klima og reisepolicy

Måndag skal Gard Skulstad Johanson på møte i Tromsø. Reisa dit starta torsdag.

Han får 70 timar reisetid for å halda eit innlegg på ein konferanse. — Eg lova i valkampen at eg ikkje skal ta fly, seier styremedlem Gard Skulstad Johanson.

Det vert ein lang togtur for at Gard Skulstad Johanson skal oppfylla vallovnaden.

Gard Skulstad Johanson er på veg til Tromsø for å halda eit innlegg under ein konferanse. Dit reiser han ikkje med fly, som er det kjappaste alternativet. Medisinstudenten, som òg er styremedlem ved Universitetet i Bergen, reiser rett og slett med tog, og deretter den siste biten av reisa med buss.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Eg må ta litt buss, sidan Nord-Noreg-bana ikkje er bygd. Eg er skeptisk til den, men i dette tilfellet hadde det vore fint med tog til Tromsø, humrar han.

— Kor lang tid tek dette?

— Det er 35 timar kvar veg, så altså 70 timar totalt. All den tid eg har vore ganske krass i debatten om reisepolicy og klimatiltak, må eg gå føre med eit godt døme, seier Johanson.

Buss for tog

Khrono snakkar med han fredag føremiddag. Då har han kome seg til Oslo, og nyttar dagen til å jobba der. Fredag ettermiddag går toget frå hovudstaden til Trondheim, og deretter går han på nattoget til Fauske. Dit kjem han lørdag morgon, og set seg på bussen til Tromsø. Etter planen er han framme i 18-tida.

— Kunne du gjort dette om du ikkje var student?

— Nei, det kunne eg ikkje. Og eg meiner på ingen måte at dette er noko ein skal krevja av tilsette. Men eg vil visa at det er mogleg, seier Johanson, og legg til:

— Og så likar eg tog.

Han får òg treft venner og kjende, og seier han ser på den seks dagar lange turen som ei oppleving.

Meiner alle bør ta tog til Oslo

Men ei strekning der Johanson meiner at ein i langt større grad alltid burde ta tog, er mellom Bergen og Oslo. Han meiner at å gå på nattoget er ein mykje betre måte å reisa på enn å stå opp tidleg for å nå eit fly til eit føremiddagsmøte i hovudstaden.

Framleis snøfritt over fjellet frå Bergen til Oslo.

— Eg har framleis ikkje teke fly til Oslo i styreperioden, seier Johanson, som er styremedlem på tredje året.

— Eg sa i valkampen i vår at eg ikkje skal ta fly, så no vil eg visa at det er mogleg.

No har han lasta ned naudsynte dokument og jobbar med hovudoppgåva på medisinstudiet medan han er undervegs. Ein vert ikkje avbroten på toget, seier han, og framleis er nettilgangen såpass varierande at ein heller ikkje vert forstyrra av epost og anna.

Det siste kan sjølvsagt vera eit problem.

— Eg meiner universiteta og høgskulane må bruka marknadskrafta si for å få gjort noko med både betre Internett undervegs og òg fleire sovekupear. Men for at me skal kunne setja krav, må me bruka tilbodet, seier Johanson.

Powered by Labrador CMS