Universitetspolitikk

Kritisk til tenketank-leiar i UiO-styret. Fryktar Kristin Clemets «politiske slagside»

Tidlegare statsråd og no leiar av den politiske tenketanken Civita, Kristin Clemet, går inn i styret ved Universitet i Oslo. — Eg fryktar eit snevrare universitetsstyre, seier professor.

— Meiningslaust, er Kristin Clemets svar på kritikken frå UiO-professor Mariel Aguilar-Støen. Clemet seier ho har fått mange førespurnader og at det denne gongen passa å takke ja til plass i universitetsstyret.
Publisert Oppdatert

Det er Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo, som stiller spørsmål ved utnemninga av Kristin Clemet som eksternt medlem til institusjonens høgste organ, universitetsstyret.

Kristin Clemet er i dag leiar av den liberale tenketanken Civita og ein høgt profilert samfunnsdebattant. Clemet har også ei fortid som politikar og forskings- og utdanningsstatsråd for Høgre. Dei seinare åra er det særleg representantar frå næringslivet som er blitt utpeikte til universitetsstyret.

På rektor Svein Stølens Facebook-vegg har Støen stilt fleire spørsmål. Blant anna spør ho rektoren kva «folk som foretrekker dialog fremfor ideologi føler med å ha Clemet i styre». Ho ønskjer også å vite kvifor folk med «så tung ideologisk profil og så klar politisk slagside» skal sitje i institusjonens høgste organ.

Styret har, i tillegg til representantane som er valde av dei tilsette ved institusjonen, fire utanfrå som formelt blir utpeikte av Kunnskapsdepartementet.

— Er det greitt?

Til Khrono seier Støen at ho ønskjer å lufte spørsmåla, men at ho ikkje har eit klart svar.

— Meir generelt – kven skal sitje i universitetsstyra? Er det greitt at personar med ein så tydeleg og klar politisk profil går inn i universitetets styre? Er det smart? Eg veit ikkje. På kva måte påverkar ein slik person og kor bra eller ikkje er det for akademisk fridom og dei som jobbar på universitetet. For meg handlar ikkje dette nødvendigvis om Kristin Clemet, men om prinsippet. Ein kunne stilt same spørsmåla om det var Mímir Kristjánsson (profilert Raudt-politikar, red.merkn.) eller Trygve Svensson (leiar i den sentrum/venstre-baserte tenketanken Agenda, red.merkn.) som kom inn i styret, seier Støen til Khrono.

— Problemet er ikkje politiske overtydingar, men når rolla er å påverke politikken på ein bestemt måte gjennom ein tenketank.

Svein Stølen kommenterer på Facebook-tråden at han meiner Clemet er «svært dyktig og innsiktsfull», men går ikkje utover det inn på spørsmåla frå Støen. Han ønskjer ikkje å utdjupe til Khrono.

Kristin Clemet karakteriser utspelet til Støen som «meiningslaust».

Clemet: ikkje eit problem

— Eg er heilt ueinig med Støen. Vi ber alle med oss normer og politiske oppfatningar. Nokon gir ope uttrykk for det, andre ikkje. Eg er heilt sikker på at også dei andre i styret stemmer og har politiske oppfatningar. At dei skal miste legitimitet av den grunn, trur eg ikkje på. Korleis gjer det meg annleis at eg fortel kva eg stemmer og har meiningar som er kjende? Dette er meiningslaust, det blir ein meiningslaus anklage, seier Clemet til Khrono.

Clemet vil ikkje gå inn på kven som spurde henne om å ta styrevervet, men seier at førespurnaden har kome frå fleire hald.

— Kvart einaste år sidan eg slutta å vere minister har eg fått spørsmål om sitje i ulike styre. Det kan ein rekne med at også mange andre politikarar får, seier Clemet.

Kristin Clemet var utdannings- og forskingsminister for Høgre i Kjell Magne Bondeviks andre regjering frå 2001-2005.

— Men du sit no som leiar av ein tenketank, er ikkje det eit problem?

— Nei.

— Dersom det var Mímir Kristjánsson som skulle inn i styret, som Støen brukar som eksempel, hadde det også vore uproblematisk for deg?

— Ja, dersom han vart funnen kompetent.

For lite mangfaldig styre

Aguilar-Støen meiner den eksterne representasjonen i styret er for lite mangfaldig. Ho var sjølv kandidat til styrevalet og profilerte seg med parolar som demokrati, mangfald og internasjonalisering.

— Ved dei store universiteta kjem dei fleste frå næringslivet. Samfunnet er meir komplekst og samansett, med mange fleire interesser. Kultursektoren og frivillige organisasjonar er døme på aktørar som kan ha gode innspel til strategi- og styrearbeid, seier Støen.

— Er det ikkje uansett berre ein fordel at folk er tydeleg og opne om kva dei meiner politisk?

— Det kan vere ein fordel, men då bør rektor seie det, at det er ein fordel. Problemet er ikkje politiske overtydingar, men når rolla er å påverke politikken på ein bestemt måte gjennom ein tenketank. Då er spørsmålet om ein greier å la vere å ta den rolla med inn i styret. Eg fryktar at det blir eit snevrare universitetsstyre, seier Støen.

* Retting 23.9.21: I artikkelen stod det opphavleg at universitetsstyret har to eksterne representantar. Det rette er fire.

Powered by Labrador CMS