Ungdom i mellomfase

Lagar eige studium for koronagenerasjonen

Universitetet i Søraust-Noreg lagar eit eige deltidsstudium berre for ungdom fødd i 2000 og 2001.

Heilt vanleg ungdom fekk eit heilt uvanleg år, og kom seg kanskje ikkje vidare frå vidaregåande skule slik dei hadde tenkt. No vil Universitetet i Søraust-Noreg gi femti av dei eit spesialtilpassa tilbod.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me ønskjer å gi eit tilbod til vanleg ungdom i ei uvanleg tid, seier Ingvild Marheim Larsen.

Ho er viserektor for utdanning ved Universitetetet i Søraust-Noreg (USN). USN tilbyr no eit eige studietilbod for ungdom fødd i 2000 og 2001 – «koronagenerasjonen» – 25 plassar i Vestfold og 25 plassar i Vestfold.

— Dette er ungdom som avslutta vidaregåande skule i år eller i fjor. Mange av dei hadde nok tenkt å anten jobba eller jobba og reisa eit år. Det er ikkje så lett no. Andre kan ha søkt høgare utdanning utan å koma inn, fordi opptakskrava har vore høgare, seier Larsen.

Førebu på vidare studentliv

Difor tilbyr USN no eit deltidsstudium i berekraftig entreprenørskap, på ti studiepoeng. Oppstart er midt i oktober, og avslutninga er i slutten av mars.

— Noko av det me ønskjer, er å gi ungdommane eit betre grunnlag for å ta gode val. Studiet vert avslutta like før søknadsfristen for høgare utdanning neste år, fortel Larsen.

I tillegg til å læra om berekraftig entreprenørskap, skal dei som tek studiet læra om studieteknikk.

Deltid

Både fylkeskommunen og NAV er med på laget. Studentane skal få kunnskap om både studentliv og arbeidsliv.

— Dette er for heilt vanleg ungdom, som kanskje er i ein slags mellomfase no. Det er ikkje eit heiltidsstudium, så me meiner det passar for ungdom som til dømes har deltidsjobb eller er tilkallingsvikarar, seier Larsen.

Studiet er lagt om med både førelesingar på campus, samlingar og nettstudium. Larsen seier at planen er at ungdommane sjølve vil verta inviterte til å delta i å utvikla det vidare.

— Så får me sjå korleis røynslene vert før me bestemmer om dette vert eit varig tilbod.

Powered by Labrador CMS