skikka

Lektor meinte student var uskikka som sjukepleiar, vart meld til politiet

Sjukepleiestudenten gav feil medisin og var vanskeleg å kommunisera med. Det var rett å stenga vedkomande ute, seier tingretten.

Midtre Hålogaland tingrett fann at verken Nord universitet eller Felles klagenemnd hadde gjort noko kritikkverdig då dei stengte ein sjukepleiestudent ute i tre år.

I ein fersk dom frå Midtre Hålogaland tingrett vart Staten frifunnen. Det var ein sjukepleiestudent som hadde gått til sak etter at hen vart funnen uskikka for yrket. Først var det to instansar ved Nord universitet som konkluderte med at studenten ikkje kunne vera sjukepleiar, og stengde hen ute i tre år. Tidleg i 2021 vart vedtaket stadfesta av Felles klagenemnd.

I dommen er studenten skildra som ikkje flink nok. Skikkaforskrifta seier at dersom eitt av åtte punkt er oppfylt, er ein student uskikka for yrket. I denne saka finn både Nord universitet og Felles klagenemnd at studenten oppfyller fire:

  • Manglande vilje eller evne til å samarbeida og til å etablere tillitsforhold og kommunisera med elevar, pasientar, klientar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • For lita grad av sjølvinnsikt i samband med oppgåver i studiet og komande yrkesrolle
  • Studenten viser ikkje aktsemd og er ikkje ansvarleg, noko som kan medføra risiko for skade av elevar, pasientar, klientar eller brukarar
  • Studenten viser manglande vilje eller evne til å endra åtferd som er uakseptabel når studenten vert rettleia

Gav feil medisin

Studenten byrja sjukepleieutdanninga i 2016. Første tvilsmeldinga vart levert i 2018, deretter vart det levert nye meldingar i 2019 og 2020. Studenten strauk først i ein praksisperiode, men fekk ha ny praksis og strauk då igjen.

Det som går att i dei tre tvilsmeldingane, er at studenten ikkje er fagleg flink nok. I dommen vert uttalen frå Felles klagenemnd trekt fram: Studenten har vore unøyaktig når medikament skulle målast opp, har gitt feil medisin til ein pasient og i eitt tilfelle ikkje følgt aseptiske rutinar.

«Nemnda bemerker at studenter er under opplæring og dermed ikke kan forventes å inneha samme kompetanse som ferdigutdannede yrkesutøvere. Klageren viser imidlertid liten vilje eller evne til å endre adferden sin i tråd med veiledning. Etter nemndas vurdering er det klart at utfordringer av en slik karakter vil utgjøre en mulig fare for pasienters helse, all den tid forsvarlig pasientbehandling forutsetter etterlevelse av rutiner og god kommunikasjon mellom behandlere», heiter det.

Meinte lektor laug

To av dei som leverte tvilsmeldingar vitna i retten. Den eine av dei, ein lektor med lang fartstid, sa at dette var andre gongen ho leverte ei slik melding i løpet av sine tjue år som praksislærar. Studenten meinte at det lektoren sa var løgn, og svara med å melda henne til politiet.

Det vart i retten peika på at studenten var vanskeleg å rettleia, og ikkje viste evne til å endra seg trass ekstra oppfølging.

Studenten viste til at hen hadde teke 110 studiepoeng, og meinte i retten at det var faktiske feil i det som hadde kome fram.

Retten frikjende Staten, og konkluderte med at utestenging i tre år var rett.

Ikkje sjølvsagt at praksis vert stoppa

Khrono har skrive om talet på uskikka studentar. Saka som no har vore i retten, er ei av to saker frå Nord universitet i 2020, der ein student vart funnen uskikka. Men som Khrono har skrive, er det mange studentar som sluttar før det vert ei formell skikkasak.

Noko som går att i fleire saker, er at tvilsmeldingar kjem inn i samband med praksis. Anne Grethe Naustdal, som no er prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, men som tidlegare har vore instituisjonsansvarleeg for skikkasaker ved dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane, sa nyleg til Khrono at ein i nokre tilfelle stoppar ein student frå å ha praksis dersom det er levert tvilsmelding. Men det er ikkje automatikk i at dette skjer, og det kjem an på kor alvorleg saka er.

— Me kan òg utsetja praksis, og seia til studenten at vedkomande må øva meir før ein kan gå ut i praksis, sa Naustdal.

I saka frå Nord universitet er det meldt tvilsmelding knytt til fleire praksisperiodar.

Karin Anette Indbryn er institusjonsansvarleg for skikkasaker ved Nord universitet. Ho understrekar at ho ikkje kan uttala seg om enkeltsaker.

I ein e-post skriv Indbryn at det alltid vert gjort ei individuell vurdering om studenten må takast ut av praksis og om praksisperiodar må utsetjast i saker der det har kome ei tvilsmelding. Dersom svaret på dette er ja, vert det fatta eit enkeltvedtak.

— Undervegs i oppfølging og rettleiing vil det vera aktuelt å vurdera om vedtak om utsett praksis kan verta oppheva, og om studenten kan få tilgang til praksis, skriv Indbryn.

Ho seier òg at dersom ein student ikkje får godkjent ein praksisperiode, opnar universitetet sitt eksamensreglement for at ein kan gjennomføra praksis i same emne ein gong til.

Powered by Labrador CMS