk og økonomi
  • Bachelor i matematikk med informatikk
  • Bachelor i kjemi og biokjemi
  • Bachelor i fysikk og astronomi
  • Bachelor i geologi og geografi
  • Bachelor i geofysikk og klima
  • Årsstudiet i realfag
  • Bachelor i materialvitenskap for energi- og nanoteknologi
  • Bachelor i elektronikk, informatikk og teknologi
  • Bachelor i informatikk: robotikk og intelligente systemer
  • Lektorprogrammet, realfag
  • Bachelor i biovitenskap

UiT Norges arktiske universitet (UiT)

  • Bachelor i matematikk og statistikk
  • Bachelor i matematikk og finans
  • Årsstudium i matematikk
  • Bachelor i kjemi
  • Bachelor i fysikk
  • Bachelor i geologi
  • Lektorutdanning trinn 8-13, realfag

Universitetet i Stavanger (UiS)

  • Bachelor i matematikk og fysikk
  • Lektor 8.-13. trinn, master i realfag

Kjelde: Samordna opptak

Alvorleg uro

— Det har vore ein nedgang på grunn av R2-kravet, og det er bekymringsfullt. Intensjonen med R2-kravet var nok fornuftig og god. Men det er viktig å setje seg inn i bakgrunnstala og sjå grundigare på dette, sa UiB-styremedlem Petter Bjørstad då saka var oppe i styret i førre veke.

Dekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet på UiB, Helge K. Dahle, er òg bekymra:

— Det uroar oss alvorleg. Riktignok ventar vi at fråfallet kjem til å vere atskillig mindre enn prognosane, fordi vi no har strengare krav i matematikk. Men eg ser ingen grunn til å snakke meg vekk frå at R2-kravet slår kraftig inn her, seier Dahle.

Ba sjølv om høgare krav

Prognosane som universitetsleiinga har brukt for å berekne eit muleg studentunderskot på 220 plassar er basert på tidlegare år der det ikkje var R2-krav. Med betre kvalifiserte studentar trur Dahle at fråfallet difor blir mindre i år. Men allereie etter å ha telt kor mange som har møtt er det rundt 130 færre studentar enn det er tilgjengelege studieplassar til.

Dei skjerpa realfagskrava kom til etter at universiteta sjølve bad om høgare krav i matematikk.

Kravet kan ha slått særleg ut ved UiB, fordi universitetet frå i år berre har eitt realfagsprogram det ikkje er R2-krav i. UiB hadde ved 2019-opptaket 20 realfag med krav om R2-matematikk, ifølgje Samordna opptak.

— Vi er det einaste MatNat-fakultetet som har innført R2-kravet over heile fjøla. Vi såg ein ganske stor reduksjon i søkarar i fjor, og no har det ytterlegare forverra seg. Vi har både frykta og forventa at dette skulle skje, og no jobbar vi med å komme opp med kompenserande tiltak, seier Dahle.

Konkurrerer om 7000 elevar

Mellom 6500 og 7000 elevar i vidaregåande skule går kvart år ut med vitnemål med R2-matte på. Desse konkurrerer ingeniørutdanningar, realfagsutdanningar og einskilde lærartutdanningar med realfag om.

— Trass i realfagsatsingar har talet på elevar med full matematikkfordjuping halde seg stabilt over mange år, konstaterer Dahle.

Den faglege grunngjevinga for å innføre kravet var solid, og noko dei deltakande universiteta har vore einige om.

— Men ein kan sjølvsagt diskutere om det er andre måtar ein kan sikre at våre studentar har gode nok matematikkkunnskapar på.

Ein del fag innan biologi og geofag treng ikkje R2 i full tyngd, meiner Dahle.

Færre fag med R2-krav i Oslo

— Sjølv om vi har nokre færre kvalifiserte søkarar er konsekvensane av at vi innførte R2-kravet mindre enn forventa, seier dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo.

Men ved UiO har dei sett R2-kravet ved litt færre studieprogram enn i Bergen. Ifølge Samordna opptak er det snakk om 12 studieprogram innanfor realfag.

— Vi har valt å ha eit R2-krav fordi det er heilt naudsynt for studia våre, der utdanninga krev høg skolering i matematikk. Vi har mellom anna innført berekningar i heile breidda av våre utdanningar innan realfag og teknologi, forklarer Dæhlen.

Jenter vel bort R2

Tidlegare har dei hatt forkurs i matematikk for ein del studentar, men har ikkje hatt det etter at R2-kravet blei innført.

— Innan store delar av informatikkstudia har vi ikkje innført R2-kravet, då nokre av desse studia har betydelig innslag av humaniora og samfunnsvitskap, og at jenter som søker desse studia i større grad enn gutar har valt bort R2 i vidaregåande skule.

— Når prøveperioden er over skal vi evaluere R2-kravet. Men om du spør meg er det overvegande sannsynleg at vi vil halde fram med R2-kravet på dei studia der vi i dag har sett inn dette kravet. Det vil vere riktig å seie til unge menneske at dersom dei vil fordjupe seg i realfag hos oss, så bør dei velje R2-matte, seier Dæhlen.

Vil sjå på eventuell endring

Ved NTNU er ikkje dei endelege tala for hausten klare, men dei har opplevd at dei i mindre grad har ventelister etter opptaket i matematikk.

Heller ikkje ved UiT – Norges arktiske universitet er dei heilt ferdige med analysen av årets opptak enno. Men dekan Arne O. Smalås ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ser ein effekt, særleg i nokre fag.

— Vi ser at R2-kravet har hatt ei tydeleg effekt på opptaket i geovitskap. I år har det vore ganske dramatisk. Her var det ein stor del tidlegare som ikkje hadde R2-matte, seier Smalås.

På same måte som ved UiB har dei stilt R2-krav på dei fleste studieprogramma på fakultetet.

— Vi har alle disiplinfaga innanfor R2-kravet, seier Smalås.

Effekta er såpass stor at ein må vurdere kva som skal gjerast.

— Vi ønskjer å sjå på det saman med UiB. Vi må høyre om vi kan få til ei endring til neste opptak, seier Smalås.

(Vi gjør for ordens skyld oppmerksom på at forfatteren av denne artikkelen nå har permisjon fra jobb i Khrono, og nå er kommunikasjonsmedarbeider. Denne saken ble skrevet før han tok permisjon. Red.mrk.)