Debatt ● Jeanne Boge, Professor i sjukepleie

Kvifor gjennom­fører norske styres­makter nasjonal eksamen i bachelor i sjukepleie?

I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar, er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident kunnskap, skriv professor i sjukepleie, Jeanne Boge.

Hendene til en sykepleier som håndterer en venflon-kanyle.
Det ville vore forståeleg at norske styresmakter ynskte å gjennomføre nasjonale eksamenar i naturvitskaplege fag, dersom forsking viste at kunnskap om naturvitskaplege fag er avgjerande for kor dyktige sjukepleiarstudentane er når dei er ferdig utdanna, skriv professor Jeanne Boge.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Den fyrste nasjonale eksamen i naturvitskaplege fag i norsk sjukepleie blei gjennomført i 2015. Denne forma for nasjonal eksamen har sidan blitt kontinuert, trass i høg strykprosent. Slik var det i 2023 også.

Det ville vore forståeleg at norske styresmakter ynskte å gjennomføre nasjonale eksamenar i naturvitskaplege fag, dersom forsking viste at kunnskap om naturvitskaplege fag er avgjerande for kor dyktige sjukepleiarstudentane er når dei er ferdig utdanna. Men så vidt eg veit, finst det ikkje studiar som viser slike samband. I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar, er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident kunnskap.

Dei fleste sjukepleiarstudentar ynskjer å ta utdanninga i store byar som Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Men det er berre dei med dei høgste karaktersnitta som får studieplass i ein av dei norske storbyane. Studentar med høge karakterar ved inntak har betre føresetnader for å gjere det bra på nasjonale prøvar i naturvitskaplege fag, enn studentar med lågare karaktersnitt. Dei med lågare karakterar studerer gjerne i mindre byar og tettstader, og gjer det gjennomgåande dårlegare på nasjonale prøvar. Men intensjonane med nasjonale prøvar var vel ikkje å vise sambandet mellom opptakskarakterar og karakterar på nasjonale prøvar i naturvitskaplege fag, men å sikre Noreg dyktige sjukepleiarar?

For å sikre Noreg praktisk dyktige sjukepleiarar, finn 50 % av sjukepleieutdanninga stad i praksis. Nasjonal prøve i naturvitskaplege fag har gjerne blitt gjennomført det fyrste semesteret i sjukepleieutdanninga. Så tidleg i utdanninga har sjukepleiarstudentar vanlegvis ikkje hatt rettleia praksis med tilhøyrande møter med sjuke og pleietrengjande. Den nasjonale prøven i naturvitskaplege fag er med andre ord frikopla frå den praktiske delen av sjukepleieutdanninga.

På bakgrunn av den store vektlegginga av praksis i sjukepleieutdanningar, skulle ein forvente at ein nasjonal eksamen i sjukepleie handla om korleis sjukepleiarar brukte naturvitskapleg-, humanistisk — og samfunnsvitskaplege støttefag i møte med sjuke og pleietrengjande. Ein slik nasjonal eksamen kunne hatt form som eit eller fleire case som studentane gjennomførte som ein avsluttande eksamen etter at dei var ferdige med både den teoretiske- og den praktiske undervisinga i ein treårig norsk bachelor i sjukepleie. På det viset ville ein få ein eksamen som tok utgangspunkt i hovudfaget som er sjukepleie.

Spørsmålet er om nasjonal eksamen er ein garanti for at Noreg får dyktige sjukepleiarar. Eg trur ikkje det. Norske sjukepleiarstudentar er ei heterogen sosial gruppe som har det til felles at dei har kjempa for å koma inn på ei bachelorutdanning som har hatt relativt høge karaktersnitt. Under vegs i studiet er det mange teoretiske arbeidskrav og eksamenar i hovudfaget sjukepleie og i dei naturvitskaplege-, humanistiske- og samfunnsvitskaplege støttefaga. I den praktiske delen av studiet er det tett oppfølging, omfattande evaluering av praktiske ferdigheiter og vurdering av skikketheit. Det er vel inga anna helsefagleg utdanning i Norge som er så detaljert regulert av staten. I tillegg til den detaljerte statlege reguleringa, er det ein nasjonal eksamen i naturvitskaplege fag. Men det finst vel ingen evidens for at karakterane på ein nasjonal eksamen i naturvitskaplege støttefag, eller karakteren i andre fag i sjukepleieutdanninga, vil ha noko å seie for korleis dei som har ein bachelor i sjukepleie agerer som sjukepleiarar i det norske helsevesenet. Kvifor vil norske styresmakter likevel gjennomføre nasjonal eksamen i bachelor sjukepleie?

Powered by Labrador CMS