Vil ha fleire leiande kvinner i akademia
Saman med Havforskings-instituttet, Høgskolen i Bergen og Uni Rokkansenteret er Universitetet i Bergen med på eit prosjekt der målet er å få inn fleire kvinner i akademiske toppstillingar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ved UiB er det menn som dominerer dei framifrå forskingsmiljøa. Ved Havforskingsinstituttet er ingen av dei 19 forskingsgruppene leia av kvinner, og Høgskolen i Bergen har ei svært tradisjonell kjønnsdeling mellom fagfelta. Ingeniørutdanninga har ingen kvinnelege professorar.
No er desse tre institusjonane, saman med Uni Rokkansenteret, alle deltakarar i Balanse-programmet. Noregs forskingsråd etablerte «Kjønnsbalanse i faglige toppstillinger og forskningsledelse (BALANSE)» i 2013, skriv universitetsavisa På Høyden.
— Me håpar å læra noko om korleis det er å vera kvinne og gjera karriere i våre organisasjonar. Målet er å rekruttera flerie kvinner til vitskapelege toppstillingar og faglege leiarstillingar, seier Anne Marit Skarsbø (bilete under).
Ho er seniorrådgivar ved UiB si personal- og organisasjonsavdeling og leiar prosjektet.
— Kva tiltak fungerer?
Som På Høyden tidlegare har skrive, er talet på kvinnelege studentar så høgt på nokre fag at ein no diskuterer å gi gutar ekstrapoeng. I 2014 var det òg fleire kvinner enn menn som disputerte for doktorgrad i Noreg. Men så skjer det noko. I 2014 var berre 23 prosent av UiB-professorane kvinner.
— Kvifor forsvinn kvinnene frå akademia?
— Det er nok mange delforklaringar, og mange små humpar ein møter på vegen som i sum kan verta ei stor hindring. Nokre meiner at forklaringa ligg hos kvinnene sjølve, fordi dei har moglegheita, medan andre vil hevda at kvinner vert diskriminerte, seier Skarsbø.
I UiB sin handlingsplan for likestilling heiter det at «undersøkelser viser at kvinner gjennomgående mottar en mindre andel enn menn av ulike institusjonsvise tiltak, som stimuleringsmidler, forskningsfinansiering og samarbeids- og nettverksmuligheter».
— Svaret er nok at det er fleire grunnar til at mange kvinner ikkje når toppstillingar. No vil me sjå nærare på korleis dei som er i systemet har klart seg og på kva tiltak som kan fungera, seier Skarsbø.
Mentorprosjekt
Balanse-programmet er delt i fleire deler. Den første er ein rein forskingsdel. To forskarar frå Uni Rokkansenteret skal sjå nærare på kvinner sin karriereveg i universietets- og høgskulesystemet. Dei har mellom anna ein kvalitativ studie basert på personlege intervju og fokusgruppesamtalar.
Dei to neste delane av programmet handlar om leiing. Ein skal både ha ein leiaropplæringsmodul som skal gi opplæring i likestillingsfokusert leiing, og ein skal finna kvinnelege forskingsleiartalent.
Den fjerde delen av programmet er knytt til tiltak. Eit slikt tiltak er mentorprosjektet der 22 kvinnelege førsteamanuensar fråd ei tre institusjonane er plukka ut. Dei skal treffa 22 mentorar som i dag er professorar eller tilsvarande (Havforskingsinstituttet har sine eigne stillingskodar, journ.anm). Dette er eit prosjekt i karriererettleiing, og målet er først at kvinnene skal verta professorar, deretter koma inn i leiande posisjonar.
— Når me har satt saman para, har me kryssa både faggrenser og institusjon. Meininga er at mentorane skal koma med tips mellom anna til korleis ein kan prioritera og strukturera eige arbeid, seier Skarsbø.
Mentorane og dei dei skal rettleia skal treffa kvarandre for første gong torsdag 9. april.
Fekk likestillingspris
UiB har tidlegare fått den nasjonale likestillingsprisen. Universitetet fekk prisen for «Handlingsplan for bedre kjønnsbalanse 2007-2009». Her vert det mellom anna slått fast at stipendiatar skal ha reelle rettar med omsyn til tapt tid grunna sjukdom og omsorgsbyrde.
Både velferdspermisjon i samband med fødsel og ammepermisjon gir i likheit med svangerskapspermisjon grunnlag for forlenging av tid mot slutten av tilsetjingsperioden, og dersom ein stipendiat har mange kortvarige, gyldige fråver på mindre enn to veker, kan fakulteta vurdera einsidig reduksjon i pliktarbeidsdelen når dette vert sett på som naudsynt for at stipendiaten skal kunne fullføra forskarutdannina innanfor tilsetjingsperioden.
— For mange kjem stipendiatperioden og perioden der ein får barn, samstundes. Gjennom likestillingspolitiske tiltak har UiB lagt til rette for at både mannlege og kvinnelege stipendiatar skal kunne kombinera familie og karriere. Men framleis er det slik at det er kvinnene som i størst grad er heime med sjuke barn, og framleis er det nok slik nokre stader at far opplever det som vanskeleg å ta ut pappaperm. Dette gjeld særleg dersom ein er del av ei forskargruppe – og her er det naudsynt å sjå nærare både på praksis og haldningar, seier Skarsbø.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!