hatkriminalitet

OsloMet-student fekk bank fordi han er homofil

OsloMet-studenten Edvin Eriksen (22) er tydeleg på at hatefulle ytringar og handlingar mot homofile framleis er eit stort problem.

Slik såg OsloMet-studenten Edvin Eriksen ut etter å ha blitt regelrett skalla ned på nattbussen i Oslo natt til torsdag 13. august. 22-åringen måtte sy fire sting.
Slik såg OsloMet-studenten Edvin Eriksen ut etter å ha blitt regelrett skalla ned på nattbussen i Oslo natt til torsdag 13. august. 22-åringen måtte sy fire sting.
Publisert

Denne artikkelen er mer enn et år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Midt i fadderveka ved OsloMet, nærare bestemt natt til torsdag 13. august, skulle Edvin Eriksen oppleva det som mange homofile dessverre har opplevd før han, og som kanskje er eit større problem i 2020 enn det ein likar å tru.

På veg heim frå eit fadderarrangement i regi av OsloMet, stod Eriksen og venta på nattbussen på Carl Berners plass saman med to veninner, då ei gruppe på fire personar kom mot dei og ville ha dialog.

— Me hadde vore på temafest, og hadde på meg ein regnbogefarga glorie. Sjølv om eg synest glorien var fin, gjorde ikkje gjengen som kom imot oss det, og dei byrja å slenga kommentarar om at dei verken likte glorien eller «slike som han». Med det meinte dei sjølvsagt oss som er homofile, fortel Eriksen til Khrono.

Trakassering av homofile er faktisk eit stort problem, også i Noreg. Me kan ikkje snu oss vekk, og me må ta tak i det og seia at det ikkje er greitt.

Edvin Eriksen, student ved OsloMet

Kommentarane og dei hatefulle ytringane frå gjengen på fire, som Eriksen estimerer til å vera i 25-årsalderen, blei etter kvart så stygge og ondskapsfulle at han valde å svara på dei.

— Eg stod opp for meg sjølv, slik mamma har lært meg å gjera. Dei blei meir og meir aggressive, men så kom heldigvis bussen. Det dumme var at dei følgde etter oss inn, og etter kort tid blei eg skalla ned av han eine. På busstoppen etter sprang tre av dei fire av bussen, medan den siste blei igjen, fortel Eriksen, som fekk eit djupt kutt over det eine auga som følge av nedskallinga.

Fakta

Hatkriminalitet

  • Hatkriminalitet er straffbare handlingar som er motivert av hat eller negative haldningar.
  • Det kan vera på grunn av etnisitet, religion, livssyn, homofil orientering eller nedsett funksjonsevne.
  • Det botnar som oftast i at du høyrer til eller støttar ei gruppe. Det kan også skje fordi gjerningspersonen meiner du høyrer til eller støttar ei gruppe.
  • Eit eksempel kan vera at ein homofil person blir slege ned fordi vedkomande er homofil. Det kan også skje dersom nokon trur at vedkomande er homofil.

Mange vel la vera å melde forholdet il politiet. Har du blitt utsett for hatkriminalitet, oppfordrast det til å melde frå til lokalt politi.

Kjelde: politiet.no

— Opplever det heile tida

Frå bussen bar det vidare til legevakta der han blei lappa saman, før politiet kom og avhøyrde han om det som hadde skjedd. Politiet valde sjølv å melda saka som følgje av at hendinga var såpass alvorleg.

Eriksen seier til Khrono at opplevinga ikkje var noko kjekk i det heile, og at han aldri tidlegare har opplevd fysisk åtak på denne måten, som følgje av at han er homofil.

— Slengkommentarar og hatefulle ytringar opplever eg derimot heile tida, spesielt når eg er ute på byen på nattetid. Dersom eg leier eller kyssar ein annan gut, tek det sjeldan lang tid før det kjem ein hatefull kommentar og stygge blikk, seier Eriksen, som også erfarer at andre homofile opplever det same.

— Eg har knapt ein einaste skeiv ven igjen i Oslo som ikkje har opplevd å bli trakassert og audmjuka ute på byen. Etter at eg stod fram med saka mi i Dagbladet før helga, har eg også fått mange meldingar på sosiale medium som tyder på at dette faktisk er eit stort problem.

