hatkriminalitet

Mann (28) sikta for å ha skalla ned OsloMet-student

Usemje kring førespelet til den alvorlege hendinga.

Slik såg Edvin Eriksen (22) ut etter hendinga i august. Dette bilete er privat og teken på legevakta i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For halvannan månad sidan, midt i fadderveka, ble OsloMet-studenten Edvin Eriksen skalla ned på nattbussen i Oslo. Grunnen til valdshendinga var ein oppheta diskusjon kring Eriksen si homofile legning.

No er ein 28 år gammal mann sikta i saka, opplyser politiet til Dagbladet.

— Eg kan stadfesta at me har sikta ein person i saka. Han har vore inne til avhøyr og han har vedgått dei faktiske forholda, seier politioverbetjent Monica Lillebakken til Dagbladet, før ho presiserer:

— Det er noko usemje kring førespelet til hendinga.

Ho ynskjer ikkje å gå i detalj kring kva usemja handlar om. Den 28 år gamle mannen er sikra for grov kroppsskade.

Fekk djupt kutt

Edvin Eriksen forklarte situasjonen på nattbussen slik då Khrono intervjua han i slutten av august:

— Eg hadde på meg ein regnbogefarga glorie. Gjengen som kom imot oss byrja å slenga kommentarar om at dei verken likte glorien eller «slike som han». Med det meinte dei oss som er homofile. Eg stod opp for meg sjølv, slik mamma har lært meg å gjera. Dei blei meir og meir aggressive, men så kom heldigvis bussen. Det dumme var at dei følgde etter oss inn, og etter kort tid blei eg skalla ned av han eine. På busstoppen etter sprang tre av dei fire av bussen.

Eriksen fekk eit djupt kutt over det eine auga som følgje av nedskallinga, og måtte til legevakta for å syast.

— Truleg store mørketal

Politioverbetjent og fagleiar for Hatkrimgruppa i Oslo politidistrikt, Monica Lillebakken, uttalte til Khrono i august at det truleg er store mørketal når det gjeld hatkriminalitetsaker.

— Me er avhengige av at folk melder frå til politiet når de opplever slik type kriminalitet, sa Lillebakken.

Les heile Khrono sin artikkel om den alvorlege saka i august, der blant andre også OsloMet-rektor Curt Rice uttala seg, her.

Powered by Labrador CMS