Søknadsfrist

Løyvingar på staden kvil:
— Dette må Forskingsrådet vere obs på

To instituttdirektørar og ein viserektor for forsking meiner det er på høg tid at Forskingsrådet tek grep.

Henrik Urdal er direktør ved Institutt for fredsforsking, PRIO. At Forskingsrådet ikkje har oppjustert støttegrensa på fire år, meiner Urdal skaper stort press på ressursane innad i kvart forskerprosjekt.
Publisert

12 millionar kroner er det meste du kan få i støtte for eit banebrytande forskingsprosjekt (Fripro) frå Forskingsrådet, om du er heldig å vere blant dei få som får tilslag på søknaden.

Denne summen har stått på staden kvil sidan 2019. Dette blir altså fjerde runde med den same støtteramma.

Det skjer samstundes som forskarane har vore nøydde til å oppjustere timesatsane og prisen for månadsverk kvar år.

Når forskarar i desse dagar sit med dei siste justeringane i sine budsjett til årets forskarprosjekt-søknader som har frist 2. februar, er det mange som opplever at dei 12 millionar kronene strekk mykje mindre til enn tidlegare.

— Dette må Forskingsrådet vere obs på. Det blir eit stort press på ressursane innad i kvart prosjekt, når denne summen ikkje blir oppjustert på mange år. For forventningane blir ikkje endra, derfor aukar presset på forskarane, seier direktør ved Institutt for fredsforsking, PRIO, Henrik Urdal.

— Skal mange prosjekt til for å fylle opp tida

Urdal får full støtte frå direktør-kollega ved Chr. Michelsens Institutt (CMI), Ottar Mæstad.

— Dette går utover kor mykje ein kan levere. Det blir ofte stilt krav om fleire partnarar, internasjonal deltaking og rekrutteringsstillingar. I praksis skal det difor mange prosjekt til for å fylle opp forskingstida til ein forskar, seier Mæstad.

Direktør ved Chr. Michelsens institutt (CMI), Ottar Mæstad, meiner dette går utover kor mykje ein kan levere.

Før førre oppjustering i 2019, var støttegrensa på 10 millionar kroner. Om ein skal inflasjonsjusterte burde summen i 2022, som så langt har vore sterkt råka av høge straumprisar, truleg ligge på kring 13 millionar kroner.

PRIO-direktør Urdal engasjerte seg i saka for å få til ei oppjustering førre gong. Han fortel også at oppjusteringa før 2019, skjedde i 2016, og at no dermed er eit år på «overtid».

Urdal seier dette er kjent materie for Forskingsrådet, då dei godkjenner timesatsane til fleire forskingsinstitutt kvart år.

— Dette er noko dei er lydhøyre for, men eg trur at dynamikken her er at Forskingsrådet er uroa for at tilslagsprosenten er så lav, så er det slik at dei er redde for å auke rammene, fordi då blir det enda færre som får tilslag, seier Urdal.

Meiner fragmentering kan gi dårlegare forsking

Urdal meiner likevel det ikkje er akseptabelt å ikkje ta omsyn til at kostnadane aukar jamt og trutt.

— Eg meiner dette gjer at prosjekta ikkje blir så gode som dei kunne ha vore. Det er uhyre sjeldan at forskarar berre har eitt eller to prosjekt dei jobbar på. Denne fragmenteringa er eg ikkje sikker på gir den beste forskinga, seier Urdal.

Urdal håper Forskingsrådet vil ha ei meir systematisk tilnærming til dette og at oppjusteringar vil skje med jamne mellomrom.

Viserektor for forsking og innovasjon ved Universitetet i Oslo, Per Morten Sandset, er samd med sine kollegaer i instituttsektoren.

— Det er heilt korrekt at manglande oppjustering av satsane har konsekvensar for prosjekta, seier Sandset.

Han erkjenner likevel at dette ikkje er så merkbart på universitetet, som det er hjå institutta.

— Men for dei enkelte prosjekta, så vil ramma vere redusert fordi det ikkje skjer noko justering i løyvinga. Eg forstår at institutta over heile linja er opptatt av dette. Og vi bør nok vere opptekne av det vi også, seier Sandset.

— Tilstrekkeleg for høg kvalitet

Avdelingsdirektør i Forskingsrådet, Petter Helgesen, forklarer at det før oppjusteringa i 2019, var ulike støttegrenser på Forskingsrådet sine ulike program og utlysingar.

— I 2019 fekk vi felles støttegrenser for alle søknader om Forskerprosjekt. Støttegrensene for Forskerprosjekt ser vi også i samanheng med andre arenaer hjå oss, som Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og Infrastrukturordninga, skriv Helgesen i ein e-post.

Avdelingsdirektøren seier også at prosjektstørrelsen er blant temaa dei diskuterer i samband med vidareutviklinga av alle verkemidla sine.

— Forskingsrådet snakkar jo mykje om at tildelingsprosenten er så lav. Om ein skulle oppjustere støttegrensa, så vil jo det innebere at enda færre vil få tilslag på sine prosjekt. Er det ein grunn til at de ikkje har oppjustert på så mange år?

— Støttegrensene vart sist justert i 2019. Størrelsen på prosjektstøtta skal vere tilstrekkeleg for å gjennomføre prosjekt av høg fagleg kvalitet. Samstundes ønsker vi å finansiere så mange prosjekt som mogleg, svarer Helgesen.

Powered by Labrador CMS