Vil engasjera seg meir

Eriksen er no i gang med andre året ved OsloMet, der han går på utviklingsstudier. I år var Trysil-guten fadder for dei nye studentane. Eriksen understrekar at i skule- og studiesamanheng, opplever han sjeldan eller eigentleg aldri å bli utsett for hets som følgje av legninga si.

— I studiemiljøet ved OsloMet er det noko heilt anna enn ute i det vanlege «bylivet». I dei studentkrinsane eg vankar i, opplever eg ingenting negativt, understrekar 22-åringen.

Han har tidlegare ikkje engasjert seg nemneverdig i homosaka, men vedgår at han kjem til å gjera det meir i etterkant av det som skjedde 13. august.

— Eg må vel eigentleg seia at eg har fått opp augo litt etter denne hendinga. Sjølv om me bur i Noreg og sjølv om me er komne til år 2020, så må me framleis kjempa for rettane våre. Trakassering av homofile er faktisk eit stort problem, også i Noreg. Me kan ikkje snu oss vekk, og me må ta tak i det og seia at det ikkje er greitt. Det er difor eg har vald å stå fram med mi historie, sluttar Eriksen.

Glorien som Eriksen har på hovudet sitt her, skulle visa seg å danna grunnlaget for at 22-åringen blei skalla ned på nattbussen.
Glorien som Eriksen har på hovudet sitt her, skulle visa seg å danna grunnlaget for at 22-åringen blei skalla ned på nattbussen.

Nesten 300 saker i fjor

Ein rapport om hatkriminalitet i Oslo politidistrikt, som blei publisert i mars i år, fortel at det totalt blei meld om 278 hatkriminalitet-forhold i løpet av 2019. Det er ein oppgang på 17 prosent frå 2018, men også ein auke på heile 94 prosent frå 2015, som var det første heile året Oslo politidistrikt hadde ei eiga hatkrimgruppe.

I løpet av dei fem åra Oslo har hatt ei særskild satsing på hatkriminalitet, har ein også sett ei dobling i tal meldingar, står det i rapporten.

20 prosent av forholda som blei koda som hatkriminalitet i fjor, var knytte til LHBT-saker, altså saker der lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar har blitt utsett for hatefulle ytringar eller handlingar.

— Truleg store mørketal

Politioverbetjent og fagleiar for Hatkrimgruppa i Oslo politidistrikt, Monica Lillebakken, stadfesta overfor Dagbladet før helga at saka med Eriksen er under etterforsking.

Til Khrono seier Lillebakken at når det gjeld saker som er knytt til homofil legning, så har det prosentvise talet saker vore relativt konstant dei siste fem åra. Ho fortel vidare at dei fleste sakene er knytt til utelivet i Oslo sentrum i helgene, og ikkje til andre spesifikke miljø, som til dømes studentmiljøet.

— Men det er grunn til å tru at det er store mørketal når det gjeld hatkriminalitet. Me er avhengige av at folk melder frå til politiet når de opplever hatkriminalitet, seier Lillebakken.

Fagleiaren understrekar at Hatkrimgruppa i Oslo også driv med førebyggande arbeid i samarbeid med ulike interesseorganisasjonar.

Fokus på mangfald

Rektor ved OsloMet, Curt Rice, er glad for å høyra at Edvin Eriksen aldri har opplevd negativitet og hatefulle ytringar knytt til legninga si i studiemiljøet ved OsloMet.

— Mangfald er ein av kjerneverdiane på OsloMet, og me har nulltoleranse for diskriminering og hatefulle ytringar, seier Rice til Khrono.

Han poengterer vidare at det er nettopp mangfaldet som dannar grunnlaget for toleranse for at folk er ulike.

— Når ein kvar dag treff på folk som kanskje er litt annleis enn ein sjølv, så blir det mindre vanskeleg og ikkje truande, seier Rice.

Ved HR-avdelinga til universitetet er det ein heiltidstilsett som jobbar med mangfald.

— Me driv med konkret førebyggande arbeid når det gjeld dette, og jobbar spesielt inn mot dei tilsette for å auka fokuset kring problemstillingar knytt til mangfald. Dette gjer me for å bygga eit godt miljø og OsloMet-samfunn, både for dei tilsette og studentane, sluttar Rice.

Powered by Labrador CMS