Samspel for betre kvalitet
Kvalitet i høgre utdanning handlar om at studentane lærer det dei skal og bør, skriv Unio-leiar Ragnhild Lied i sin kronikk om kvalitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kvalitet handlar også om at dei tilsette er i kontinuerleg fagleg utvikling. Tilsette og studentar legg dermed grunnlaget for utvikling av individet og fellesskapet, og for at samfunnet kan levere gode tenester og gjennom det gi høg levestandard til innbyggarane.
Det er mange aktørar som har eit ansvar for å bidra til god kvalitet i høgre utdanning. Styresmaktene er sjølvsagt ein av dei, men også leiinga ved institusjonane, dei tilsette og ikkje minst studentane sjølve er viktige bidragsytarar. Også samfunnet og arbeidslivet rundt utdanningsinstitusjonane spelar viktige roller for den endelege kvaliteten på utdanninga. Skal utdaningsinstitusjonane lukkast med samfunnsoppdraget, trengst det eit betre samspel mellom næringslivet og arbeidslivet, og frå lokalmiljøa der dei er.
Styresmaktene gir sentrale bidrag til kvaliteten gjennom rammevilkåra til utdanningsinstitusjonane. Det handlar om både lovverk, om struktur og ikkje minst om finansiering. Mangfaldet i institusjonar, i studietilbod og tradisjonar som dei ulike lærestadane representer, er ein stor styrke ved høgre utdanning i Noreg. Tankegangen bak fusjonsprosessane som no er i full gang, er at bygginga av sterkare og meir robuste fagmiljø skal vere fremjande for kvaliteten.
Det står att å sjå om dette blir resultatet, ikkje minst i lys av at både trivsel og studentgjennomstrøyming i dag er minst like god ved små og mellomstore institusjonar som ved dei store. Uavhengig av storleik og plassering er det viktig at styresmaktene bidrar med ein institusjonsstruktur og finansieringsordning som sikrar at mangfaldet i studiar og fagmiljø får halde fram å eksistere når dei store, fusjonerte fleircampus-institusjonane vert etablerte.
Økonomien til universiteta og høgskulane er sjølvsagt ein sentral faktor for kvalitetsutviklinga. Ei god finansiering er eit nødvendig, om enn ikkje tilstrekkeleg, vilkår for kvaliteten. Men innrettinga på finansieringsordningane er vesentleg for utdanningskvaliteten. Det er all grunn til å spørje seg i kor høg grad konkurransen om eksterne forskingsmidlar går på kostnad av aktivitetar knytt til utdanningsoppdraget og oppfølging av studentane.
Kronikkserie
om kvalitet
I forbindelse med Kunnskaps-konferansen, samarbeider Khrono og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om en kronikkserie om kvalitet i høyere utdanning og forskning.
Først ut var rektor på HiOA, Curt Rice.
Følg debatten om kvalitet her.
Det er i dag ein kraftig ubalanse mellom storleiken på eksterne middel til forsking og eksterne middel til utvikling av undervisning. Forskjellane i dei eksterne tildelingssystema/konkurransearenaene kan illustrerast ved at det gjennom Norges forskingsråd blir utlyst forskingsmidlar for fleire milliardar kroner årleg, medan dei få statlege støtteordningane for utvikling av undervisning, som Senter for framifrå utdanning (SFU) og Norgesuniversitetet, forvaltar midlar for under 40 millionar i året.
Skal vi lukkast med å heve sjølve undervisningskvaliteten, må det vere politisk vilje til å satse store beløp med ei slik innretting at institusjonane og dei tilsette kan utvikle nye undervisningsmetodar og ta i bruk ny, læringsstøttande teknologi. Overgangen frå ei meir eliteprega høgre utdanning til det vi kan kalle masseutdanning, krev at institusjonane tar eit større ansvar for å bidra til studentane sitt læringsarbeid.
Eit slikt ansvar bør mellom anna innebere eit sterkare krav til den pedagogiske og fagdidaktiske kompetansen til dei vitskaplege tilsette. Vi må ikkje lenger berre snakke om at undervisningsoppdraget må få status på linje med forskinga. Det er på tide at det blir etablert meritterings- og utviklingsprogram for undervisningskompetanse, slik dei er i gang med ved til dømes NTNU og UiT. Det er viktig at rolla som undervisar ikkje er privatisert, men at den blir profesjonalisert og under kontinuerleg utvikling.
Universiteta og høgskulane har mange samfunnsoppdrag. Eitt sentralt oppdrag er å utdanne kompetent arbeidskraft til viktige velferdsoppgåver innanfor helsevesenet, utdanning, tryggleik og beredskap, for å nemne nokre. God og relevant praksisopplæring er ein føresetnad for at det blir utdanna kvalifisert personell med rett kompetanse. Undersøkingar viser at kvaliteten i praksisstudia ofte er for dårleg.
Til dømes har alle praksisstudentane krav på rettleiing av ein kompetent rettleiar, men det eksisterer inga felles forståing av kva dette inneber, eller kva for tidsressurs som skal settast av til rettleiing. Eit svært viktig bidrag til kvalitet og relevans i profesjonsutdanningane vil vere å styrke samspelet mellom utdanning og yrkesfelt. Og ein måte å gjere det på er auka satsing på kombinerte stillingar som kan bidra til å integrere teori og praksis.
Studentane sjølve spelar også ei sentral rolle i kvalitetsutviklinga. For mange studentar arbeider for lite med faga, og somme fagområde ber større preg av dette enn andre. Vi har undersøkingar som viser at dei tilsette opplever at studentane ikkje er nok engasjerte i faget. Samstundes viser tal frå Studiebarometeret at studentane opplever manglande oppfølging, og ikkje minst manglande tilbakemelding, frå dei faglege tilsette. Dei oppgir også ein viss misnøye med moglegheita til å påverke innhald og opplegg i studiane.
Begge disse «posisjonane» er uheldige for studiekvaliteten. Her må det satsast frå institusjonane si side i møtet med nye studentar frå første semester i første studieår. Dersom styresmaktene, institusjonane og dei tilsette legg til rette for kvalitet i undervisninga gjennom gode rammevilkår, betre undervisning, tettare oppfølging av studentane og tettare samarbeid med arbeidslivet, er dei også i posisjon til å stille strengare krav til studentane sitt engasjement og innsats som deltakarar i det akademiske fellesskapet.
Kronikkserie om kvalitet
I forbindelse med Kunnskapskonferansen 2. juni, samarbeider Khrono og Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om en kronikkserie om kvalitet i høyere utdanning og forskning. Først ut her er rektor på HiOA, Curt Rice.
Kommer onsdag 25.05: Kristin Vinje, stortingsrepresentant, Høyre
Tirsdag 24.05: Ragnhild Lied (bildet under), leder i Unio: Samspel for betre kvalitet
Mandag 23.05: Curt Rice, rektor HiOA: Nei, kjære minister, kvalitet er ikke som porno
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!