Seniorar ut mot femårig obligatorisk lærarutdanning
Dei ventar at ideen om femårig obligatorisk lærarutdanning blir skrinlagt når regjeringa innser at det vil bli utdanna færre og ikkje fleirer lærarar, at små utdanningar blir lagt ned og skolen blir meir akademisert og teoretisert.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er ikkje smått med kompetanse og erfaring frå læraryrket og utdanningssektoren dei har, dei tre seniorane som har skrive kronikken «Lærarutdanning på avvegar» som er publisert i Stavanger Aftenblad i dag, onsdag. Per Østerud, som i dag er aktiv på Seniorsenteret ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har tidlegare vore m.a. rektor ved Sagene lærerhøgskole, Oslo og Sagene lærerhøgskole etter samanslåinga. Åsulv Føysnes har både vore direktør ved HiOA og jobba i det tidlegare Kunnskapsdepartementet i mange år, og Sigmund Sunnanå har vore Utdanningsdirektør i Rogaland og rektor ved Lærarhøgskolen i Stavanger, mellom anna.
Nedlegging og færre lærarar
I kronikken legg dei vekt på sju punkt som dei meiner vil gi uheldige konsekvensar ved ei obligatorisk femårig masterutdanning for lærarar. Ifølgje skribentane kan det gå utover dei minste lærarutdanningane og føre til nedlegging av fleire skolar.
— Mange av dei mindre utdanningane vil ikke ha studentgrunnlag nok til ei så lang utdanning og heller ikkje kompetanse til å veilede masterstudentar, seier Sigmund Sunnanå (biletet over), som frykter at det kan bli færre utdanna lærarar etter dette. Dei tre skribentane frykter òg for rekrutteringa til lærarutdanninga og etterlyser heller ei meir fleksibel utdanning der det kan vere kortare løp og også opptak gjennom praksis og intervju.
Det er jo gigantiske problem med å få nok utdanna lærarar allereie.
Sigmund Sunnanå
Gigantisk problem allereie
— Hovudpoenget vårt er at det ikkje er rett tid no å gjere lærarutdanninga obligatorisk femårig. Vi er ikkje imot masterutdanning for lærarar som sådan, og det må det leggast til rette for, seier Sigmund Sunnanå til Khrono. Han er ikkje samd i at dei tre målar fanden på veggen når det gjeld konsekvensar av den nye utdanninga.
— Det er jo gigantiske problem med å få nok utdanna lærarar allereie, og det vil vere bruk for fleire tusen nyutdanna lærarar framover, men med dette grepet er eg redd det motsette vil skje, seier han.
Sju kritiske punkt
I sju punkt lister dei opp ankepunkta mot obligatorisk femårig læararutdanning og meiner at det er for mange negative konsekvensar av dette. Dei er redde for ei sterkare teoretisering i grunnskolen og på lærarutdanninga. og dei meiner «…det er tvilsamt om eit masterstudium på fem år vil vera særleg attraktivt for mange av dagens ungdom. Lønns- og arbeidsvilkåra i skulen blir ikkje opplevd slik at det verkar tillokkande å satsa på ei lang utdanning».
Dei gjer også merksame på at det allereie i dag er stor lærarmangel. «Med ei obligatorisk femårig utdanning må ein rekna med at opptakskapasiteten blir betydeleg mindre», skriv dei, og dei kan heller ikkje sjå at lærarutdanningsinstitusjonane i næraste framtid verken kan ha kapasitet eller kompetanse til å ta seg av ca. 2000 masterstudentar årleg.
(Foto: Skjalg Bøhmer Vold, Khrono)
«Forslaget om ei obligatorisk femårig lærarutdanning for grunnskolelærarar er kome frå ei regjeringsplattform utan ei grundig vurdering av konsekvensane på førehand. Når desse blir nærare vurderte, er det grunn til å tru at forslaget blir skrinlagt. Vi kan tenkja oss ei lærarutdanning på tre nivå: Bachelor, fireårig og master. Alle må kvalifisera for tilsetjing i grunnskulen. Vi trur at det med basis i ei god bachelorutdanning vil vera mange som ønskjer å ta ei vidare påbygging til masternivå når forholda ligg til rette for dette», skriv Per Østerud (biletet over) , Åsulv Frøysnes (biletet under) og Sigmund Sunnanå.
LES OGSÅ KRONIKKEN: Lærarutdanning på avvegar
— Kor realistisk trur du det er at regjeringa snur i denne saken?
— Eg har vore byråkrat for lenge til at eg vågar å seie noko om denne regjeringa. Men røynslene synes at folka i Finansdepartementet òg skal seie sitt, seier Sigmund Sunnanå.
(Foto: Skjalg Bøhmer Vold, Khrono)
Verken Frøysnes eller Østerud, som begge er tilknytta Seniorsenteret ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har vore tilgjengelege for kommentarar.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!